Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Då var påska igang med sjølvaste Eikåsnipa...

Date:
04.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

Dei to siste dagane har vore magisk på ski til toppen! I løpet av natta og morgonen hadde det lagt ned ca 10 cm nytt pudderlag! Noko som nesten hadde viska ut alle spora ifrå gårsdagen. Fjellet hadde nye blanke og kvite ark! Miriam ville på brett og hadde to kamerater som ville være med. Første gang på Eikåsnipa var det for dei gutta boy`s. Kjekt at dei fekk oppleve fjellet under desse nydelige forholda! https://www.youtube.com/watch?v=TiCxqhu9cio

Map    

Sjølvaste Eikåsnipa...

Date:
03.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

Mange på toppen idag! :)

Map    

1001 eventyret - Ålfoten- Nord for Tvillingtjønna

Date:
30.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
7:09h
Distance:
24.1km

1001 fjellet var naturopplevelse eg hadde drømt om. For eit fantastisk fjell og eit legdeområde! Berre det å sjå på kartet for området forteller meg om eit eventyr av det sjeldne! :) Gode meldinger for store deler av dagen, etter mykje ver og vind! Då må ein berre hive seg rundt å nytte veret og ikkje minst forholda! Det var ymse føre lengre nede i lia som gjorde til at ein var noko usikker på kor vidt det ville svare seg å fortsette! Men når ein er strøten nok! Så lønner det seg :)

Map    

Ingen ord som beskriver lykkefølelsen & freden.....

Date:
21.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

I eit øyeblikk som dette :) Ein fin morgentur før langvakt. Skareføre med eit lite dryss av snø til oppom støylen. Vidare opp til toppen var det glitrande krystaller i sola og hærleg puddersnø!

Map    

Fabelaktig løpstur! Rein nytelse & åleinetid!

Date:
20.03.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.1km

Dette er rein nytelse! Det kjennast så uendelig godt å snøre skoa og pakke ein lett sekk med ei lett dunjakke og vottar mot toppen. Fordi kontrastane er no av dei vakraste med eit yrande fuglekvitter nederst i liane. Bekken sildrar og klukkar opp til vinterland! Sola varmar på nasetippen og livet er berre hærleg :) https://www.youtube.com/watch?v=sWvdFIU6hZg

Map    

Hatlesetnipa

Date:
19.03.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
5.1km

Ettermiddagstur etter jobb.

Map    

Solheimfjell

Date:
19.03.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
2.7km
Map    

Frisk rufsetur til Hatlesetnipa!

Date:
18.03.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.1km

Traff det fint på toppen idag med skaplige vestabyger! Kraftig vind og haglebyger som kunne kjennast. Hærleg å kjenne naturkreftene rufse og fint å sjå gråtonane skifte så raskt i naturen.

Map    

Ettermiddagstur til Eikåsnipa

Date:
16.03.2020
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
5.2km

Rakk ein tur til før det vart for mørkt ilag med Inge. Meldt mykje nytt ruskever framover veka!

Map    

Føremiddagstur til Eikåsnipa

Date:
16.03.2020
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
5.2km

Map