Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Berdalseken; Ein bauta! Den som inte våger! Med gode minner!

Datum:
14.03.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
5:09h
Entfernung:
20,1km

Litt ymse meldinger! Yr snudde meldingane på nokre timar og det såg sånn passe ut med blindeføre og lavt skydekke delvis og stykkesvis. Skal ein gå på toppar kun når det er blå himmel! Må ein ha fritid tilgjengelig...Noko som eg har litt begrensninger på. Men, så er eg heller ikkje sær på vekslande ver! Fordi eg kjenner dei gode forventningar & lykkefølelse når eg veit at dei fantastiske kontrastane av det naturen gir, ligg der og venter på å bli utforska. Ingen ting er gitt og det er det største! Har eg bestemt meg for å gå, ligg motivasjonen min inne for å løyse turen etter vær og forhold. Ein må berre ta forhandsreglar for å være forberedt etter forholda. Må eg snu! Så kjenner eg nok litt i hjertet og heller ein viss irritasjon på at eg ikkje har gjort grundig >>>

Skjeltrene - Vang

Datum:
13.03.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
2:45h
Entfernung:
11,3km

Fin ettermiddagstur! Fint med lengre og lysare dager no :)

Karte    

Tre fine topper på fjellski i Gaular! Nytt vindmølleland!?

Datum:
07.03.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
5:43h
Entfernung:
23,1km

Dette området ligg også i kikkerten for investorer for endå fleire vindmøller! Fleire interesser av ulike selskap/utbyggere. Eg kjenner eit slags vemod i kropp og sinn når ein beveger seg inn i naturen der ein veit at interessa for enda meir utbygging og økonomi er i fokuset for å splitte opp fleire naturområder. Det er ikkje så lenge sidan eg berre måtte ha meg ein ny tur på Stadlandet. Det for å nyte den ville naturen der, i ein nesten panisk "må tur" før vindmøllene kjem. Føler at det haster å besøke dei ulike naturområda før dei vert valsa over med graving og bygging! Usikker på korleis det kjem til å gå med desse områda! Avisinnlegga for dette området er for ca 1 år sidan. Kanskje det er stille før stormen! Det såg ut til å likne målingsinstrument >>>

Karte    

Tre fine topper! - Vikafjellet/ Sogn & Fjordane

Datum:
14.02.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
5:08h
Entfernung:
15,9km

Dag to på med kald og fin overnatting i fjellet! Min Gps streika med batterikapasitet, så denne loggen mangler litt terrengopplysninger! Heldigvis kan eg låne av turfølget mitt og legge ved i eit neste høve diverse kart & tur/toppmål! Ei fin fjellski runde i eit nytt spennande terreng!

Karte    

Vikafjellet - Nobb & Sopandefjellet

Datum:
13.02.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
2:58h
Entfernung:
11,3km

Sette nasa mot Vikafjellet i godveret neste tidleg morgen! Etter avbrutt tur til Kvannebakkbu og tenkt helg på breen. Det vart ein sein kveld i forkant pga. isete føreforhold opp mot og ned ifrå Strupen til Jostedalsbreen ifrå Befringsdalen/Jølster. Dette skulle vise seg å være riktig valg å snu! Turen til fjella på Vikafjellet vart ein kald fin tur med ca -20 og sol ifrå klar himmel og fint fjellskiføre på litt ulikt vis! :) Rakk ein fin tur til Nobb 1158 moh & Sopandefjellet 1154 moh Desse to passer fint som ein fin rundtur. Etterpå vart det ein liten kveldstur i solnedgangen på Ygnesdalsfjellet.

Karte    

Vinterkveldslys på Ygnisdalsfjellet - Vikafjellet

Datum:
13.02.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
1:28h
Entfernung:
5,5km

Fin avsluttande kveldstur i vinterlyset etter tur på Nobb 1158 og Sopandefjellet 1154 moh.

Karte    

Mot Jostedalsbreen med ein langt inne retur!!

Datum:
12.02.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
11,4km

Nydelige kalde dager og sol ifrå blå himmel! Dager etter dager som går inn i vekesvis! Det kribler etter å komme seg opp i høgfjellet og på breen. I mitt aller nære og bakgård er Jostedalsbreen i eit nesten steinkast! Minusgrader ligg på - 22 Vinder ifrå søraust og vest i dette området, har jobba & lite snø. Hardpakka og glasert! Det er store kontrastar imellom fjella her i Jølster. Det er alltid like spennande å planlegge utifrå sine eigne mål. Teste forholda som ingen kan gi eit heilt forhandsvarsel på om du ikkje nettopp har vore der. Det gir stor meining i mitt friluftsliv. Når eg søker Jostedalsbreen i januar/februar kjem eg alltid på den første turen eg hadde tidleg ein januar ifrå denne oppgangen ilag med Joar til Supphellenipa. Ein tur som endå ikkje er registrert! >>>

Hærleg nedrenn & flott skue ifrå Litlebottsegga -Jølster/Nau

Datum:
06.02.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:11h
Entfernung:
12,9km

Planen idag var Skåhammarsegga. Men, mykje folk oppover i det området gjorde til at vi valgte Litlebottsegga. Ganske så stille natur og fjellet for seg sjølv denne dagen. Sola varma himmelsk :) For ein hærleg fin dag i ca 15 blå med sol som varmar.

Karte    

Sanddalsfjellet/Steinegga også kalla Nonsnipa på d moderne..

Datum:
05.02.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
9,5km

Nonsnipa eller Nonsen er eit kallenavnet på det moderne folkemunnet, det er å høyre mest på denne fjelltoppen! Det nærmaste eg kjem på kartet med noko som liknar Nonsnipa er; Nonsnipestøylen. Så med respekt for kartverket velger eg fortsatt å kalle det Sanddalsfjellet 1193 med tilleggsnavnet Steinegga som står på kartet. Eit navn som eg godt kan forstå! :) Litt mangel på snø har me fortsatt i Jølster. Der er nok mange riper i skia denne sesongen fram til no. Sjølv om der er nydelige vinterlige forhold rundt omkring. Litt vind på toppen gjorde dei 16 minus til ein bitande kald opplevelse. Himmelsk å ha fyr i ovnen og eit badekar like ved etter turen :) Ekstra kjekt at Ingvald og Svein tok seg tid etter sin kveldstur i bakgården her til kaffe på tunet. Fin tur ilag med Inge

Karte    

Legendarisk i Lustrafjell!!

Datum:
01.02.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:09h
Entfernung:
13,6km

To netter i 20 blå med skiturer i krystallsnø eller kall det pudder i Luster er berre lekkert! Primusen var tung å dra igang til morgenkaffe! Men det er det verdt :) https://www.youtube.com/watch?v=BdGeSIHgCb8

Karte