Ein litt rar dag! I også eit vente på prøveresultat på coronatest. Det etter å kjenne på noko slappheit i kroppen, hovudverk og sår hals. Føler det hjelper etter tidligare liknande symptom å komme seg ut i frisk luft og få svette ut elendigheita i fin ensomheit og stille! Dette så langt ein ikkje anstrenger seg for hardt og er "nokolunde" tørr og varm. Det gjekk heldigvis som egenerfaringa tilsa... Testsvar no til kvelden var heldigvis negativ. Faktisk takknemmelig for at det er ei "god gammal" vinterforkjøling til bryning av immunforsvaret! Og at eg kan reise tilbake på jobb til pasientane mine igjen :)
Innom støylen er alltid kos! Henta ryddesaksa som eg har satt igjen for dei andre som har vore med å rydde krattskog til eit betre nedrenn til vinteren ifrå Eikåsnipa.
Ei lita ryddeøkt vart det ved nederste uteløa vår. Kanskje det går å få til som ein naturleg triveleg plass å ta ein pause på heimveg etter toppbesøk på Eikåsnipa. Taket på uteløa fekk vi midler til å tette i år 2000 og ungane mine Espen & Miriam som då var små deltok i prosjektet! Gode minner :) Espen har overteke garden idag og er positiv til at ski interessa av andre også i distrikta har lyst til å nytte fjellet og området :)
Ein kveldstur oppom huset i Sanddalen med skue mot Klauva 847 og Sanddalsfjellet 1191 /Steinegga som ligg like ved til venstre i bildet og som ikkje visast på bildet.
User comments