Lundaskaret/Jølster- Ei perle for alt ein kan tenke seg m.m (18.10.2018)
Startpunkt | Lunde (291m) |
---|---|
Endpunkt | Lunde (341m) |
Tourcharakter | Wanderung |
Tourlänge | 3h 44min |
Entfernung | 4,9km |
Höhenmeter | 750m |
GPS |
![]() ![]() |
Som t.d klatring, løp, kajakktur via Kjøsnesfjorden.
Fottur vidare ifrå Lundaskaret til Sygnesandsnipa 1548 moh og vidare til så mange andre fine områder. https://peakbook.org/tour/267784/Sygnesandsnipa+%26+ein+Jølster+indrefileet.html
Skuet er majestetisk vakkert med Jostedalsbreen, den grønne Kjøsnesfjorden med eit maskulint polert og høgreist fjellområde. Nærøyfjorden 1 vil eg seie, av muligheter og kontraster. Fordi her ligg breane midt opp i alt! Eg kan ikkje anna å seie enn at dette er eit ynda område å nyte alle dei gode friluftsaktiviteter/liv ifrå. Sett vekk ifrå nokre inngrep som er ganske så markante i dette området. Søte små rasvoller og kraftutbygginger! Dei er registrerte og det er nok to sider i dette! Hadde eg hatt mulighet, så hadde eg selfølgelig fjerna dei umiddelbart. Fordi kuttlista i kommunen er større enn nokon gong av dei kommunale tenestene d.t. Kor reiser gevinsten av kommunekraftutbygginga/Jølstragullet!! Eg trur framleis at den største økonomien ligg i skånsom, rasjonell naturbruk generelt! Det å bruke teknologien/kunnskapen vår rasjonelt uten å tenke profitt er nok den største utfordringa vi har. Sannsylegvis den største gevinsten på lang sikt! Urørt natur og stillhet er også noko vi søker til og trekker tilbake til uansett ståstad i livet! Mi eiga erfaring, i dei ulike miljø, samfunn/kommuner, jobb med mennesker, psykiatri/rus. Ein får så mange ganger ekstra bekreftelser på at det faktisk er så enkelt, men likevel så komplisert. I sommar fekk eg vel heller eit spesielt oppdrag. Det var å guide ein av verdens rikaste mann på ein fjelltur i nærområdet! Eg tenkte nok alt for komplisert likevel, for lykka låg jo der jo så ufatteleg enkel, god og jordnær. Vårt vestlandsver, regn, friskheit, urørt og stille! Det var ALT og det var faktisk det eg likar best av ALT. Eg tenker nok litt ekstra tanker om dette, det er særs viktig å kjempe for det ein har tru på. Mennesket er nok det største rovdyret i mange sammenhenger. Naturen er faktisk ein del av oss og ligg i vårt hjerte og natur til det siste.
https://peakbook.org/tour/270726/Dagen+idag%21.html
Timebetalinga lokka...Men det som var det viktigaste, var den felles genuine gleda av felleskapet og naturopplevelsen ilag på tvers av alt.
https://www.bing.com/videos/search?q=pony+ma&view=detail&mid=84CB63CAB9F9CD32D5F984CB63CAB9F9CD32D5F9&FORM=VIRE
https://www.nrk.no/sognogfjordane/noregs-brattaste-tilrettelagde-sti-opna-1.13138131
Denne turen i dag 18.10.18 til Lundeskaret var rein fototur! Der alle sanser skulle skjerpast i dei fantastiske haustfargane :)
User comments
Lundeskaret
Written by Sunset 20.10.2018 21:21Etter mange år på vent, fekk eg endeleg i sommar, ein tur opp Lundeskaret, og vidare til Sygnesandsnipa og Tverrfjellet. Eg skjønar at dette er et område som du set stor pris på. Eg syntes det var eit fantastisk område som må oppsøkast fleire ganger. Mektig imponert over ungdommen som eg møtte som brukte Lundeskaret som joggeløype. Det er ikkje for kven som helst.