Snønipa! Jølster/Gloppen/Jostedalsbreen - Bauta i godt lag! (15.03.2022)

Startpunkt Høyset/Stardalen (343m)
Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 6h 35min
Entfernung 20,1km
Höhenmeter 1.517m
GPS
Besteigungen Snønipa (1.826m) 15.03.2022 10:47

Nokre av dei beste turane er dei som ein berre tenker og som ligg der i underbevisstheita! Dit blir det idag! Hadde selfølgelig sjekka veret og visste at vinden kunne bli litt hard der oppe! Men, det satte ingen hindring i lysta til oss tre. Ein telefon til Joar og han var ikkje tungbedt til å være med. Joar har nok komt ut av telling på turer i desse fjellområda gjennom eit langt fjell liv. Joar er skuld i at eg har den dragninga til dette fjell livet. Inge hadde ikkje vore på toppen av Snønipa, og har tenkt på den i lange tider! Joar hadde nok samme tanken som eg. No lengter eg etter turen til Snønipa og breen. Det er spennande å følge med på forandringane i isbreen her. Det skjer forandringer i nedsmeltinga på kort tid! Takk for ein dag i mektige omgivelser Joar og Inge. Tida og dagen var sett av til å nyte elementa, planer, diskusjoner om alt imellom himmel og jord. Resten forblir i turfølget :)

Ein blir liten i rasa her i dalføret i Haugadalen

Rasa går tett oppe i dalføret i Haugadalen

Sol lekkert i fjellet var også meldingane for dagen!

Ifrå Haugastøylen med utsikt over Haugadalen og ned mot Høyset i Stardalen.

Ifrå Haugastøylen mot Jostebotnen og Hanekammen 1651 moh Med eit nydelig nedrenn ifrå ein ypperlig ski klassiker.

Ifrå Haugastøylen mot oppgangen til Haugabreen og Kvannefjellet.

Ein anna fjellfant har vore på tur!
Ein anna fjellfant har vore på tur!
Med solide labber! :)
Med solide labber! :)
Det er alltid fascinerende å kike på isbreen sine formasjoner!

Mektig vakkert er det iallefall! Ein av grunnane til at ein lengter etter desse øyeblikka!

Ifrå Snønipa mot Kvannefjellet og Hanekammen

Snønipa er ein bauta, som ein ser ifrå eit vidt område!

Skybanken som låg lenge over Jostedalsbreen, kom brått og raskt til toppen av Snønipa på ettermiddagen.

Ein sjelden gang eg har opplevd at siste høgdemeterane opp til toppen ikkje har vore glasert. Stegjerna fekk ligge godt i sekken denne gangen!

Eg og Joar! Sola rakk vi tre akkurat nokre få minutter å nyte på toppen ved varden. Det visast ikkje at det bles over 20 m/s på toppen og at det var sabla kaldt i vinden. Litt ly bakom varde/ishaugen.

Bilder teke raskt i den harde vinden.
Bilder teke raskt i den harde vinden.
Sikta nedover var ikkje heilt som oppturen.

Vekslande skyer og sol nede igjen ved Haugastøylen.

Ifrå Haugadalen mot Gallen og Nonsnova
Ifrå Haugadalen mot Gallen og Nonsnova
Nede igjen på parkeringa ved Høyset i Stardalen. Fint å avslutte turen med tid til meir fjell prat! :)

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.