Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Grønhøi - Lesja/Reinheimen

Date:
30.09.2025
Distance:
3.9km

På veg heimover etter fine dager i Romsdalsfjell! Fint å ta ein turpause i bilkøyringa heimover til Jølster. Det var store og fine flokker med Snøfugl/Snøspurv på fjellet som flaug rundt. Heimtur og stopp for ein frisk tur!

Map    

Geitsida - Molde

Date:
29.09.2025
Distance:
4.7km
Map    

Litlfjellet - Molde

Date:
29.09.2025
Distance:
2.8km
Map    

Vermedalen til Søre & Nørdre Vermehøa

Date:
28.09.2025
Duration:
3:49h
Distance:
13.5km

Sett fram til å nyte desse haustfargane i desse fjellområda! Ein virkelig staselig fjelltur med nysnø på toppane! Liker veldig desse kontrastane! Fleire jaktlag i området med rype som fokus! Sjølv opplevde eg nesten ei total stille av fugleliv under turen. Men, det var ei rype som flaug opp då eg returnerte ned igjen ifrå Vermevatnet. Eg tenkte det var jaggu godt at du slapp unna! Fordi på veg opp til Vermevatnet, gjekk det av seks skudd. Under toppen av Søre Vermehøa 1600 moh var det dags ferske Jervespor i nysnøen. Det kjennast stort & uansett er det staselig å sjå spora etter anna liv når ein ferdast i naturen.

Map     2 comments

Storaksla - Rauma

Date:
27.09.2025
Distance:
3.9km

Fin beinstrekk i nydelige haustfarger!

Map    

Eikåsnipa

Date:
26.09.2025
Distance:
5.2km

Tur før kveldsvakt! Nydelig ver og kjentfolk på tur.

Map    

Ryssdalshornet

Date:
24.09.2025
Distance:
9.3km

Lenge sidan denne nærtoppen fekk sitt besøk igjen! Tur nr 2 til denne toppen! Dette var ein innertier av ein turopplevelse med mange fine haust kontraster :) Fine meldinger etter dagvakt for begge! Eg ville også ha ein sporlogg på denne toppen! Så enkelt! Kveldsola står opp mot toppen til ein solnedgang. Vi får solnedgangen, den blårosa overgangen over høgfjellet, med nydelig skue til dei markante stortoppane Gjegnen og Snønipa. Vidare glimter stjernene og melkeveien returen ned igjen til bilen. Takk igjen for desse turane som gir næring til eit magisk vennskap og turlivet ilag. https://www.bing.com/videos/riverview/relatedvideo?q=clocks+coldplay&&mid=554347D1621417B68E1D554347D1621417B68E1D&FORM=VAMGZC https://www.bing.com/videos/riverview/relatedvideo?q=the+scientist+coldplay&&mid=445260221CD2ED190038445260221CD2ED190038&FORM=VAMGZC Takk for tur ilag Brit Siv Fimland

Map    

Morgentur Orkja

Date:
23.09.2025
Distance:
3.2km

Map    

Hesteggi med haustfarger!

Date:
21.09.2025
Distance:
8.2km

Finere ver i Sogndal enn Jølster og Miriam vart med på søndagstur. Miriam hadde sprunget halvmaraton dagen i forkant og ville ta ein kviledag. Ho valgte å stikke innom sin pappa som bur i området. Medan eg valgte å ta ein tur oppom Hesteggi i godveret. Den godt trakka stien og svaberga var våte etter regn tidlegere. Mykje folk å treffe på tur til Hesteggi. På toppen var det stille og fint og tid til å knipse nokre utsiktsbilder med lettare skydekke og skoddedis. Tok turen bortom den mindre varden på returen.

Map    

Orkja - Jølster

Date:
20.09.2025
Distance:
3.2km

Fint med tur etter dagvakt! Det gjorde susen å klarne tanker og sinn! Rakk turen før regnver! Så fint det er å skue og studere blåisen mot Grovabreen, Snønipa og inn mot Kjøsnesfjorden. Plukka med heim, ein nydelig haust bukett ifrå fjellet.

Map