Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Storehesten og Heilevangmassivet

Date:
11.10.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:20h
Distance:
23.6km

Hadde lenge tenkt at eg skulle ta turen til fots og denne gang som ein løpstur via Kvamshesten til Blægja tur/retur. Den er også fin som ein skitur, meldingane for dagen var lettskya og sol. Køyrde mot Bygstad søndags morgen og på veg utover fekk eg melding ifrå Brit Siv, ho var på veg til Blægja frå Rørvika. Eg er på veg ifrå den andre kanten...kanskje vi treffast på toppen av Blægja då!! Parkerte ved bommen på Kårstad og som for øvrig kostar kr 50 Eg sparte dei pengane og starta løpstur på grusveg derifrå, det er asfalt opp til bommen. At eg hadde 6 kg i sekken mot 2.5 som eg har brukt på løp, kjende eg oppover men synest eg hadde fin driv og kroppen var lett. Traff ein eldre kar på toppen av Kvamshesten og fleire var på veg oppover, det er ein populær topp og >>>

Map     4 comments

Med Lærestudent og Salutogenese på Litlehesten

Date:
06.10.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h
Distance:
11.0km

Ekstra kjekt er det når vi får engasjerte studentar med på jobb. Max er sjukepleierstudent, 25 år og over snittet interessert i friluftsliv. Dei har nett lært om Salutogenese...Teorien om den fysisk og psykiske læra og kva som fremmar god helse, mestring og velvære for det enkelte individ. Kva er då betre enn å bruke naturen som terapirom og mestrings arena :) Superfin dag med topp mål, mestring og mål oppnåelse for både den eine og den andre....;) :)

Map    

Lauparen

Date:
27.09.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.3km

Ein anbefalt tur....Dronning Sonja skal ha vore på denne også :) Heldig med veret denne dagen og mange på tur i ein godt merka sti til toppen ifrå Grytalisætra. Turfølge Stein

Map    

Kvitenyken i Ørskog

Date:
25.09.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.8km

Ettermiddagstur med regn og snøbyger på toppen! Akkurat ein time for seint ute for sikta sin del...så denne lyt ha eit besøk i ein seinare anledning. Turfølge Stein

Map    

Hornindalsrokken og Lidafjellet

Date:
06.09.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.9km
Map    

Ramnenipa og Skredfjellet

Date:
02.09.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:15h
Distance:
16.0km

Lise på kurs i Førde denne veka og då må vi berre ha fellestur ilag :) Møtte ho på Moskog og vi køyrde inn til Nes i Haukedalen. Turplanen var i utganspunktet tenkt litt annerledes men skjebnen ville det ikkje sånn denne ettermiddagen ;) Turen vart uansett fin og området lyt berre få eit nytt besøk av oss i eit seinare høve! Oppgangen vår til Ramnenipa vart ei heller interssant klyving i bratt bukkemark, ispedd med ekstra tolmod etter ei heller fuktig elvekryssing men "vips" så var vi oppe ;) :) Godt vi hadde med hodelykt, som var kjekk i retur. Takker for superfin tur ilag Lise Dei to andre toppane må då bli ein passelege haust tur :)

Map    

Årdal: Skorsfjellet og Bøttejuv på veg til Slettmarkpiggen +

Date:
21.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Distance:
8.2km

Gode meldingar for helga og fine forhold på stortoppane! Lise skulle til Aurlandsdalen og eg skulle treffe Geir Arne på Gjendesheim for å nå nokre fleire fine 2000 moh toppar i samlinga. Då passa det jo fint å ta ein felles fjelltopp ilag, mellom all trøyttande bilkøyring.

Map    

Fjelltrim i Jølster og Pissaren!

Date:
18.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.0km

Har høyrt mykje om den, men aldri blitt tur der iløpet av alle åra eg har budd i Jølster. Derfor er det ein god ting med fjelltrimpostar i Kommunane og den dugnaden som blir lagt ned her i Jølster er berre super på det. Men den rekk stort sett berre litt av lokalbefolkninga i dette tiltaket. Kommunen vår er dårleg på å merke, tilrettelegge på lågterskelnivå og til dels gjere kjent kva som finnast av naturperler for lokalbefolkning og turistar. I det vi kan kalle ein fjellkommune der vi også er eindel av storslåtte Jostedalsbreen Nasjonalpark i ein vill og nesten urørt natur, som etterkvart er ei svært ettertrakta vare. Jølster ligg også som eit knytepunkt med E-39 gjennom det heile. Denne turen og området er spesiell og ei utruleg flott naturperle!

Rundtur på Hattan

Date:
27.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.8km

Map    

Aure: Storøret

Date:
25.05.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:20h
Distance:
7.3km

Ein superfin turdag i eit nydeleg område, synd at skodda låg tjukk rundt varden for utsikta sin del. Men så var det jo berre ein liten smakebit på fleire turar i dette området. Spesielt med dei flate øyane og dei ganske så store og flotte fjella.

Map