Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Dyringshøi 1814 moh

Date:
21.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:30h
Distance:
15.8km

Passeleg topp å ta turen innom på veg heim :) Faktisk ein utruleg fin topp, med ein langdryg stein rygg. Flott utsikt til stortoppane i Breheimen og ikkje minst det flotte blågrønne Raudalsvatnet. Får å nå toppen tar ein av ved Storbråta eit stykke før ein kjem inn til Sota Sæter. Fin Skogsbilveg å køyre opp Bråtååsen og til parkeringsmuligheiter oppe ved Raudalsvatnet.

Map    

Rivenoskulen og dag to i Breheimen

Date:
20.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:11h
Distance:
24.8km

Når ein først er i eit så flott område og veret spelar på lag, så må ein utforske området noko meir:) Så då vart Rivenoskulen eit godt alternativ, køyrde vidare bomveg inn til Mysubytta frå Sota Sæter kr 40,- Eit utruleg idyllisk område med spesielt stor furuskog og mange på sykkel og søndagstur innover dalen i godveret. Inne ved Mysubytta og Støylsområdet følgde vi over brua og i merka sti eit stykke. Så tok vi av stien rett mot dalføret Sumarkvila, etter først å ha vassa over elva her. Fant ikkje side sti eller bru over elv mot dalen frå dette området. Men greit terreng å gå i, litt dyretrakk enkelte stader. I dalføret og oppe i Sumarkvila, var det berre å nyte skiva med kvitost og dalen som kler sitt navn ein sånn dag :) Følgde elva eit lite stykke opp, så >>>

Map    

Rundtur Tverrådalskyrkja og Tundradadalskyrkja i Breheimen

Date:
19.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:24h
Distance:
32.2km

Start frå idylliske Sota Sæter og eit kjempetriveleg vertskap frå Jorunn Svingen og mannen :) Nydeleg sommarver og 25 varmegrader allereie kl 10.00 Fint då å komme seg opp på høge toppar for litt nedkjøling...Litt seint i gang frå Sota Sæter kl 11.30 men så utruleg fint å nyte laang frukost med mange koppar kokemalt kaffe ved teltet :) Fulgte ein godt T-merka sti opp Steindalen og følgde fint brekanten oppe med Fortundalsbreen (ikkje behov for stegjern no) og vidare opp ein lettgått rygg til Tverrådalskyrkja 2088 moh Mange på tur til denne toppen idag også barnefamiliar. Fortsatte vidare ryggen til ende og plukka med Søre Tverrådalskyrkja 2034 moh og Steinkollen 2020 moh. For å komme rundt mot Tundradalskyrkja følgde vi brekanten og rygg ned mot Botnen og kryssa elveutløpet >>>

Map     3 comments

Tindefjellet

Date:
17.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.0km
Map    

Eikåsnipa

Date:
16.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.3km
Map    

Eikåsnipa rundt

Date:
15.07.2014
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:11h
Distance:
7.6km
Map    

Hesten - Skruven + Tverrfjellet

Date:
14.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:19h
Distance:
18.2km

Map    

Store Smørskredtinden den Venaste Toppen!

Date:
13.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:00h
Distance:
11.4km

Å vakne opp morgen etter morgen med blå himmel og ein utruleg fin temperatur, nesten so det er for varmt å gå i dei bratte oppstigningane i dette området... men belønninga over tregrensa er stor og vel verdt litt høg puls! Det har nesten vore tropenetter mange ganger og stabilt ver i lange tider. Litt uvant kost, men blir teke imot med stor takk :) Eg får ein aldri så liten flash back tilbake til fjell livet på Aconcagua og det stabile klimaet der. Samme følelse med tørt fjell, stein og sand grunn, den hærlege varme jordlufta å snuse inn :) Ekstra bonus her, dei grøderike fjellsidene, kvite toppar, breer, dramatiske taggete trolltindar og dei flotte fjordane som kontrastar. Arnt har heilt rett, når han fortel om desse områda :) Det må være det flottaste fjellområdet Norge >>>

Map     6 comments

Jakta og Risenosa

Date:
12.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:00h
Distance:
15.2km

Start frå Hotell Union, to toppar var dagens turmål. Følgde sti ved elveryggen og oppover mot Konedalen, god sti og vardemerkingar. Kryssing av elva lengre oppe, kan vere litt vanskeleg om stor vassføring, greit å være obs på. Også dette er to nydelege toppar som ein bør ha med som fjellopplevelsar :) Mange både yngre og andre... var på toppen av Jakta idag :) ikkje så rart i eit så flott ver :) Det var spesiellt varmt og fint ver denne dagen også, men nesten litt trykkjande....Noko som på slutten av turen, viste seg å bli eit skikkeleg sommar torden ver med påfølgjande haggelbyge av det kraftige slaget!! På veg ned frå Risnosa høyrdest skralla, og det gav verkeleg gjenklang i fjella!!!! Nede ved utgangspunktet fekk ein vite att lynet virkeleg hadde slege ned, såpass at >>>

Map    

Ettermiddagstur på Hornindalsrokken

Date:
11.07.2014
Characteristic:
Hike
Duration:
3:30h
Distance:
13.5km

Reiste rett frå jobb i eit strålande og i tidenes sommarver :) Arbeidsdagen kunne ikkje bli fort nok ferdig idag!! Hadde bestemt meg for å rekke mykje denne ettermiddagen og helga var tenkt til nokre av dei finaste kremtoppar rundt Øye i Norangsdalen. Hornindalsrokken hadde eg tenkt som ein fin ettermiddag/kveldstur undervegs til Øye. Bestemte meg for å køyre om Norfjordeid også ta turen oppom Lotsberg Gjengen:) Ei stund sia tur og kaffiprat, men der fekk eg som svar at dei atter var på farta på Møre ein plass!!... :):) Turen fortsatte ved Hornindalsvatnet. Køyrde vidare rv 60 mellom Grodås og Hellesylt. Tok av like ved Muldsvor og mot Honndalssetra. Godt skilta tur til Hornindalsrokken frå rv 60 med bomveg 1,5 km 30 kr Fin innegjerda parkering på høgre side 100 m før setra. >>>

Map