Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Nydelege dagar og kongeføre på Eikåsnipa

Date:
15.12.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

Map    

Kveldstur Eikåsnipa

Date:
14.12.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

Map    

Skåfjellet og tidenes vintertur i Jølsterfjell

Date:
13.12.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:54h
Distance:
11.4km

Då kom endeleg det vi hadde venta på...Brit Siv visste at dette var ein topp som eg hadde tenkt på ei stund og at den er perfekt som skitur med eit vanvittig flott nedrenn! Hadde bestemt oss for å nyte heile dagen og vi starta frå Lyngstad 09.30 der vi fekk med oss morgenstemninga med sola som kom som gull på toppane! Ein hærleg dag i fjellet med mykje tid til fotografering, det var rett og slett "digg" nedkøyring i puddersnø til kne`s med ganske så solide forhold! Turfølge Brit Siv og Ingvald

Map    

Eikåsnipa

Date:
12.12.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
5.2km
Map    

Olahansfjellet

Date:
08.12.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.7km

Eit lite lysglimt mellom lavtrykka og då er ingen av oss i tvil på kva som er prioritet, stjerneklart og nokre glimt av nordlys kunne vi nyte. Vi møtte to karar på veg opp og fleire hadde nok tenkt samme tanke som vi, sidan det sto fullt med bilar på parkeringa då vi kom ned. Dette vart min første skitur på denne sida av året. Fin tur ilag med Brit Siv, Ina og Majo

Map    

Sanddalsfjellet og framleis topp skiforhold

Date:
09.07.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.8km

Ferdig på jobb og fine lyse sommar kveldar. Endå superfint med toppturar på ski i Jølsterfjella, utan å måtte bære skia for langt. Fin kveldstur ilag med Brit Siv

Map    

Jonsokafta på Grovabreen

Date:
23.06.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:00h
Distance:
11.2km

Sidan mine ungdommer hadde andre planer for Jonsok kvelden.... og ei stund sidan eg hadde vore på breen! Fant vi ut at det måtte bli ein Hærleg turopplevelse å kunne nyte sjølvaste Jonsokafta på breen. Pakka sekken etter jobb og sette kursen mot Dvergsdalen så raskt vi hadde muligheit. Med sekkane fulle av ved og diverse andre ting som var eit "must" for å feire Jonsok med stil... la vi avgårde med freidig mot!! Sidan det bles ganske bra nede ved Jølstra vatnet, var vi litt spente om det var håp om å få fyr på Jonsokbålet vårt. Tett skodde mellom 700 - 900 moh men etterkvart lysna det opp og det vart berre ei utruleg Trollsk stemning og eit magisk lys med total stille på breen. Sånne stunder vil ein aldri gløyme... Kl 23.00 fekk vi med ein nydeleg solnedgang før >>>

Map     2 comments

Breitinden - Rauma

Date:
20.06.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:30h
Distance:
13.2km

Ein nydeleg dag med perfekt skiføre og temperatur...Utruleg heldig med veret der skodda dreiv trollsk over dei mektige Romsdalstindane.

Map     5 comments

Teltovernatting ved Majestetiske Blægja/Heilevangmassivet

Date:
05.06.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
12.7km

Ei stund sidan sist teltovernatting...og det kriblar av eventyrlyst! Alltid kjekt å ta med teltet om ikkje så langt. Ca ein 1/2 time frå Førde mot Askvoll og så er vi der i mektig natur! Ingen ting er betre enn dei gode nær turane! Denne ruta hadde eg ikkje gått, så eg var litt gira på det. Gått frå Laukeland ein gang og frå Solheimsdalen via Lille og Storehesten på ski tur men uten topp bestigning på den turen, pga sterk vind og glasert topp. Etter jobb og litt for rask pakking, var vi på veg utover mot fjelleventyret og for min sin del uten sovepose....Med litt hell og lykke hadde Brit Siv sånn delvis avklart å få med Tom på tur. Sidan Yr av og til melder ver som kan avvike litt.... var han litt usikker på heile tur eventyret... Men heldigvis funkar "Gentle mann" >>>

Map    

Olahansfjellet i Dvergsdalen

Date:
28.05.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:30h
Distance:
8.7km

Fin og roleg kveldstur til Olahansfjellet med eit snev av Bjørkepollen feeling....Kunne spenne på skia etter 100 m på skogsveg. Ein ekstra fin topp å ta på våren, då ein stort sett slepp å bære skia så langt fordi ein startar høgt.

Map