Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Orkja i fint rufsete ver!

Date:
05.01.2023
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
6.5km

Kroppen kjenndest treg idag. Coronaen er framleis ikkje ute av kroppen. Hoste, men ikkje feber. Det kjennast betre eller litt lettare når ein har fått komme seg litt ut i frisk luft. Prøver å halde låg puls og ikkje overdrive aktivitetsnivået. Fin temperatur og ikkje for kaldt. Skal bli fint å komme seg på jobb igjen. Har vore ei langdryg influensa og mange sjuke her rundtomkring.

Map    

Orkja og fleire på tur! :)

Date:
03.01.2023
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
6.4km

Fleire kjenningar på tur idag! Fint med spreke folk som trakker gode spor! Kroppen kjennast litt betre idag. Men, kjenner meg på ingen måte i noko kjempeslag. Greit å luffe åleine i eget tempo. Takk fine sambygdinger for gode spor idag og trivelig prat med corona avstand. :)

Map    

Fløtravarden - Gloppen - Nyter vinterlyset!

Date:
02.01.2023
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
8.0km

Ein temmelig roleg tur etter forkjølingsforholda. Men, nydelig å luffe avgårde i strålande ver. Blå himmel og sol.

Map    

Husnova i Jølster ein høgtidsdag 1 Nyttår! 2023

Date:
01.01.2023
Distance:
4.0km

Det nydeligaste vinterveret og det er høgtid! Av ein eller anna grunn, så er det vanskelig å notere i loggen at ein er slakk og er sjuk av corona. Det tiltros for at alle har det eller har eit eller anna virus no meir enn nokon gong. Jammen har det vart nokre veker... Ein vil jo være frisk og på topp som i dei fleste "vanlige" dagane. Sjølv om eg kvar ein dag setter veldig pris på å få leve det aktive livet som eg likar best. Men, eg kjenner at denne forskjellen gjere noko like vel. Eg har eit motto i livet som seier at det er det dårlige som gjere det gode godt. Det stemmer bra også i denne totalen! :) Roleg luffetur ilag med Nina. Rakk sola såvidt oppe på Husnova... :) Takk for turen Nina Knutson og loggen stemmer ikkje ettersom den vart starta når ein kom på å starte >>>

Map