Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Brøytetur i Førde Bysti :)

Date:
11.12.2014
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:47h
Distance:
14.4km

Vi laga Julelunsj på Psyk.Dagsenteret i dag for Brukerar og Personal, vi hadde alvorleg mykje god mat...og eg greier jo ikkje å halde meg då :) Så den som var temmeleg overmett og lengta desperat etter ein aldri så liten trimtur var meg. Det kribla skikkeleg...hadde og nokre julepakke ærend i Førde, så eg tenkte då at Bystien var perfekt som tur. Heilt sikkert nedtrakka sti, i all snøen som er komt dei siste dagane av alle trimmerane i omegn!! Så eg trakka iveg oppover og tilslutt var det berre mine fotfar. Det vart ganske mørkt og etterkvart, lommelykt hadde eg ikkje med. Trudde det flotte lyset opp Bystien skulle komme på men det vart ikkje slik, ein bakke att og eg tenkte dette må gå. Då eg sto i sikkert 70 cm nysnø, måtte eg innsjå at dette ikkje gjekk....Slukørt i >>>

Map     3 comments

Morgentur før uvær

Date:
09.12.2014
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
10.9km
Map    

Det snøar

Date:
08.12.2014
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
14.8km

Litt kortare arbeidsdag på meg, benytta anledningen på å prøve å halde spor på Eikåsnipa, medan eg venta på turfølge til Kvamsfjellet ilag med Brit Siv. Superfin turettermiddag og kveld. Sidan første tur i ski sesongen for Brit Siv, tok vi ei ekstra runde med å trakke opp att i skitraseen for å køyre ned att i nypreppa løype :)

Map    

Nyken og punkt 1534 på Grovabreen

Date:
28.04.2014
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:00h
Distance:
11.1km

Skredvarslingstur

Stille ro i fjellet!

Date:
14.04.2014
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:30h
Distance:
5.3km

Av og til er det utruleg flott med skodde og mykje ver rundt seg :) Fint å nyte stilla og fjellroen! Ingen andre på toppen idag!

Map    

Olahansfjellet

Date:
13.04.2014
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:00h
Distance:
8.7km

Topp dag til tross for regn og vind i låg landet og dårleg sikt på Toppen!! Alt mellom, var faktisk supert, god Påskestemning og ikkje minst fantastiske forhold for Telemarks svinger :)

Map     4 comments

Ettermiddagstur på Tindefjellet!

Date:
07.04.2014
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:00h
Distance:
8.5km

Jorunn er ei travel dame med mange jern i ilden ... styrar i barnehage og to aktive ungar, turlag og gift med min trivelege kollega :) Vi har snakka om alle toppane vi skulle vore på.. Ei så engasjert dame og av ærfaring, har eg tenkt at når du har tid, så blir eg med på tur :) Og endelig hadde du :) Takk for fin tur Jorunn

Map    

Sandalsfjellet

Date:
02.04.2014
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:00h
Distance:
8.8km

Ein kjekk og opplevelsesrik tur på Sandalsfjellet med to livlige Damer :) Turfølge Heidi og Anne Berit

Map    

Fin tur på Steinegga

Date:
31.03.2014
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:30h
Distance:
8.3km

Utruleg fine skiforhold og eit hærleg ver i Jølst :) dag etter dag med sol, lysare kvelder, fuglekvitteret i liene og faktisk ganske så grøne bøar! Då er det berre ein ting som gjeld...TUR :) Men pga den utrulege temperaturen no, så forsvinn snøen fort oppover lia! Ser store forandringar frå dag til dag, og ikkje kaldt nok om natta for å halde snøen. Skredfaren er nesten lik 0, så turforholda må jo no berre nytast i øyeblikket :) Turfølgje Brit Siv og Kjell

Map    

Ein av dei sjeldne turperle opplevelsane :)

Date:
25.03.2014
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:00h
Distance:
20.2km

Denne gangen hadde eg fått tips frå ein lokal "helt" om at det var berre å komme seg på tur til Grovabreen. Det var flott snø som låg og ikkje is og skare som har vore turføre denne vintersesongen. Så heile turfølget idag, greide å forhandle med arbeidgjevar, kommune, Stat å få fri frå jobb siste time... ikkje verst, vi har det fint :) Det var ganske varmt og stillle idag, bortsett frå eit helikopter som tydleg var i film modus på Olahansfjellet....Faktisk ganske fint når det endeleg var ferdig med oppdraget og komt seg ut av stilla og sanseopplevinga av ein storslått natur :) Takk for ein utruleg flott turopplevelse idag Brit Siv, Marion og Ingvald

Map     2 comments