Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Blåfjellet i Jølster eit perfekt skifjell...

Datum:
08.03.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
10,5km

Eit nydeleg skifjell med fantastisk nedkøyring ifrå 1086 moh ned til E-39 203 moh Superfin tur ilag med Brit Siv

Karte    

Eikåsnipa

Datum:
07.03.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km
Karte    

Randsetfjellet

Datum:
05.03.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
4,6km

Etter å vurdert om Tarløysa skulle bli dagens turmål og som eg hadde meir enn lyst på. Tok heldigvis fornufta overhand og eg bestemte meg for å ta ein roleg dag. Køyrde til Rødven istadenfor og tok av ved Vollan og Parkerte ved sida av bommen til Landresetervegen. Luffa på ski opp ein skogsveg som går til "Utsiktstoppen" og derifrå er det merka tursti vidare til Randsetfjellet. Ein kjempefin tur og topp med utsikt over fjordane, Molde og til fjella Romsdalshorn, Grisetskolten osb....:)

Karte    

Smørbottfjellet 1188

Datum:
04.03.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
8,1km

Eit utruleg fint skifjell og eit hærleg nedrenn i Smørbotnen. Ein glipp at eg ikkje stakk bortom Kvasstinden...men samtidig har eg lyst å gå fjella til fots også. Eit spennande og flott område som skal ha fleire besøk!

Nærfjella er dei beste!

Datum:
28.02.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Endeleg hadde skodda som har omslutta toppen nokre dagar letta! Nydeleg fin dag med solglytt og total vindstille. Mange hadde valgt å ta familieturen sin på Eikåsnipa denne søndagen, fine spor er det oppover no og ein grei topp også for dei minste. Eit artig topptreff denne dagen! For ein god del av dei som held til rundt alle kantar av fjellet, var tilstades eller hadde vore oppom ein tur. Hærleg å nyte godværet og ha tid til den gode fjellpraten med folk du sjelden ser i ein travel kvardag, både liten og stor!

Karte    

Tur nr to og ettermiddagstur på Eikåsnipa

Datum:
27.02.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Rastlaus og fantastiske telemarksforhold i pudder, til tross for utfordrande flatt lys på toppen. Ein må benytte anledningen, når ein kan med dei flotte skiforholda som vi har no.

Karte    

Morgentur på Eikåsnipa

Datum:
27.02.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Mange på tur idag...Ingvald var tidleg ute på morgenkvisten og slapp akkurat unna skodda som hadde lagt seg på toppen! Triveleg med selskap av Erlend og sonen opp til støylen!

Karte    

Skoddetur til Eikåsnipa

Datum:
26.02.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Det er berre så digg å være på skia igjen! Eventyrleg føre og pudder å renne ifrå toppen tiltross for lite sikt!! Brit Siv hadde brøyta spor til meg før ho farta vidare avgårde til kysten!

Karte    

Verdens lykklegaste på ski og Eikåsnipa

Datum:
23.02.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Det er det dårlige som gjere det gode godt...det er iallefall min livsfilosofi! Og det er hærleg å kjenne på og vite at ein kan sette pris på det som vi tar for gitt i eigen kvardag. Det laver ned med snø, fantastiske ski og naturbilder å sjå overalt!!! Gjekk og småtrakka litt rastlaust og oppdaga nokre fine morgenfuglspor mot Eikåsnipa. Litt på grensa til å teste skia...men det frista å prøve og eg valgte derfor å stappe trugene i sekken med tanke på nedfarten. Fall er ikkje det heilt beste endå...men å gå jamt på motbakke etterkvart, er berre heilt supert. 40 cm pudder ville ikkje være problem, så det var berre hærleg å sleppe seg ned med telemarksvinger i kontrollerte former :)

Eventyrleg tur på Bjørsetfjellet....

Datum:
20.01.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
7,4km

Planen min var å ta turen på Eikåsnipa, sidan eg hadde trakka spor kvelden iforkant og er heilt sikker på at det hadde vorte ein eventyrleg tur det også. Men fleirtallet bestemte og Bjørsetfjellet vart kveldens turmål, har ikkje gått den på ski så eg såg fram til den. Ingvalds skiekspress plukka meg opp, Brit Siv og co kom like bak. Då alle var turklar på Parkeringa i Årdalen, hadde selfølgeleg Brit Siv gløymt ein vesentleg turting som fellar!! Men vel og merke alle har kvar sin gong. Heller ikkje Ingvalds skiekspress hadde ekstra fellar til låns, men det er vel heller få som har ekstra sett av desse dyrbare lappane som kostar nesten 2000,- Eg sto ei stund å grubla på kven i nærheita eg kjende som hadde slike fellar, og Helge på Ålhus hadde då opptil fleire sett og vi >>>