Higravtinden eit mektig fjell & høgst i Lofoten (02.08.2020)

Startsted Samfunnshuset på Eide (28moh)
Turtype Fottur
Turlengde 4t 49min
Distanse 6,5km
Høydemeter 1213m
GPS
Bestigninger Higravtinden (1146moh) 02.08.2020
Higravtinden Fortoppen (1144moh) 02.08.2020

Den mektige og flotte Higravtinden 1146 moh ligg på austsida av Austvågøy. Den er høgst i Lofoten og den er eit grensepunkt mellom Hadsel og Vågan kommune og har det høgaste punktet i begge kommuner.
For ein dag å nyte eit sånt fjell! Sidan ein ikkje alltid veit forholda på topper som dette, der det krevast litt meir enn kanskje berre joggesko nokre ganger. Då pakker ein jo med det som trengst i tilfelle! Stegjern, isøks og hjelm var med i sekken. Denne gangen var det ikkje nødvendig med stegjern og isøks i den tida vi gjekk. Snørenna var mjuk og fin! Kjekt var det å treffe på og preike med ein lokal ung herremann! Som hadde si tid denne formiddagen opp på toppen på ca 54 minutter og kanskje ganske så sikkert litt kortare tid ned igjen. Der det også var å kunne observere han i stødige trinn i nedfarten og på heimtur :)

Eit lite mellomparti med sva og fjell før ei ny lita snørenne kunne nyttast!
Eit lite mellomparti med sva og fjell før ei ny lita snørenne kunne nyttast!
Snørenna var optimal då vi ankom!
Snørenna var optimal då vi ankom!
Varmt og fint oppover og for ei utsikt etterkvart :)
Varmt og fint oppover og for ei utsikt etterkvart :)
Den eine openbaringa etter den andre dukker opp...
Den eine openbaringa etter den andre dukker opp...
Lunt, stille og solvarmt! Lukta av sommer og fjell er berre å nyte! :)

Blikkstille og solvarmt på toppen av Higravstinden
Blikkstille og solvarmt på toppen av Higravstinden
Tinder det ikkje går å få nok av :)
Tinder det ikkje går å få nok av :)
Her kunne eg sitte i lange tider! Her går det å finne ro!
Her kunne eg sitte i lange tider! Her går det å finne ro!

]

For eit fjell land me har :)
For eit fjell land me har :)

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.