Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Legendarisk på Eikås

Datum:
18.01.2024
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Legendarisk på Eikås og som alltid den gode refleksjonspraten ilag om laust og fast!! Det har vore mykje jobbing på oss alle den siste måned og tid. Så endelig klaffa det med å komme oss på tur ilag igjen. Vi var einige i at det var digg å dele brøytinga ilag med pudder til knes! Samtidig som vi kunne einast som alltid, at me har det fabelaktig nydelig som å bu som vi gjere i grisgrendte strøk. Og i fin kombinasjon til jobb & gode relasjoner rundt oss :) Vi er veldig bestemte på at det er vemodig å sjå att naturen vi har rundt oss taper så drastisk areal og vern til fordel for egoisme & kapital. Vi ønsker våre barn, barnebarn og familie å få oppleve den friheita som det er å nyte naturen som vi kan gjere. Noko om betyr alt for oss & som er eit fredfylt pusterom... Takk >>>

Karte    

Sanddalsfjellet - Jølster Nydelige forhold!

Datum:
15.01.2024
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
9,4km

Kalde dager ca 15 blå og fine snøforhold. Ein fridag som starta med god og lang frukost i påventa av sola til skitur. Den varma faktisk! :) Nydelig tur i bakgården ilag med Inge. Akkurat litt lite snø under toppen! Ser fram til meir venta kvitt gull. Ellers legendarisk føre å renne telemark med fin skogskøyring...:)

Karte    

Magiske bakgården & lys over isdronninga til N. Astrup

Datum:
10.01.2024
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,1km

Sidan eg er nær nabo til den kjente og kjære natur kunstnaren Nikolai Astrup. Er det med fryd å oppleve lyset & stemningane i samme fjella og naturen som han såg og som han har formidla i sine verdens kjente bilder. Astrups isdronning er mitt kjøkkenglas og bakgårdens syn på tur i alt slags ver og stemninger. Isdronninga til N. Astrup, består seg av fjella Blåfjellet 1086 moh, Stabben 962 moh, Nipa 1136 moh & Storfjell 1197 moh Jølster

Storfonna & siste tur i 2023 - Aure

Datum:
31.12.2023
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
9,5km

Hadde ein tanke om at det kunne være gode pudderforhold på telemark på Storfonna som det kunne sjå ut til. Men, det skulle vise seg at vinden hadde jobba bra dei 200 siste høgdemeter mot toppen. Mykje stein og ur som stakk fram. Så, det var berre å sette skia igjen og trakke seg med stive telemarks sko til toppen. Ellers fin pudder å sette nokre svinger ned vegen til parkeringa. Ein fin siste år tur ilag med Inge.

Karte    

Tur ilag med Miriam utan brett! Jølster

Datum:
06.04.2023
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
8,3km

Miriam køyrer brett! Idag skulle ho teste randoski! Valget vart derfor i desse omgivelser i bakgården! Det vart ei passelig fin innkøyring! :) Takk for turen beste Miriam

Karte    

Ettermiddags tur til Skjerdingdalsbreen!

Datum:
03.04.2023
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
12,2km

Sein ettermiddags tur! Snakka med eit par av mange som kom ned etter tur i området. Det eine paret kom rett ifrå Isfjorden og hadde vore på Kyrkjetaket 1439 og kunne fortelle om heller dårlige skiforhold der med skare og eit veldig ski køyrt fjell. Betre var forholda opp til Sætreskarsfjellet i følge deira konklusjon! :) Så det vart tanker til startutgangspunktet mot Skjerdingdalsbreen & Sætreskarsfjellet :)

Karte    

Blåfjellet & den stille bakgården min!

Datum:
01.04.2023
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,7km

https://peakbook.org/tour/160906/Isvassnipa+ei+fjellperle+i+J%C3%B8lster+og+%C3%A5rets+flottast+skitur%21.html

Karte    

Bjørndalen for å kike etter reinsdyra!

Datum:
31.03.2023
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
6,2km

Fridag! Litt nyfiken på om reinsdyra var i dalføret! Men, denne gangen var det ingen spor å skue! Til punkt 810 moh

Eikåsnipa

Datum:
29.03.2023
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km
Karte    

Steinegga - Jølster

Datum:
15.03.2023
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:59h
Entfernung:
8,7km

Gromtur etter jobb i godveret! Interresant å studere snølaga som skaper røde varsler om dagane i fjellområda våre her.

Karte