Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (18)
- Ekspedisjon (1)
- Kajakkpadling (12)
- Annen vintertur (125)
- Fottur (2110)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Klatring (5)
- Alpin klatring (1)
-
Skitur (472)
- Fjellskitur (114)
- Langrennstur (6)
- Randonnée/Telemark (348)
-
Sykkeltur (2)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (1)
-
Trening (10)
- Tredemølle (4)
Arkiv - Etter geografi
Lister jeg samler etter
- Sogn og Fjordane ≥ 100m pf.
- Sogn og Fjordane ≥ 250m pf.
- Sogndal ≥ 100m pf.
- Sogn og Fjordane ≥ 500m pf.
- Hurrungane > 2000 moh pf 30.
- Vanylven ≥ 100m pf.
- Herøy ≥ 100m pf.
- Ålesund ≥ 100m pf.
- Opptur-topper i Sogn og Fjordane
- Opptur Indre Sunnfjord
- Stord ≥ 100m pf.
- Alver ≥ 100m pf.
- Masfjorden ≥ 100m pf.
- Vestland kommunetopper
- Osterøy ≥ 100m pf.
- Averøy ≥ 100m pf.
- Volda ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal ≥ 500m pf.
- Lindås ≥ 100m pf.
- Sør-Norge ≥ 500m pf
Fjelltrim i Jølster og Pissaren!
- Dato:
- 18.08.2015
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 8,0km
Har høyrt mykje om den, men aldri blitt tur der iløpet av alle åra eg har budd i Jølster. Derfor er det ein god ting med fjelltrimpostar i Kommunane og den dugnaden som blir lagt ned her i Jølster er berre super på det. Men den rekk stort sett berre litt av lokalbefolkninga i dette tiltaket. Kommunen vår er dårleg på å merke, tilrettelegge på lågterskelnivå og til dels gjere kjent kva som finnast av naturperler for lokalbefolkning og turistar. I det vi kan kalle ein fjellkommune der vi også er eindel av storslåtte Jostedalsbreen Nasjonalpark i ein vill og nesten urørt natur, som etterkvart er ei svært ettertrakta vare. Jølster ligg også som eit knytepunkt med E-39 gjennom det heile. Denne turen og området er spesiell og ei utruleg flott naturperle!
Endeleg fagre Sollinova i Jølster
- Dato:
- 17.08.2015
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 8,9km
Første tur mot denne toppen var under ein fjelltrimpost for ca 7 år sidan ilag med Irene Irva (Irene Vassdal) Miriam og Jarle. På grunn av ganske sterk vind og litt utsatt siste del av toppen, ville ikkje Miriam på 12 år til topps. Vi fant ut at me kunne vente på Jarle, som tok siste 100 meterane opp. Sidan har den stått der og venta år etter år på å få sin bestigning :) No var endeleg dagen der og Brit Siv vart med etter jobb. Vi følgde vegen og vidare stien nesten inn til Bakkestøylen. For å sleppe litt vanskeleg kryssing av flaumstor elv som eg hugsar tilbake til lengre oppe i Sollibotnen. Valgte vi å gå opp på austsida av elva og vidare inn på ryggen til Sollinova som er merka sti til. Ein nydeleg fin ettermiddag og kveldstur vart det i urørt og vill Jølster natur.
Turfølge Brit Siv
"Festløpet" Skåla Opp
- Dato:
- 15.08.2015
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 16,6km
Køyrde frå Jølster lørdags morgen kl 07.00...Nydeleg ver og flott morgenstemning. Over 1700 mennesker deltok på tur til topps, det må eg seie er folkehelse på topp :) Fint ver, varm temperatur allerede på morgen og sterk vind...og ein rekna ikkje med nye perser denne dagen. Fornøgd var eg sjølv med løpet ettersom eg i år har slitt med allergi, forkjølingar og pust. Kjekt var det å ta norsk tredjeplass i klasse til tross for at Antonella Wyatt var utilnærmeleg i tid og 2 plass gjekk til Timea Meryni. Manglar høgaste topp punktet på Skåla...så vi måtte ein gjeng ( fleire peakbookerar) bortom høgaste topp punktet Stryneskåla etter løpet, i godværet :)
Snoadvarden og mini dugnad på Kvannebakkbu
- Dato:
- 13.08.2015
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 17,2km
Det er noko merkeleg med Snoavarden og Kvannebakkbu....Ein spesiell stad som ein rett og slett berre finn fred og ro! Sommaren har gått så fort og med mykje snø i fjella...så har eg drøya med å ta turen opp til fot`s. Snakka med Joar om han visste noko om snøforholda, heldigvis nevnde han på å ta med stegjern. Dei fekk eg bruk for over snøfonna, den er ikkje så høg men den lille biten var hard og isete. Stille og fredeleg var det her, ingen spor å sjå etter folk og dyr på breen. Sterk og kald vind gjorde beisøkta kortvarig, så eg kosa meg med utsikt, stilla og dugeleg niste, før eg russla ned att til bygda!
Padletur på Åsvatnet
- Dato:
- 12.08.2015
- Turtype:
- Kajakkpadling
- Distanse:
- 9,5km
Fin ettermiddagstur og padling ilag med Brit Siv
Galdhøpiggen frå Juvasshytta
- Dato:
- 09.08.2015
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 9,8km
Etter løpet Fanaråken opp dagen før, var planen å gå Galdhøpiggen frå Juvasshytta. Vi har alle tre gått den frå Spiterstulen tidlegare og det er alltid kjekt å gå ei ny rute, denne gang via breen. Formiddagen starta med kraftig vind, som roa seg ut på dagen. Solgløtt hadde vi og passeleg fin tur temperatur, men tjukk skodde på toppen. Fint er det då at vi har vore heldige med utsikta og veret på Galdhøpiggen tidlegare :)
Ein kosedag på Galdhøpiggen ilag med Miriam og Jarle
Fanaråken opp 2015
- Dato:
- 08.08.2015
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 16,8km
Start kl 11.00 frå Turtagrø, regn og yr på morgonen men ellers berre skodde. Flott nok ein gong med ny løyperekord av Johan Bugge på 56.46 og beste Dame, Jølstrajenta Eli Anne Dvergsdal på tid 1.09.31 Løyperekorden Damer har Anita Håkenstad Evertsen endå på tida 1.08.26 (2012)