Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Haustleg og rask ettermiddagstur på Eikåsnipa!

Date:
10.09.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km

Ein rask ettermiddagstur til Eikåsnipa, etter hospitering på Førde ressurssenter. Vidare vaske og pakke i Uppstunet på garden/Eikås til den nye yngre og goaste generasjon :) Jammen tek det si tid med all den historia! Men, spennande og interessent er det uansett å formidle og gjenoppleve vidare! Det er viktig å kjenne historia uansett kva ein driver med!

Map    

Løpstur i stødige regnbyger på Eikåsnipa!

Date:
09.09.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
8.0km
Map    

Helg i skapleg ruskevær på Kvannebakknova ved Jostedalsbreen

Date:
07.09.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
3:04h
Distance:
6.2km

Det er lenge sidan eg har vore oppom Kvannebakkbu! Det var nesten som eg kjende at bua ropte på meg :) Har du gløymt meg, eller eg kjende innerst inne eit savn! Eg har ikkje vore der og sett til om den hadde det fint! Merkelige følelser!! Mykje kanskje fordi eg har hatt mange prosjekt på gang i dette året! Med fjellturer, husbygging og nye jobb sammensetninger i den nye Sunnfjord kommunen. Kjekt kjenner eg det no etterkvart å endelig få lange friperioder med mindre jobb. Men intensivt den eine helga/veka i mnd. Også overdragelse av garden til Espen. Det har vore ekstremt travelt, men på ein måte som eg liker godt likevel :) Det var ein ekstra nytelse å kunne søke den freden eg veit finnast ein plass i Jølster. Kvannebakkbu ved Jostedalsbreen i skikkelig friskt rufsever :) EG KOM >>>

Map    

Trolsk & digg tur til Vassdalstinden

Date:
06.09.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
2:47h
Distance:
5.5km

Etter ein strålande turdag på Frønningen, dagen i forkant. Bar det vidare avgårde til Ørsta på føremiddag etter lang frukost og ei fin teltovernatting ved Fimreite. Eg kom opp til Ørsta i fire tida. Skodda såg ut til å ligge i ro på toppane. Planen var å ta ein tur oppom Vassdalstinden før eg tok kveld på Ytre Standal. Startutgangspunktet for ein fellestur til Ytstenestinden /Slingsbys topp eller Solveigs topp! Lurte ei stund på om høgste punktet låg på det andre punktet bortanfor. Klauv eit stykke bort mot toppen! Heller laust og noko utsatt, så eg ga meg under det høgste punktet på den ryggen. Men såg tilbake og det ser ut til å måtte være høgst ved varden.

Map     5 comments

Mehaugen/Gloppen ifrå Hyen

Date:
05.09.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
1.6km
Map    

Løpstur til ein favoritt som gir godfølelsen!

Date:
04.09.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
11.9km

Fin løpstur før seinvakt! Men også tanker tilbake til raset i Jølster og hjelpearbeidet eg havna oppi etter jobb! I lag med den eine politipatrulja som var verfaste den kvelden ved Eikås/Vassenden! Det var evakueringsarbeid med lokal kjennskap for min del i området. Vidare hjelpearbeidet dagen etterpå på jobb. Eit uvirkelig døgn som ein kjenner på kroppen & på dager som no, når det bøtter ned opptil snitt 16 mm nedbør i lengre tider! https://www.nrk.no/vestland/xl/slik-var-det-ekstreme-sommarregnet-i-jolster-1.15030175

Map