Myklebustbreen på langs! Jostedalsbreen Jølst/Gloppen/ Stryn (21.03.2022)
| Start point | Fossheim (317m) |
|---|---|
| Characteristic | Backcountry skiing |
| Duration | 8h 26min |
| Distance | 30.2km |
| Vertical meters | 1,929m |
| GPS |
|
| Ascents | Myklebustbreen (1,709m) | 21.03.2022 |
|---|---|---|
| Punkt nord på Myklebustbreen (1,739m) | 21.03.2022 | |
| Snønipa (1,826m) | 21.03.2022 | |
| Visits of other PBEs | Myklebustdalen parkering (308m) | 21.03.2022 |
I ei langvakts helg på jobb, var det ikkje fritt for at fokuset mitt dvelte på godeveret som var av den største SOL søndagen nokon gang!
Eg prøvde sjølvsagt å tenke på alt anna, enn at eg kunne trakke vilt rundt på tur i godveret etter dei ekstra fine opplevelsane!
Noko som ein virkelig lengtar heile livet etter, så langt innerst inne i sjela!
Det kunne kjennast ut som om blodsukkeret var komt langt under skosålen!
Det fantest ingen hindring, som kunne stoppe meg for å komme meg ut på tur i høgda på første fridag.
Samtidig så setter eg umåtelig pris på denne kombinasjonen ved å være på jobb og kunne bidra til fellesskapet, for så å gjere mine ting som trening og friluftsliv på fritida. Det er eigentlig ei god likning på eit godt liv hos meg.
Denne turen måtte være tidenes vårlege tur med fleire innslag av solnytelse og fotografering undervegs. Det er alltid stas å sjå innpå stortoppane i Hurrungane massivet. Og tid i sola var det til å sitte på topp punkta å studere fjella rundt, innpå Jostedalsbreen og heilt til havs. Ein klarversdag av dei sjeldne! Denne skituren kjendast ut som ein god gammaldags fin mai tur på breen. Har tenkt ei stund på å gå opp breen ifrå Fossheim/Sanddalen i Gloppen. Denne gangen vart spiren sådd i veka og meldingane skulle vise seg å halde ut som meldt med sol og mindre vind. Fantastisk :) Kjekt å tenke på at fleire kjenningar var på tur rett over på den andre sida av Jostedalsbreen denne dagen. Vi traff ingen på tur undervegs og ingen å skue heile dagen på Myklebustbreen. Kun eit fjellskispor til toppen av Snønipa med tur/retur ifrå vårt startutgangspunkt. Nye skispor var det også ifrå Haugadalen ilag med våre gamle ifrå tysdagen.
Dette vart ein dag som vart til undervegs...
Eit fjell som står høgt på turopplevelse i dette riket!
https://peakbook.org/tour/181004/Kvannefjellet+1712+-+Siste+100+Pf+J%C3%B8lster.html




























User comments