Mot Jostedalsbreen med ein langt inne retur!! (12.02.2021)


Start point Befring nedre P
Characteristic Backcountry skiing
Distance 11.4km
Vertical meters 801m
Befringstøylen
Befringstøylen
Kveldsola å nyte i kalde blå ifrå Befringsdalen/Jølster
Kveldsola å nyte i kalde blå ifrå Befringsdalen/Jølster

Nydelige kalde dager og sol ifrå blå himmel! Dager etter dager som går inn i vekesvis! Det kribler etter å komme seg opp i høgfjellet og på breen. I mitt aller nære og bakgård er Jostedalsbreen i eit nesten steinkast! Minusgrader ligg på - 22 Vinder ifrå søraust og vest i dette området, har jobba & lite snø. Hardpakka og glasert! Det er store kontrastar imellom fjella her i Jølster. Det er alltid like spennande å planlegge utifrå sine eigne mål. Teste forholda som ingen kan gi eit heilt forhandsvarsel på om du ikkje nettopp har vore der. Det gir stor meining i mitt friluftsliv. Når eg søker Jostedalsbreen i januar/februar kjem eg alltid på den første turen eg hadde tidleg ein januar ifrå denne oppgangen ilag med Joar til Supphellenipa. Ein tur som endå ikkje er registrert! Eigentlig ganske få som oppsøker området på denne tida. Det var då også ein kald og fantastisk naturopplevelse på fjellski. Bilde ifrå den turen til Supphellenipa 1731 ilag med Joar har eg gitt til Fri Flyt si bok "Toppturar i Sunnfjord" Ellers så har eg lagt inn ein anna like legendarisk tur ifrå dette fantastiske naturriket.
https://peakbook.org/tour/80852/Langtur+og+treningstur+til+Supphellenipa+i+tidenes+ver+:%29.html
Planen denne gang var å ta Inge med på Supphellenipa 1731 for så vidare tur etter samlerlista til Sogn & Fjordane sine topper Myrhaugsnipa 1648 og Opptakshaugane 1687 ved Opptaksbreen. Det vart ikkje etter planen denne gangen! Den fantastiske og barske naturen ga eit vink om at det "kanskje" passer betre med besøk i eit seinare høve om du har tolmod :) Vi snudde med eindel fram og tilbake! Turen hadde nok vidare blitt stegjern over glaserte områder ifrå Strupen, flakskred terreng og nokolunde greit fjellskiterreng over breen i enkelte parti totalt. Turen vart likevel ein god tur med sekker på 24 kg i ymse terreng (Sekker med totalvekt tenkt til eit par overnattinger på Kvannebakkbu) Men, det vart med ny plan om ny tur neste morning til Vikafjellet og nye fjell der :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.