Kvasshornet & Dombesteinseggene med ein sliten følgesvenn! (16.06.2018)


Start point Myklebustsætra (160m)
Endpoint Myklebustsætra
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 30min
Distance 23.2km
Vertical meters 1,390m
Map
Ascents Dombesteinseggene (1,093m) 16.06.2018
Dombesteinseggene aust (1,061m) 16.06.2018
Inste Aksla (1,059m) 16.06.2018
Kvasshornet (1,094m) 16.06.2018
Kårnyken (1,060m) 16.06.2018
Rundehaugen (969m) 16.06.2018
Sætredalsegga sør for (676m) 16.06.2018
Ytste Aksla (1,050m) 16.06.2018
Eit av dei fantastiske skattekammera mellom Kårnyken 1060 og Kvasshornet 1094 moh
Eit av dei fantastiske skattekammera mellom Kårnyken 1060 og Kvasshornet 1094 moh

Dette området er eit eldorado med særpreg! Steinart og eit fjell ein ikkje kan ta for gitt, labyrinter og eit fantastisk hyllesystem. Brått mellom alt, vide sletter og nesten som eit steppelandskap. Vatn og elver som denne dagen fossa avgårde, etter nokre døgn med etterlengta regn. (Fordi vi har hatt historisk regnfri i over 1 mnd her på Vestlandet) Gleda og spenninga ved å bevege seg inn og kike i nye terreng er like stor kvar gong. Ein veit aldri kva skattekammer og oaser ein finn! Kanskje ikkje heilt tilfeldig at det sto ein bil ifrå norsk geoforskning på parkering, då eg kom tilbake. Veret var meldt lettare her ute i Nordfjord, enn inne i Jølster. Så valget vart raskt bestemt, sidan eg hadde tenkt denne rundturen ei stund. Starta ifrå Fv 614 ved Myklebustsætra, etter litt styr med å få starte sporlogg på min Montana Garmin 650. Det hadde vore litt problem med touchskjermen på dei siste turer. Eg har nok tenkt at den etterkvart var mett av alder og bruk. Den har vore min faste og beste følgesvenn nesten dagleg. Og har berga meg mange ganger i skodde og ukjent terreng! Det vart ein flott rundtur via Dombesteinseggene og ingen andre å sjå enn tre praktfulle hjorter som beita ved Sætredalsvatnet 597 moh. Då eg sprang over Dombesteinseggene, kunne eg godt forstå kvifor det har fått det navnet. Vel nede til parkering og strålande nøgd etter ein fantastisk tur. Skulle eg lagre turminnet mitt på GPS, men den ville ikkje meir...Eg hadde ikkje trudd at ein skulle få så djupe følelser for ein "ting" men eg kjende at dette var vemodig! Eg hadde kjent på samme følelsen då eg mista kameraet mitt i bresprekken på klatretur opp Maritinden 1300 moh i Bremanger/Florø Men alt kan jo ikkje vare evig! Eg prøvde iallefall å trøste meg sjølv med det.

Ifrå Sætredalsegga sør for 676 moh mot Rundehogen 969 m med Sætredalsvatnet 597 til venstre
Ifrå Sætredalsegga sør for 676 moh mot Rundehogen 969 m med Sætredalsvatnet 597 til venstre
Ifrå Rundehogen 969 m mot Klakegga 1093 m og Dombesteinseggene
Ifrå Rundehogen 969 m mot Klakegga 1093 m og Dombesteinseggene
Ifrå Rundehogen 969 m mot Kårnyken 1060 m og Kvasshornet 1094 m
Ifrå Rundehogen 969 m mot Kårnyken 1060 m og Kvasshornet 1094 m
Ifrå Kårnyken 1060 moh
Ifrå Kårnyken 1060 moh
Ifrå Kårnyken 1060 moh mot Ålfoten og Sigdestadnakken
Ifrå Kårnyken 1060 moh mot Ålfoten og Sigdestadnakken
Ifrå Kårnyken 1060 m kvast og lekkert!
Ifrå Kårnyken 1060 m kvast og lekkert!
Mot varden til Kvasshornet 1094 moh
Mot varden til Kvasshornet 1094 moh
Frå Kvasshornet 1094 moh ned til Isane, Isefjorden og Nordfjorden
Frå Kvasshornet 1094 moh ned til Isane, Isefjorden og Nordfjorden
Frå Kvasshornet 1094 moh mot Dombesteinseggene og Klakegga
Frå Kvasshornet 1094 moh mot Dombesteinseggene og Klakegga
Ein stakkars varde på Kvasshornet 1094
Ein stakkars varde på Kvasshornet 1094
Ifrå Dombesteinseggene aust 1061 m mot Klakegga/Dombesteinseggene 1093 moh
Ifrå Dombesteinseggene aust 1061 m mot Klakegga/Dombesteinseggene 1093 moh
Ein solid og flott varde ved Klakegga/Dombesteinseggene 1093 moh
Ein solid og flott varde ved Klakegga/Dombesteinseggene 1093 moh
Inste Aksla 1059 moh
Inste Aksla 1059 moh
Inste Aksla 1059 moh
Inste Aksla 1059 moh
Ifrå Ytste Aksla 1050 moh tilbake mot Inste Aksla og Klakegga/Dombesteinseggene
Ifrå Ytste Aksla 1050 moh tilbake mot Inste Aksla og Klakegga/Dombesteinseggene
Ved Rundehogsvatnet 888 moh og Rundehogen 969 moh
Ved Rundehogsvatnet 888 moh og Rundehogen 969 moh
Ifrå Rundehogen 969 moh ned mot Sætredalsvatnet 597 m og Sætredalegga sør for 676 moh
Ifrå Rundehogen 969 moh ned mot Sætredalsvatnet 597 m og Sætredalegga sør for 676 moh
Fint merka og god sti opp til Sætredalsvatnet 597 moh ifrå parkering ved veg
Fint merka og god sti opp til Sætredalsvatnet 597 moh ifrå parkering ved veg
Sidan min Gps valgte å ta fri! Vart det ein noko enklare variant av ein sporlogg!!
Sidan min Gps valgte å ta fri! Vart det ein noko enklare variant av ein sporlogg!!

Men det finnast då alltid ein lykkelig slutt for snille jenter! Ved første høve i dag, fekk eg snakke med Garmin Norge. Der fekk eg fortelle om mitt langvarige avhengighetsforhold til min Gps, og det allerede etterkvart djupe savnet mitt etter den. Ei svensk trivelig dame hadde full medlidenheit over mitt tap :) Så kjære Janne, klart skal vi få orden på dette så raskt som mulig! Eg kjende lykkehormonane bruse av stor glede i meddelelsen av å få motta ein splitter ny oppgradert følgesvenn. Det kaller eg god service og langvarig garanti ifrå Garmin :) :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.