Espa & Guddalsfjellet - På tur med ein strålande turvenn! (20.07.2019)

Start point Færøyvik (16m)
Endpoint Færøyvik (13m)
Characteristic Jogging
Duration 1h 25min
Distance 6.5km
Vertical meters 286m
GPS

Eindel av ferien min er også å komme tilbake til Solund og øyane lengst vest ute i havgapet. Utruleg fint at det også er det vestligaste i Noreg. Øya Færøy er ikkje så stor, mellom to og tre kvadrat km og stor nok til å nyte fine turar. Mangfaldet er stort og eg har alltid likt denne rundturen på øya sidan eg var liten.
Her er 8 fastbuande igjen på øya i dag! Ein av dei har nokre sauer og lever av å være skipper på ferja i ytre Sula. Eit ektepar driv båtbyggeri og smie på øya og har bra med abeid. Foreldra mine er pensjonerte lærerar og tanta mi i Færøyvika har drevet ein av dei største gardane som var i Solund ei tid. Bernhard Færøyvik kjem ifrå denne garden og var båtgranskar og kysthistorikar. Sonen Øystein Færøyvik har samla heile verket til faren og skrevet mange bøker ifrå dette. Utruleg spennande og interessante historier og fortellinger ifrå kystlivet. https://nn.wikipedia.org/wiki/Bernhard_Færøyvik
Det var laksefiske, taretråling og mjelkeproduksjon. Der mjelka vart kinna til smør og frakta til Bergen med lastebåt. I dag er det vel kanskje berre eit mjelkebruk at i Solund på fastøya. Om somrane bruker det å være mange av dei utflytta og ellers ein del sommerturistar heime. Denne gangen var det ganske så stille på øya.

På veg inn til Vassdalen der det gamle skulehuset ligg, kom der plutselig ei som ville være med. Ho var ikkje villig til å snu heimatt.

Det gamle skulehuset er litt over 100 år og er nyoppussa av ein møring. Han eig det som feriehus. Vi var 11 elevar på det meste og tre på det minste. Det var nok ein god del fleire elever i den tid det var bygt.

Fjellknausane her er spesielle! Mot Guddalsfjellet 55 moh. Navnet er det ingen som kan forklare.

Turvennen min viser seg å være ein reser i fjellbestigninger :) Konglomeraten her ute er perfekt! Eit spennande underlag å farte på og nyte skuet av.

 Flott skue inn til hovedøya mot Hersvikbygda, Ulvegreina, Dumbetinden, Pollatinden og mot Ytrøy

Turvennen min viser seg å være ein reser i fjellbestigninger :) På Espa med flott skue til Alden

Den nydelige purpurlyngen som gir ei fantastisk duft ilag med den mektige havlufta = Sommer

Ved Vikavatnet og Hatthogen. Vikavatnet gøymer mange  fururøtter som viser at øya ein gong var skogkledd av ein enorm og stor furuskog.

Den finaste staden er ved Selvikane med Alden 480 moh som eit mektig skue.

Onkelen min dyrka 40 mål i eit sammenhengande areal på øya. No held naturen på å ta att!

Takk for turen! No veit eg kor du høyrde heime :) Du heitte Toppsy og kjem opprinnelig ifrå Naustdal. Ei blanding av Border Collie og Labrador. Du var eit perfekt turfølge som eg innviterer gjerne med neste gang :)

Idyll på Færøy
Idyll på Færøy

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.