Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Larstunsstøylen og Holten

Date:
30.09.2015
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.1km
Map    

Kabusen og Høgefjellet i frå Haukedalen

Date:
29.09.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
13.1km

Møttast på Moskog etter jobb og starta frå Haukedal skule og gjekk ca 400 m på vegen innover dalen, kunne ha parkert på grusplassen ved skilting og stistart. Fin sti å følge opp til Kabusen, og utruleg flott eit skue å sjå utover frodige Haukedalen. Ellers fint å følge vidare delvis sti og sauetrakk over ryggane mot Høgefjellet, som ligg så utruleg vilt og flott til med syn rett inn til Grovabreen. Hadde vi hatt betre tid kunne eg tenkt meg å gå vidare til Høgefjellet 1438 moh Det får bli i eit seinare høve og ifrå Jølster sida. Flott retur tilbake med hodelykt frå toppen med ein stjerneklar himmel, regnet kom på bilruta ved Moskog kl 21.30..fin timing :) Fin tur ilag med Brit Siv

Map    

Terdalskeipen og Klauvekeipen i Florø

Date:
28.09.2015
Duration:
4:31h
Distance:
11.4km

Sein kveldstur etter jobb, nydeleg ver og flott solnedgang i havet. På retur ifrå Klauvekeipen fekk vi nydeleg måneskin og ein vakker stjernehimmel. Turfølge Brit Siv

Map    

Lauparen

Date:
27.09.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.3km

Ein anbefalt tur....Dronning Sonja skal ha vore på denne også :) Heldig med veret denne dagen og mange på tur i ein godt merka sti til toppen ifrå Grytalisætra. Turfølge Stein

Map    

Aksla i Ålesund

Date:
26.09.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
4.6km

Fin liten ettermiddagstur og litt artig variant å gå dei fine trappene opp frå sentrum! Turfølge Stein

Map    

Kvitenyken i Ørskog

Date:
25.09.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.8km

Ettermiddagstur med regn og snøbyger på toppen! Akkurat ein time for seint ute for sikta sin del...så denne lyt ha eit besøk i ein seinare anledning. Turfølge Stein

Map    

Fin tur på Eikåsnipa

Date:
24.09.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km

Ekstra kjekt er det når ungdommen har kjempelyst å være med på tur og fint då å gje seg litt ekstra tid til å fotografere og reflektere ilag. Litt vind og nokre få regndråpar oppe ved toppvarden. Kosetur ilag med Miriam

Map    

Siste nye på Eikåsnipa

Date:
23.09.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km

Superfint er det med merking av stier og fjell...men sidan det står tydeleg på varden og poskassa med fjellet`s navn høgde og bok så kan det vel kanskje bli for mykje!!

Map     2 comments

Rundtur på Nosafjellet

Date:
21.09.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
11.0km

|

Map    

Storivilen og Storhøi

Date:
20.09.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
7:30h
Distance:
29.8km

Storivilen hadde eg eigentlig tenkt ifrå Lom, men hadde også tenkt litt på Storhøi 1780 moh som såg ut til å være ein fin topp. Eg visste at Lars Sulheim har nytta Storhøi som sitt treningsfjell via Stein og at det var ein fin men bratt sti frå garden opp mot ryggen til Storhøi. Eg starta frå nabogarden med fin sti oppom Leiksæter, snakka med bonden der som skulle ha helikopter opp i området for å kike etter storfe og lova gje beskjed om eg såg dyr på min rundtur. Synest det var vel voldsomt med helikopter...men er då vant med litt mindre beite områder. Nydelige haustfargar var det oppover lia ved Sulegjelet, nysnøen låg heldigvis berre på toppen av Storivilen. Eg fortsatte vidare ryggen ut mot Lendefjellet 1973 moh og skråa ned mot dalføret via nordre Bord og rett opp >>>

Map