Flistrahornet & Vaulehornet- Ein likandes tur! (02.02.2019)


Start point Øyra (9m)
Endpoint Øyra (8m)
Characteristic Snowshoe trip
Duration 3h 52min
Distance 8.6km
Vertical meters 1,062m
GPS
Ascents Flistrahornet (637m) 02.02.2019
Vaulehornet (566m) 02.02.2019

Rastlaus og lysten på nye inntrykk igjen! Fine fjell ute ved havet, er ikkje så aller verst å trakte etter på vinteren. Lyset og ver skiftingane ytterst der ute, har noko eige ved seg. Men eg hadde ikkje forventa at det var komt så mykje snø. Så eg stussa eit lite øyeblikk, etter ca 200 hm. Ifrå fot og truger, var eg komt til tidenes vinterland! I over ein halvmeter med laus snø av finaste sort også kalla finaste pudder! Eg ser føre meg pudder utrykket i pudderstøvskya eg brukte i ungdommelige dager på 80 tallet. Pudder var der i rikt monn på begge stader! Så eg sto der ei stund og lot meg irritere over valget mitt av truger. Men det gjekk seg til undervegs :) Det vart til tider nokre små bratte parti mot siste toppen og ein tur som krevde bittelitt ekstra meir energi. Noko som gjere denne turopplevelsen ekstra fin, ilag med alt det andre av natur inntrykk. Det kjennast befriande å utforske det naturen har å by på av sine ulike drakter!

https://www.youtube.com/watch?v=sNNYtm2XJGc

Eventyrleg vinterstemning der ute ved havgapet!
Eventyrleg vinterstemning der ute ved havgapet!
Bakerst mot Vaulehornet 566 moh
Bakerst mot Vaulehornet 566 moh
Ved foten av Flistrahornet 637 moh
Ved foten av Flistrahornet 637 moh
Nydelig kveldsol ved Hornelen ifå Flistrahornet 637 moh
Nydelig kveldsol ved Hornelen ifå Flistrahornet 637 moh
Ifrå Flistrahornet 637 moh mot øya Barmen og yst ute Stadlandet
Ifrå Flistrahornet 637 moh mot øya Barmen og yst ute Stadlandet
Nydelig kveldsol ifrå Vaulehornet 566 moh
Nydelig kveldsol ifrå Vaulehornet 566 moh
Ned mot Tverrfossevatnet 442 moh Bakerst i bildet kan ein skue mektige Gjegnen 1670 moh ved Gjegnalundsbreen/Bremanger
Ned mot Tverrfossevatnet 442 moh Bakerst i bildet kan ein skue mektige Gjegnen 1670 moh ved Gjegnalundsbreen/Bremanger
Tilbakeblikk mot Flistrahornet ifrå Vaulehornet
Tilbakeblikk mot Flistrahornet ifrå Vaulehornet
Overnatting i rundkøyring og ved vegs ende! Ein stad mellom Ytre og Indre Fure/Selje. Fantastisk fint å sovne til havdønningane her ute ein vinterdag.
Overnatting i rundkøyring og ved vegs ende! Ein stad mellom Ytre og Indre Fure/Selje. Fantastisk fint å sovne til havdønningane her ute ein vinterdag.
Våkna opp til det lokale brøytemannskap i rundkøyringa. Det hadde lava ned 10 nye cm snø i løpet av natt og morgentimer!!
Våkna opp til det lokale brøytemannskap i rundkøyringa. Det hadde lava ned 10 nye cm snø i løpet av natt og morgentimer!!
Hærleg er det å nyte skuet og lyden av havdønningane ein vinterdag i februar.
Hærleg er det å nyte skuet og lyden av havdønningane ein vinterdag i februar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.