Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Eikåsnipa

Dato:
15.10.2024
Distanse:
5,2km

Kjekt å kike innom støylen på tur til Eikåsnipa idag. Espen har rydda og ordna fint med ny gammal Jøtulovn og fått nye finesser på støylen :) Så no blir staselig å overnatte der oppe. Litt snø igjen mot toppen av Eikåsnipa og enkelt byger med lett regn idag.

Kart    

Den lille pausetrim på Skjerveholten!

Dato:
13.10.2024
Distanse:
1,7km

Langvaktsdag på jobb i psykisk helse.

Kart    

Skjerveholten

Dato:
12.10.2024
Distanse:
1,9km

Kart    

Fin rundtur i bakgården i godt lag!

Dato:
11.10.2024

Ein liten kvelds strekk opp mot Bjørndalen ilag med Inger og sønnen Jakob. Kjekt å få til tur når dei endelig var heime og greit å få avklare med Inger og Jarle om å få opne grindane til vinteren.

Skjerveholten

Dato:
10.10.2024

Nydelig ver! Tur på Skjerveholten etter jobb.

Vardebrenning mot vindturbiner & Gondolbane i Kjøsnesfjorden

Dato:
08.10.2024
Distanse:
3,2km

Kampen fortsetter... https://peakbook.org/tour/490542/Vardebrenning+for+Sn%C3%B8heia+%26+naturen%21.html Ein kjenner seg liten i kampen for å ta vare på naturen i eit jag av eit konfortabelt liv! Det var dagen for nasjonal vardebrenning & markering mot vindturbiner i region Snøheia -Sunnfjord & Høyangerfjella. Og eigentleg resten av Natur Noreg. Men, det gjelder ikkje berre vindturbiner! Det gjelder også blandt anna Gondolbane i Kjøsnesfjorden som ligg inntil Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ein kamp sidan 2013 i gamle Jølster kommune. Det er så latterlig at ein igjen måtte ta ein sånn kamp med politikerane i "Nye" Sunnfjord kommune og andre innstanser. Det vil ingen ende ta, med dei meiningslause utbyggingane i ein verden som står på randen av stupet i uenighet, i alt for hurtig klimaforandringer som viser til menneskeskapt naturkaos, egoisme, kapital, >>>

Eit bauta massiv - Høydalsnipa & Håsteinen

Dato:
07.10.2024
Distanse:
14,0km

Håsteinen & Høydalsnipa er ein bauta som ein kan skue ifrå mange fjell og sju blåner :) Første gang eg var på tur til dette fjellmassivet var ilag med Joar Eide i vinterskrud i 2012! Hugsar eg likte den fjellstemninga veldig godt. Stas å være tilbake i haustskrud ilag med Inge Sunset (Inge Værøy) https://peakbook.org/tour/196488/H%C3%B8ydalsnipa+og+H%C3%A5steinen.html https://www.nrk.no/nyheter/gruvedrift-i-fordefjorden-1.12314553 https://www.bt.no/utenriks/i/QM920q/foerdefjord-saken-starter-i-efta-domstolen-begge-sider-tror-paa-seier

Kart    

Moldurda - Askvoll

Dato:
06.10.2024
Distanse:
7,1km

Regntider!! Fint likevel med tur og ekstra kjekt i godt selskap. Roleg søndagsmorgen først med kaffe og lytte til det evigvarande regn som har ausa ned i det siste. Laga kanelboller på føremiddag ala Lom si oppskrift ifrå Tine. Etter delvis avtale dagen i forkant med Brit Siv. Var vi enige om å ta èin tur til kysten og mot Askvoll. Turmålet Moldura var eit greit turutgangs punkt.

Kart    

Digg ruskeverstur til Svinestranda!

Dato:
05.10.2024
Distanse:
7,4km

Endå ein fin fridag til å nyte ruskeveret på tur! Sterk kuling på toppane og særdeles våte stier! Nydelige haustfarger og berre digger å springe, stoppe opp og nyte eit tilsynelatande åleineareal i området for meg sjølv. Kjende veldig sterkt i dag på den ekstra nydelige lykkefølelsen av å springe sånn i desse elementa.

Kart    

Lale på Hamnanova! Ein treng ikkje gondol i dette riket!

Dato:
04.10.2024
Distanse:
2,8km

Panoramaskuet til Kjøsnesfjorden, fjella & breen! Lære seg å gå skritta sjølv. Det gjelder å vise den lille ( 1 1/2 år) kva som finnast på det enklaste vis. Naturkosen, lytte til fuglane og hjorten som brøler denne tida. Meir blåbær har minka i tua. Hysje på kvarandre i spenning og stille for å lytte til dei fantastiske naturlydane. Fryse litt på dei små henden for å lære at votter er nydelig å ha på. Takk for fin tur ilag Lale & Inge. https://www.youtube.com/watch?v=cVgulpoC7cI

Kart