Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Blåhøa

Datum:
05.08.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
17,9km

Nok ein gong heldig med veret på slike toppar med så flott utsikt :) Fint å sjå mot Trollheimen, og eit område som er heilt nytt. Turfølge Johan

Sju søstre og ein åttande

Datum:
03.08.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:30h
Entfernung:
26,2km

Dei beste turane blir dei som ikkje er planlagt :) Hadde ikkje tenkt meg nord over på fjelltur i år!! Men slik vart det, og det vart ein skikkeleg flott fellestur og fine kveldar ilag med andre fjellgnuar :) Otto hadde gått toppane før, så han og Inger Lise valgte eit annna fjellprosjekt denne dagen. Det vart ei ekstra gode for oss andre som skulle gå heile fjellrekkja. Dei flytta bilen frå Søvik/Alstahaug der vi starta og til Botn ved Sandnessjøen, start utgangspunktet for Botnkrona 1072 moh Vi følgde Riksveg 17 frå Sandnessjøen og ca 18 km sørover til Søvikskaret der Breitinden er første turmål over fjellrekkja. Dette sparte oss for ein seig retur på asfalt tilbake til utgangspunket til kveldinga. Ei ekstra glede då vi kom ned til bilen, var å sjå den innbydande heilnøtt >>>

Rundtur på Gjevillvasskambane

Datum:
31.07.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:00h
Entfernung:
27,8km

Desse fjella har eg høyrt mykje fint om og hadde bestemt meg for at dei måtte besøkjast i ein passe anledning! Hadde også sett den flotte rapporten og bilda til Garm og Atomsilda :) Veret var supert for dagens rundtur på Gjevillvasskamben. Fekk meg ein god latter då første varde var innan rekkevidde...2, 3 osb For her var det ein god kjenning som hadde vore på visitt :) Det som var spesielt å legge merke til ved dette fjellet, var den grøderike og flotte floraen. Dei fine fjellryggane, det nesten helle lagde topp platået og det flotte Gjevillvatnet . Så eg tenker at dette må vere ei av dei finaste naturperlene vi har :) Å avslutte ein sånn rundtur med eit besøk på Gjevilvasshytta med triveleg vertskap, vaffler og kaffi er ein god bonus å få med :)

Karte    

Fin kveldstur på Eikåsnipa

Datum:
26.07.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
5,3km
Karte    

Eikåsnipa

Datum:
25.07.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:11h
Entfernung:
5,3km
Karte    

Eikåsnipa

Datum:
24.07.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:06h
Entfernung:
5,3km
Karte    

Daurmål og Blåfjellet

Datum:
23.07.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
7:04h
Entfernung:
20,9km

Meldt litt regn til helga, så tenkte eg ville ta ein nærtur og då få med ryggen mellom Blåfjellet 1318 moh og Daurmål 1445 moh. Ser opp på den kvar gong eg fartar gjennom den ville og grøderike Våtedalen. Så no berre bestemte eg meg for å ta turen :) Tok av på Reed og køyrde mot Årdal. Her går det bomveg Årdalstøylsvegen kr 50 pluss fire grindar å opne til endest opp til støylane ;) Starta frå Årdalstøylen og gjekk til Rådastøylen og Seimsstøylen, kun eit kjæreste par på Råd støylane å treffe ... mykje molter å sjå undervegs på turen, men gav meg ikkje tid å plukke idag. Gjekk rett opp frå støylane mot Blåfjellet, såg bratt ut men greit, ganske tørt no! Så ei fin rute å gå, ellers blir det noko lengre om ein følger sti som er merka på kart rundt og >>>

Eikåsnipa

Datum:
22.07.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
5,3km
Karte    

Dyringshøi 1814 moh

Datum:
21.07.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
15,8km

Passeleg topp å ta turen innom på veg heim :) Faktisk ein utruleg fin topp, med ein langdryg stein rygg. Flott utsikt til stortoppane i Breheimen og ikkje minst det flotte blågrønne Raudalsvatnet. Får å nå toppen tar ein av ved Storbråta eit stykke før ein kjem inn til Sota Sæter. Fin Skogsbilveg å køyre opp Bråtååsen og til parkeringsmuligheiter oppe ved Raudalsvatnet.

Karte    

Rivenoskulen og dag to i Breheimen

Datum:
20.07.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:11h
Entfernung:
24,8km

Når ein først er i eit så flott område og veret spelar på lag, så må ein utforske området noko meir:) Så då vart Rivenoskulen eit godt alternativ, køyrde vidare bomveg inn til Mysubytta frå Sota Sæter kr 40,- Eit utruleg idyllisk område med spesielt stor furuskog og mange på sykkel og søndagstur innover dalen i godveret. Inne ved Mysubytta og Støylsområdet følgde vi over brua og i merka sti eit stykke. Så tok vi av stien rett mot dalføret Sumarkvila, etter først å ha vassa over elva her. Fant ikkje side sti eller bru over elv mot dalen frå dette området. Men greit terreng å gå i, litt dyretrakk enkelte stader. I dalføret og oppe i Sumarkvila, var det berre å nyte skiva med kvitost og dalen som kler sitt navn ein sånn dag :) Følgde elva eit lite stykke opp, så >>>

Karte