Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Graveskarnosi - Årdal/ Sørvest Jotunheimen

Date:
27.02.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
8.6km

Pakka bilen på morgen & susa avgarde til nye fjell & eventyr! Strålande ver eit par dager for fjellskitur til fjella med mål Sogn & Fjordane. Det var nesten påskestemning og solvarmt til toppen. På returen var det mange på tur opp i området. Ellers var det ingen spor til toppen av Graveskarnosi. Så det var ganske så fint å nyte stilla over eit storslått skue over fjella og heimen vår. Nydelig å avslutte dagen med eit vakkert teater ifrå vår moder natur! Nordlyset kjennast nesten som ei sørfebølge. Ein berre venter på neste og neste...!

Map    

Dagen der på! I Jølstrafjell!

Date:
26.02.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:50h
Distance:
7.0km

Etter ein lang og sein frukost her på Rabben i Sanddalen. Var det nokon som hadde ei lengre reise heim og valgte selfølgelig av fornuft å droppe søndagsturen dagen derpå! Tross alt var & det hadde vore hærleg fin kvalitetstid ilag denne tida! :) Brit Siv, eg, Ingvald og Siv valgte å avslutte helga med ei fin runde ifrå Dvergsdalen og til toppen ved Støylnova. Overraskende bra føre ifrå Støylsnova ned til Sunde i Kjøsnesfjorden. Takk for tur og ei strålande Jubileumshelg Brit Siv.

Map    

Bursdag & jubileum til Isdronninga i Jølster!

Date:
25.02.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:32h
Distance:
6.3km

Map    

Støylsnova i Jølster og ein rask kveldstur!

Date:
24.02.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Hærleg fint å komme seg raskt opp og like ved i den fine bakgården vår mot Grovabreen i Jølster.

Map    

Veten i Åsane & ein alle tiders dag!

Date:
21.02.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
2.7km

Etter langvaktshelg! Var det strålande fint med ein dagstur til Bergen ilag med Miriam. Reiste grytidleg ifrå Rabben/Jølster ilag for å kjenne på våren i Bergen by. Ein liten stopp på heimveg innom foreldra mine si leilighet på Tertnes i Åsane. Som er deira pensjonist bustad i tillegg til huset/barndomsheimen vår heime på Færøy i Solund. Dei investerte i leilighet då systra mi skulle gå gymnas i Bergen på 80 tallet. Dei tenkte då også på ein alderdom med lettare tilkomst enn ute på ei verhard øy så langt vest som ein nesten kan komme i vårt land. Foreldra mine har aldri hatt førerkort og spart mange penger på det! Dei var iallefall fornøgd med den ordninga! :) Ekspressbåten MS "Solundir" https://no.wikipedia.org/wiki/MS_%C2%ABSolundir%C2%BB_(1972 ) gjekk då ifrå øya vår direkte til Bergen. Så det var sytalaust >>>

Map    

Kletten & bytte av tankesett!

Date:
17.02.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
1.1km

Ein aldri så bitteliten barmarkstur for eit fritt sinn! Skal ikkje så mykje til for å koble om tankesettet! Enkelt & greit! :)

Map    

Påskestemning & fjellskitur til Bleia 1821 moh - Lærdal

Date:
14.02.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
18.6km

For eit skue mot dei kjære tinder i Hurrungane. Nesten urørt! Verre blir det med vindturbinar i nærleik av massivet! Går nesten ikkje å forestille seg den lys støyen og sikkert oppimot 250 meter høge turbiner. I dimmensjoner som er planlagt hos oss i Sunnfjord og Høyangerfjella. Om planer blir realiserte, går iallefall bilda ifrå og rundt Store Skagastølstinden inn i nye dimensjoner!!

Map     2 comments

Slettind - Hemsedal/Lærdal

Date:
13.02.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
6.4km

Kveldstur på fjellski i eit heller ymse føre! Avblåst og is, skareføre! Har aldri kryssa så lange irriterande lengder på nedfart og til stor frustrasjon@@.... Men, samtidig er det fin øving på fjellskia igjen.

Map    

Utsikten & Trivselsskogen på Sandane!

Date:
12.02.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
2.9km

Ein hærleg fin tur ilag med Miriam. Ein fin luffetur innom Trivselsskogen på Sandane. Med eit besøk innom Dagsturhytta Draumekvila og litt lengre oppom utsikten. Det var mange glade to & firbeinte turvenner på tur i dette området. Forstår at dette er eit populært tilrettelagt område for mange.

Map    

Vardebrenning for Snøheia & naturen!

Date:
11.02.2023
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
5.2km

Denne gang kjende eg virkelig på å mobilisere kroppen til ein ny tur etter morgonens første tur i eit heftig ver! Gråkalt ver, vind og våt til skinnet. Forkjøla og trøtt etter jobb! Mange veker i fritida for å moblisere til eit opprop for Snøheia med vardebrenning. I alt og etter dette, kjenner eg eit varmt hjerte for alle dei positive flotte folka som var med utan å vurdere i lange tider! Eg blir med, dette kjemper eg for! Eg er litt usikker! Men, eg vil sette meg meir inn i kva dette handler om! Då snakker vi engasjement! Vardebål, bål og bålpanne. Rådhusa i Sunnfjord & Høyanger = Folkets hus var med + langt over 50 bål ifrå Svalbard i nord til Løvstakken i Sør. Mot slutten var ringverknadane så store at vi ikkje greide å melde inn til den 11.02.21 kl 18. Det seier >>>

Map