Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Eikåsnipa

Date:
03.02.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Fin kveldstur i opplett ver! Bles bra på toppen og brått ganske så mildt. Tilbake i tunet var temperaturen kl 20.30 ca 6 grader pluss. Espen var oppe på støylen for å måke av taket. Fleire på tur til Eikåsnipa denne kvelden.

Map    

ski ut & ski inn!

Date:
01.02.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Fantastiske forhold no!

Morgentur til Olahans-fjellet i godt selskap!

Date:
28.01.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Ein grytidleg morgenstart med hodelykt ilag med Brit Siv. Fint å trakke seg oppover med eit gryande morgenlys. Hærleg stille og fin tur ilag. Nesten nede på parkeringa var det fleire og kjente som ville oppover før det melte mildver og uveret var på veg.

Map    

Torstadnakken i skodde! Nordlys til dessert!

Date:
08.01.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
5:16h
Distance:
18.5km

Yr hadde lova blå himmel og sol i distriktet! Lengta etter skiturer uten å stripe skia alt for mykje. Heime i Jølstrafjella har det vore for lite snø. Hadde meg ein test tur opp mot Blåfjellet 1086 i Husdalen/Jølster og fekk bekrefta at det var for lite snø. Eit par+ nye striper i skia, var eit faktum! Det var som tenkt betre skiforhold i Sogndalsdalen. Turfølelsen til dagen var eit hakk større! Mykje folk på alle toppturparkeringer med sikkert samme forventing til yr som vi. Mange var også på tur mot Grøssete og litt lengre opp til fortoppen 1328 moh av Torstadnakken. Der låg skodda etterkvart litt meir tett, og folk valgte å snu der. Vi var dei einaste til toppen av Torstadnakken denne dagen! Ingen spor å sjå vidare og knapt våre eigne tilbake! Det var ein labbetur med tungt >>>

Map    

Mot Blåfjellet 1086 -Jølster -Forlite snø!

Date:
06.01.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
4.9km

Snudde 200 hm over Husstøylen. For lite snø til "topp tur" om ein skal velge å kalle det for det. Alle legger ut på sosiale medier kor bra det er på topptur i desse dager! Det er rett og slett for lite snø til det beste for sålen på "nye" skia mine. Vel og merke i denne delen/regionen! Det varierer nok eindel og kanskje er det litt betre snøforhold i Sogndalsdalen og i andre dalfører i fylket. Men, vil tru det er knapt dei fleste stader her. Eg fekk iallefall eindel nye turmerker til minne av lokalitetane i området!

Eksotisk fjellnatur i Jostedalsbreen S&F - Nonsnibba ++

Date:
04.06.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
14:54h
Distance:
51.6km

Denne turen her er eit av resultata av å samle fjell og naturopplevelser i Sogn & Fjordane som blir nok eit av dei finaste eventyr eg hittil har gjort. Sjølv om all verdens fjell & natur er heftig fint, så betyr "framgården" min her heime (Som eg tenker kan være det rette ordet) aller mest! Det tiltross for andre fjell, med nyopplevde nord noreg ifjor + alle fjella i M&R som også betyr mykje, sidan eg i utgangspunktet er ein cocktail av sunnmøring og romsdøling med ein hærleg fin oppvekst i det vestligaste øysamfunnet Solund. Eg får virkelig håpe at hofter, helse og kne varer til eg er 100 år :) Sogn & Fjordane som er mitt heimfylke vil alltid være stort i eit naturhjerte. Å samle fjell isolert sett, så tenker eg fortsatt aller først på gamle S&F. >>>

Map    

Kyrvassnosi, Botnanosi & Åsetnosi + - Jotunheimen/Årdal

Date:
23.05.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:20h
Distance:
16.9km
Map    

Dei stille næraste nabofjella til Hurrungane-massivet S&F

Date:
01.05.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:27h
Distance:
48.7km

https://www.youtube.com/watch?v=ci3OyvBvWnQ Fine fjellskiforhald i høgfjellet her vest og på dei vakraste tinder! Sidan eg snart har tråla gjennom Hurrungane-massivets vakre tinder med nokre fine godbiter igjen på vent til rette øyeblikk! Er det berre lekkert å legge ut på tur, ein sånn dag med eit panorama skue mot gromtoppane i strålande 1 mai ver! Eg har så vanvittig mange gode minner ifrå dette fjellmassivet! Ifrå min aller første 2k topp Store Austanbotntinden, motbakkeløpa på Fannaråken, alle klatreturane ilag med gode fjellkompiser til alle årstider, ikkje minst alle åleineturane og løpsturar på tindane i forkant til motbakkeløpa. Derfor er det også så utruleg fint å gå denne langturen på fjellski i "skyggen" av desse vakre stortoppane våre! Tindevegen og Sognefjellsvegen opna denne helga! https://no.wikipedia.org/wiki/Tindevegen  >>>

Map     2 comments

Minnerik fin dag i norges indrefilet av fjell!

Date:
24.04.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
11.4km

Etter fin feiring ut mot dei tidlege morgontimer mot ein ny milepæl! Var eg delvis klar for dagens turliv!! 3,5 timer søvn gjere noko med diverse aldrande teikn! Jostedalsbreen og Kvannebakkbu var planen for helga! Det var komt eindel snø i området med kanskje noko skredproblematikk , så eg ringde då til min gode venn Svein som eg visste var inne på hytta si på Turtagrø. Kva forhold var det i dei kjære fjelltindane der!! Brukbart fint var svaret & velkommen! :) Ikkje så mykje meir å lure på då. Svein er den eg har hatt dei mest ekstreme turane mine ilag med. https://peakbook.org/tour/77204/Fjell+Lykke%21%21.html Nydelige klatreturar her heime i Sogn & Fjordane og mange i Hurrungane - massivet. https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html Også høgre fjell, med ikkje minst Aconcagua 6960 moh i Sør Amerika. (Vi måtte snu 300 hm under toppen pga uvær!) Så mange gode >>>

Map    

Lat godversrunde i godt turfellesskap! - Årdal/Lærdal

Date:
19.04.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:53h
Distance:
23.9km

Johan var i området på sine milsturer! Passa fint då å få til ein fin liten fjellrunde etter gammalt i strålande ver!

Map