Store og Vestre Kvitingskjølen (13.06.2014)


Startsted Sålell (1100moh)
Sluttsted Sålell (1100moh)
Turtype Fottur
Turlengde 3t 30min
Distanse 19,5km
Høydemeter 1100m
Kart
Bestigninger Nørdre Kvitingskjølen (2025moh) 13.06.2014
Store Kvitingskjølen (2064moh) 13.06.2014
Vestre Kvitingskjølen (2060moh) 13.06.2014
Midtre Kvitingskjølen (1971moh) 13.06.2014
Nordvest for Vestre Kvitingskjølen (1818moh) 13.06.2014

Reiste frå jobb kl 14 frå Jølster, tenkte Strynefjellet var raskast å køyre. Nydeleg flotte meldingar vidare til helga, så berre å komme seg på tur :) Tok av litt før Lomsegga og opp ein bomveg som kosta 50 kr Køyrde ganske langt oppover i Meadalen. Tok av i kryss mot Soleggen og køyrde opp til Sålell, parkerte ved Sållelselvi ved ei bru og eit einsleg støylshus. Der traff eg på ein familie frå Lesja, familiefaren var militærmann på sin hals og kona var tysk. Fekk kaffi før eg kom meg avgårde, kl var allerede 19.00 men det var lyst og triveleg, gjekk opp via p 1220 og kryssa Kvitingsgjelet ved Kjølsteinen. Gjekk ryggen opp og innom 1818, her gjekk ein ganske så stor Reindyrsflokk med småkalvar, eit flott syn :) Gjekk fint til fots, berre nokre småfonner att! Ein fjellvåk følgde meg oppover til Vestre kvitingskjølen. På tilbaketur plukka eg med Nørdre Kvitingskjølen 2025 moh før eg småjogga ut att langsved Kvitingsgjelet og til utgangpunkt att. Ein flott rundtur og fjella for meg sjølv, ikkje ei sjel å sjå. Me er jo eigentleg ganske så priviligerte som har sånne muligheiter til fred, ro og stille.

Frå Vestre Kvitingskjølen 2060 moh
Frå Vestre Kvitingskjølen 2060 moh
Frå Vestre Kvitingskjølen 2060 moh mot Store Kvitingskjølen 2064 moh
Frå Vestre Kvitingskjølen 2060 moh mot Store Kvitingskjølen 2064 moh
Frå Store Kvitingskjølen 2064 moh
Frå Store Kvitingskjølen 2064 moh
Nørdre Kvitingskjølen 2025 moh mot Store Kvitingskjølen
Nørdre Kvitingskjølen 2025 moh mot Store Kvitingskjølen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.