Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Hesteggi med haustfarger!

Dato:
21.09.2025
Distanse:
8,2km

Finere ver i Sogndal enn Jølster og Miriam vart med på søndagstur. Miriam hadde sprunget halvmaraton dagen i forkant og ville ta ein kviledag. Ho valgte å stikke innom sin pappa som bur i området. Medan eg valgte å ta ein tur oppom Hesteggi i godveret. Den godt trakka stien og svaberga var våte etter regn tidlegere. Mykje folk å treffe på tur til Hesteggi. På toppen var det stille og fint og tid til å knipse nokre utsiktsbilder med lettare skydekke og skoddedis. Tok turen bortom den mindre varden på returen.

Kart    

Orkja - Jølster

Dato:
20.09.2025
Distanse:
3,2km

Fint med tur etter dagvakt! Det gjorde susen å klarne tanker og sinn! Rakk turen før regnver! Så fint det er å skue og studere blåisen mot Grovabreen, Snønipa og inn mot Kjøsnesfjorden. Plukka med heim, ein nydelig haust bukett ifrå fjellet.

Kart    

Veten i Gloppen

Dato:
19.09.2025
Distanse:
6,9km

Fin tur til Sandane og Veten før kveldsvakt! Opplett og fint på tur! Ingen å treffe på tur i dag.

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
16.09.2025
Distanse:
5,2km

Kart    

Djupviknipa

Dato:
15.09.2025
Distanse:
2,5km

Kart    

Søndagstur!

Dato:
14.09.2025
Distanse:
3,4km

Fin tur etter frukost. Lett yr og fin tur ilag med Miriam.

Kart    

Støylen og vask!

Dato:
13.09.2025

Eg og Lale har snakka om tur til støylen og etter middagslur var Lale klar til å plukke blåbær og vaske litt på støylen. Vi skulle ha med pølser på termos og litt sjokolade. Oppe på støylen, henta vi vatn i elva og plukka litt blåbær av det vesle som var igjen rundt støylen. Etter kvart fekk vi vaska inne i selet og etterpå smakte det himmelsk med wiener pølser og sjokolade. Vel nede i beitet måtte vi ha drikke pause i elva og det var noke Lale synest var spennande. Ho fekk vatn på drikkeflaska si, medan besta slurpa i seg rett ifrå elva. Det var stort for den lille som kunne fortelle mamma og pappa at vatnet ifrå elva smakte godt. Så stort at det vart gjenfortalt til pappa neste morgen :)

Djupviknipa - Førde

Dato:
13.09.2025
Distanse:
2,7km

Tur til Førde med litt små ærend! Mykje folk på tur og eit par dugnadsfolk som jobba med stien. Nokre små regndråper undervegs.

Kart    

Venevassegga

Dato:
12.09.2025
Distanse:
9,8km

Kart    

Sandegga ifrå Nyddalsstølen

Dato:
08.09.2025
Distanse:
6,9km

Nydelig ver med sommerfølelse og fint med tur før kveldsvakt. Ekstra kjekt med turfølge av Bodil, Berit og Luna. Godt merka sti til toppen ifrå Nyddalsstølen.Tilbake til Nyddalsstølen hadde eit bonde par, sanka ein henger full med sauer. Det vart ein liten stopp der for trivelig prat.

Kart