Høgeloft ++ Lærdal - Ein av dei store! (12.08.2018)


Turtype Fottur
Turlengde 3t 46min
Distanse 10,8km
Høydemeter 991m
GPS
Bestigninger Høgeloft (1920moh) 12.08.2018
Knipenborg (1738moh) 12.08.2018
Nord for Knipenborg (1538moh) 12.08.2018

Høgeloft har stått ei stund på ønskelista! Anna Margrete Tråve bur på Tråve i Lærdal og er ei god venninne som eg vart kjent med då Storehesten i Bygstad hadde NM i motbakkeløp. Heidi Weng tok løpsrekord og eg då stolt eigar av mitt NM sølv. Anna Margrete går nok inn i historebøker med sitt eventyrlege løpsliv i inn og utland. Ho har ei treningsglede og ei fjellglede som eg ikkje har sett maken til hos andre og derfor var det ekstra stas å få være på tur ilag på akkurat Høgeloft. Det finnast mange som gjere og lever eit liv innan trening, fjell, klatring til det ganske så ekstreme på høgt nivå! Og som ikkje har noko behov for å fortelle... Det finnast berre ei så vanvittig genuin interesse og som eit selfølgelig liv hos desse menneska. Sånne mennesker får eg stor respekt for! Eg hadde nett snakka med Joar om nokre gps spor (stort sett gps, kordinater, klatre og fjellruter det dreier seg om i desse samtalane! :) Ps. litt siste nytt også ;) Eg sa at eg hadde tenkt ein tur til Lærdal og toppen der, han hadde ikkje vore på Høgeloft heller og heiv seg med. Reiste ifrå Jølster kl 07 og var turklar på Høgeloft kl 10.30. Vi sette ein bil innerst inne av bomvegen og ein ved start. Så gjekk det jamt og trutt som ein fin rundtur over dei tre toppane. Vi avslutta i solveggen i tunet til Anna med gode lokalhistorier og ein god kopp kaffe. Sidan måtte Jølstringane snu nasa vestover igjen! Takk for ein veldig triveleg dag ilag i fjellet!

Endå lågt skydekke i Jølster kl 07 Mot Kjøsnesfjorden og Grovabreen
Endå lågt skydekke i Jølster kl 07 Mot Kjøsnesfjorden og Grovabreen
Starta ved vardemerking til Høgeloft (Men ikkje skilta)
Starta ved vardemerking til Høgeloft (Men ikkje skilta)
På toppen av Høgeloft 1921 moh Lågt skydekke var meldt fram til kl 12.00 Så solgløtt vart det på toppen og det stemde med yr sine meldinger!
På toppen av Høgeloft 1921 moh Lågt skydekke var meldt fram til kl 12.00 Så solgløtt vart det på toppen og det stemde med yr sine meldinger!
Minusgrader kunne det meldast på toppen!
Minusgrader kunne det meldast på toppen!
I Anna Margrete sitt rike!
I Anna Margrete sitt rike!
I Anna Margrete sitt rike!
I Anna Margrete sitt rike!
Lunsj velkomst ifrå varden på Høgeloft!
Lunsj velkomst ifrå varden på Høgeloft!
Avsluttande god kaffe pause i sola, inkludert den beste sjokolade!
Avsluttande god kaffe pause i sola, inkludert den beste sjokolade!

Kommentarer

  • -
    avatar

    Bomveg

    Skrevet av KristineL 17.08.2019 15:15

    Hei.

    Dette så ut som en veldig flott tur. Vet du om og eventuelt hvor det kan være mulighet for å få tak i bomvegsnøkkel? Mvh Kristine

    • -
      avatar

      Sv: Bomveg - Høgeloft

      Skrevet av Eikås 30.08.2019 19:41

      Hei Kristine!

      Eg beklager noko seint svar...Av og til glipper det nokre meldinger! Eg har sjekka ut det du lurte på om bomvegsnøkkel, med venninna mi ifrå dette området. Om du ikkje har vore på toppen allerede, så er det berre å gje meg ei melding når du tenker deg avgårde :)

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.