Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Eikåsnipa

Datum:
18.05.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km
Karte    

17 Mai feiring på Sandfjellet i Naustdal

Datum:
17.05.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
10,3km

Brit Siv innviterte med på tur til sitt fjell, Sandfjellet i frå Naustdal sida. Gjekk berre nokre få 100 m og vi kunne spenne på skia, mykje snø ligg endå att på 400 moh innerst inne i Naustdalen. 17 Mai må jo feirast med stil til og med på ein fjelltopp :) Fin tur ilag med Brit Siv Fimland, Ole Fimland, Marion Lexau Nødset

Stølsmaradalstinden ++ Eit rålekkert "taterliv"

Datum:
14.05.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
11:00h
Entfernung:
18,5km

Etter ein kjempeflott fellestur til Store Ringstind i April er det berre sånn at eg får ikkje ro i sjela, før det som er "tenkt" er på plass!! Såg at Geir Arne mangla ein av toppane, måtte berre legge inn ein søknad på tur så snart godvær og forhold låg til rette. Litt forsinkelsar ved start og ankomst var eit steinras. Ei lykke hadde eg med eit 1/2 min. margin av store steinblokker som stengde heile vegen nede ved Fortun. Ekstra flaks var at mannen i bilen rett framom, var veg og bom ansvarleg for Sognefjellsvegen. I løpet av ein 1/2 time fekk han rydda vegen fri! Eg er berre så glad for at ingen kom under dei svære blokkene. Etter tidenes frukost i det fri og start kl 10.00 var me sikkert 60 stk inkludert hunder i alle varianter på tur opp Ringsbotnen. Det var svært >>>

Kveldstur på Kvamsfjellet

Datum:
06.05.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
5,4km

Kunne starte frå Bjørkelia skisenter med ski, fin vårslusj snø og eit hærleg nedrenn. Ein passeleg roleg tur med ei skikkeleg snylta forkjøling. Tenker at frisk luft og nydeleg natur må være bra for det meste... Turfølge Brit Siv

Karte    

Nydeleg kveldstur på Kvamsfjellet i Jølster!

Datum:
21.04.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
5,4km

Ein fin kveldstur med start frå Bjørkelia skisenter, mildt og fint. Hærleg å kjenne varmen av sola og vite at ny vår er i emning! Turfølge Brit Siv og Ingvald

Karte    

Aconcagua samling og Tur til Store Ringstinden

Datum:
18.04.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
8:00h
Entfernung:
22,7km

Etter stor turen vår til Aconcagua i februar 2012 har vi lenge snakka om å få til ei samling og fjellhelg. Som alltid passa det ikkje for alle, men vi vart nokre stykker som fekk ei strålande helg på Turtagrø. Svein som var med på turen ifrå Jølster, har bygt seg hytte i området så vi hadde det perfekte utgangspunktet frå Storehaug, ca 1 km frå Turtagrø og like ved Tindefjellsvegen. Etter ein solid og triveleg frukost lørdags morgen, var vi klar for Store Ringstinden. Perfekt ver og føre var det og sikkert 50 stk på toppen denne dagen :)

Karte    

Molden stopp på veg til Turtagrø og Aconcagua helg!

Datum:
17.04.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
8,0km

Nydeleg ver meldt i lange tider framover! Som bestilt til det planlagte fjell helg treffet vårt :) Etter jobb var det berre å komme seg avgårde... Ganske fint faktisk å sitte i bilen ei lita stund til tross for god veret! Fint er det å skue toppane og naturen som eksploderar i flotte sterke fargar no i vårvarmen.

Karte    

Einsteinhovde - Lauvhøe - Såleggje

Datum:
11.04.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
7:30h
Entfernung:
35,8km

Fin rundtur på fjellski, litt lite snø og skia måtte av enkelte stader. Vind på toppane, delvis skya og nokre solglytt :) Det såg ut til å bli skikkeleg uvær frå Vest men heldige som vi var, vart det liggjande i ro der!! Denne dagen var det også NM i Galdhøpiggrennet http://www.gd.no/Raskest_i_Galdh_pigg__rennet-5-18-65607.html

Nonshøa/Storli- Påskeskitur i godt selskap

Datum:
04.04.2015
Tourcharakter:
Skitour
Tourlänge:
6:00h
Entfernung:
18,5km

Takk for ein superfin fjelldag! Otto, Inger Lise, Johan og Heidi

Karte    

Syndre Knutshøa

Datum:
03.04.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
3:30h
Entfernung:
13,8km
Karte