Store & Vetle Liahovden - Historisk funn! - Lærdalsfjella (03.08.2023)


Duration 5h 00min
Distance 13.6km
Vertical meters 838m
GPS
Ascents Grånosi (1,601m) 03.08.2023
Store Liahovden (1,763m) 03.08.2023
Vetle Liahovden (1,665m) 03.08.2023

Det er ikkje til å legge skjul på at dette har vore ein tur som har berørt meg veldig! Med ein bakgrunn sidan eg var liten, hugsar eg at eg drømde meg vekk på den lille heimøya mi Færøy i nord Solund om faktisk sånne øyeblikk. Hugsar løpsturane mine i ungdomsalder på den høgaste fjelltoppen på øya med sine ca 55 moh. Der eg ofte grunna på mangt og mykje i naturen. Det største då var nok kanskje også hurtigheita på turen og ikkje minst det å være åleine, nyte utsikta mot Alden, storhavet og havørna som sigla over hovudet. Historia som pappa hadde fortalt om dei store fururøttene som låg i småvatna og myrane her. Danskekongen som befalte å brenne all skog langs kysten vår for sjørøveri på 1500 tallet. Ei tid som vitnar om ei anna tid og eit anna klima. Eg hadde ein pappa som var rektor og flink å fortelle historie heime & på skulen. Som gav meg den nyfikne interessa for geografi og historie som eit springbrett vidare! Turfellesskap/ulike vennskap ilag med mange andre i seinare tid med samme interesser, har utvikla seg til noko fint i min kvardag vidare. Turen ilag med Anna Tråve dagen i forkant med historia om livet i fjella og faren som jakta rein og hadde bygd ei steinbu så høgt og langt oppe i desse fjellområda. Var og er av stor beundring! Når ein har ferdast i området & kanskje har historia! Så vil ein forstå omfanget.
Meldingane for tida denne dag er ustabilt med lettskya/sol på føremiddag og regn med torebyger på ettermiddag i høgfjellet for området. Så det er berre å komme seg igang på morgenkvisten! :)

Kvelds stemning!
Kvelds stemning!
Mot Store Liahovden
Mot Store Liahovden

Fint sommerver på førmiddag å legge ut på tur! Vermeldingane er oppdatert når det er tilfeldig dekning! Alt stemmer også når skyene drar seg til rundt Store Liahovden ifølge tida og meldingane.

Der låg den!
Der låg den!
Der var øyeblikket som fekk tida til å stå stille! På ca 1500 moh mot toppen av Store Liahovden 1763 moh
Der var øyeblikket som fekk tida til å stå stille! På ca 1500 moh mot toppen av Store Liahovden 1763 moh
Så vilt stort eit øyeblikk å halde dette funnet! Der den låg framme imellom småura!
Så vilt stort eit øyeblikk å halde dette funnet! Der den låg framme imellom småura!

Dette er iallefall eit øyeblikk eg har tenkt så vanvittig mange ganger på om eg vil finne eit forhistorisk funn i fjella som eg trakker så mykje rundt i. Der var ønsket oppfylt! Så kan ein tenke seg tida og situasjonen der pila låg. Kven var den personen som etterlot seg denne!!

Lynet har vore her før på toppen av Liahovden! På veg ned av toppen kom ei kraftig haggelbyge! Heldigvis ikkje lyn i den byga.
Lynet har vore her før på toppen av Liahovden! På veg ned av toppen kom ei kraftig haggelbyge! Heldigvis ikkje lyn i den byga.
Ned ifrå Liahovden mot Vetle Liahovden
Ned ifrå Liahovden mot Vetle Liahovden
Mot Store Liahovden
Mot Store Liahovden
Ein stadig påminnelse om storheitstida som var!
Ein stadig påminnelse om storheitstida som var!
Ifrå Grånosi mot vetle Liahovden
Ifrå Grånosi mot vetle Liahovden
Liahovden
Liahovden
Kraftig torever kom som meldt!
Kraftig torever kom som meldt!
Ifrå jaktbua mot Vetle Liahovden. Fint å komme her til kveldinga.
Ifrå jaktbua mot Vetle Liahovden. Fint å komme her til kveldinga.
Nydelig jaktbu og tid ved den i dette området.
Nydelig jaktbu og tid ved den i dette området.
Staselig å lese alle øyeblikka og jakt historiene i bøkene ved jaktbua.
Staselig å lese alle øyeblikka og jakt historiene i bøkene ved jaktbua.
For ei historie! Med vemod! Ikkje eit einaste reinsdyr igjen i desse fjellområda!
For ei historie! Med vemod! Ikkje eit einaste reinsdyr igjen i desse fjellområda!
Då det var lov!
Då det var lov!
Nydelig kveldsstemning ved Hilmsvatnet
Nydelig kveldsstemning ved Hilmsvatnet

Etter kraftig torever i fjella ved Hilmsbu på ettermiddag, så roa veret seg og det vart ein ekstra tur på kveldinga ifrå bua til Fossanosi 1611 moh.
Mange inntrykk denne dagen! Før tankane streifa neste dag mål til Store Hånosi 1836 Raudnosi og Håstarren.
The Highwaymen er ei låt som ligg her!
https://www.youtube.com/watch?v=bMdeg-WKt1U&list=PLE6CQ31RK9-pM2wfx1uR3zhNwTD06byG3

User comments

  • -
    avatar

    Kult å finne "historie"!

    Written by 19topper 11.08.2023 12:31

    Det der har jeg også lenge ønsket meg å oppleve. Ja ja , jeg er jo heldig som får gå flere turer fremover, imens du har gjort ditt funn og nå ikke trenger å i fjellet lengre (humre humre) Og igjen flotte stemningsbilder fra turene dine !

    • -
      avatar

      Sv: Kult å finne

      Written by Eikås 13.08.2023 10:30

      He-he Tor-Arne :) Håper du også finner noko :) Fin sommer vidare til deg :)

  • -
    avatar

    Oioioi!!!

    Written by Fjellsamleren 11.08.2023 09:47

    Så utrolig spennende! Selv har jeg hele livet ønsket å gjøre et slikt funn på en av mine turer i fjellet. Denne må jo være fra Jernalderen. Da snakker vi alt fra 500 f.kr til år 1050. Skal du levere den inn til Kulturhistorisk museum for å få verifisert når den er fra og hva den ble brukt til?

    • -
      avatar

      Sv: Oioioi!!!

      Written by Eikås 13.08.2023 09:42

      Hei Endre! Det sa eg og då eg fann! :) Eg snakka med ein grunneigar der inne, for å høyre om det var gjort fleire funn i dette området. Det er gjort ein god del flotte funn i dei fjellområda. Eg har fundert litt på korleis lokalområdet skal få tilbake eit sånt funn og historia om den. Det er mulig å levere inn til Fylkeskommunen Vestland. Eg vil levere den inn for å få vite litt meir! Var inn å såg på det du nevnte på med Kulturhistorisk museum. Mykje spennande å lese og sjå der. Du lyt inn i dette fjellområdet :)

  • -
    avatar

    Utrolig spennende

    Written by Stigun 10.08.2023 21:34

    funn! Må ha vært litt av en opplevelse. Flotte bilder!

    • -
      avatar

      Sv: Utrolig spennende

      Written by Eikås 12.08.2023 21:55

      Takk! Ja, dette gir virkelig meining i forståelsen og svar på det ein søker! :) Du må ha ein fin natur sommer vidare :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.