Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Vervindu! Orkja & VM i vektløfting i Førde

Date:
05.10.2025
Distance:
1.8km

I forbindelse med VM i vektløfting var Hannah i Førde. Veldig koselig med melding ifrå Hannah hmsv1 (Hannah Vickers) om muligheter om å få til ein fjelltur ilag. Veret var ikkje av det aller beste, med rester etter syklonen Amy og med dette eit meldt ekstremver innover Sør-Norge og indre strøk av Vestlandet. Det vart ein mektig og kraftig start på VM :) Staselig i lille Førde og ekstra stas når det sto imellom Los Angeles og Førde :) Men, søndag vart det eit skikkelig fint vervindu til fine haustfarger :) Orkja vart eit passelig fint turmål, sidan eg skulle i ein familiemiddag på ettermiddag. Orkja er også eit fint utsikts fjell til Grovabreen, Jølstravatnet og eit vidare skue til andre bauta fjell og breer. Sidan vi hadde to biler, var det kjekt å gå over ifrå topptur parkeringa ved Myklebust >>>

Map    

Orkja

Date:
03.10.2025
Distance:
3.2km

Map    

Grønhøi - Lesja/Reinheimen

Date:
30.09.2025
Distance:
3.9km

På veg heimover etter fine dager i Romsdalsfjell! Fint å ta ein turpause i bilkøyringa heimover til Jølster. Det var store og fine flokker med Snøfugl/Snøspurv på fjellet som flaug rundt. Heimtur og stopp for ein frisk tur!

Map    

Geitsida - Molde

Date:
29.09.2025
Distance:
4.7km
Map    

Litlfjellet - Molde

Date:
29.09.2025
Distance:
2.8km
Map    

Vermedalen til Søre & Nørdre Vermehøa

Date:
28.09.2025
Duration:
3:49h
Distance:
13.5km

Sett fram til å nyte desse haustfargane i desse fjellområda! Ein virkelig staselig fjelltur med nysnø på toppane! Liker veldig desse kontrastane! Fleire jaktlag i området med rype som fokus! Sjølv opplevde eg nesten ei total stille av fugleliv under turen. Men, det var ei rype som flaug opp då eg returnerte ned igjen ifrå Vermevatnet. Eg tenkte det var jaggu godt at du slapp unna! Fordi på veg opp til Vermevatnet, gjekk det av seks skudd. Under toppen av Søre Vermehøa 1600 moh var det dags ferske Jervespor i nysnøen. Det kjennast stort & uansett er det staselig å sjå spora etter anna liv når ein ferdast i naturen.

Map     2 comments

Storaksla - Rauma

Date:
27.09.2025
Distance:
3.9km

Fin beinstrekk i nydelige haustfarger!

Map    

Eikåsnipa

Date:
26.09.2025
Distance:
5.2km

Tur før kveldsvakt! Nydelig ver og kjentfolk på tur.

Map    

Ryssdalshornet

Date:
24.09.2025
Distance:
9.3km

Lenge sidan denne nærtoppen fekk sitt besøk igjen! Tur nr 2 til denne toppen! Dette var ein innertier av ein turopplevelse med mange fine haust kontraster :) Fine meldinger etter dagvakt for begge! Eg ville også ha ein sporlogg på denne toppen! Så enkelt! Kveldsola står opp mot toppen til ein solnedgang. Vi får solnedgangen, den blårosa overgangen over høgfjellet, med nydelig skue til dei markante stortoppane Gjegnen og Snønipa. Vidare glimter stjernene og melkeveien returen ned igjen til bilen. Takk igjen for desse turane som gir næring til eit magisk vennskap og turlivet ilag. https://www.bing.com/videos/riverview/relatedvideo?q=clocks+coldplay&&mid=554347D1621417B68E1D554347D1621417B68E1D&FORM=VAMGZC https://www.bing.com/videos/riverview/relatedvideo?q=the+scientist+coldplay&&mid=445260221CD2ED190038445260221CD2ED190038&FORM=VAMGZC Takk for tur ilag Brit Siv Fimland

Map    

Morgentur Orkja

Date:
23.09.2025
Distance:
3.2km

Map