Kvannebakknova/Jølster og etterlengta ro! (15.07.2017)


Startpunkt Befringsdalen (572m)
Endpunkt Befringsdalen (599m)
Tourcharakter Wanderung
Tourlänge 24h 32min
Entfernung 12,2km
Höhenmeter 1.089m
GPS
Besteigungen Snoadvarden (1.520m) 15.07.2017

Endelig ferie! Det første som melder seg i mitt sinn, er å komme meg opp til breen og det villaste stille området i Jølster. Meldingane er ganske så dårleg og opp mot liten storm til kvelden og natta, men perfekt. Eit lite håp om å kunne ha bua for meg sjølv då :) Lørdagsformiddag var ein fin dag med solglytt og ein del folk å treffe i området. Tok meg god tid til både prat og fotografering. Tussla rundt om på Kvannebakknova og kunne nyte synet av breen, blåisen og fjella. Kjekt å sjå kor naturen forandrer seg i alt slags ver og gjerne eit aldri så lite håp om å kunne sjå rovdyra passere! Noko som er fullt mulig i dette området, om ikkje anna enn eit lite streifdyr. Men eg fekk nøye meg med ryper, lemen og harepus denne gangen også.
Vinden og regnet slo til på kvelden, det var nok liten storm i kasta. Men eg veit bua har vore ute for verre ver! Med god varme, mat og den finaste vin, kunne eg ikkje ha betre restitusjon, kvile og fin start på ferie :)

Ifrå Befringsdalen/Stardalen i Jølster
Ifrå Befringsdalen/Stardalen i Jølster
Ganske så søte og nyfikne! Tipper dei kosar seg her oppe :)
Ganske så søte og nyfikne! Tipper dei kosar seg her oppe :)
I dag! Men kanskje likevel å skru tida langt tilbake!!
I dag! Men kanskje likevel å skru tida langt tilbake!!
Dette skiltet har uerstattelig verdi!
Dette skiltet har uerstattelig verdi!
Ikkje sååå... lenge sidan vi beisa veggen!! Men greit! Her hersker naturkreftene! Jostedalsbreen/Jølster 1520 moh
Ikkje sååå... lenge sidan vi beisa veggen!! Men greit! Her hersker naturkreftene! Jostedalsbreen/Jølster 1520 moh
Eksotisk nytelse i dei finaste omgivelser!
Eksotisk nytelse i dei finaste omgivelser!
Nyter stilla og freden på Kvannebakkbu! Første dag ferie og den mest fantastiske restitusjonskvila etter noko intensiv trening og eit heftig løp! :)
Nyter stilla og freden på Kvannebakkbu! Første dag ferie og den mest fantastiske restitusjonskvila etter noko intensiv trening og eit heftig løp! :)
Tjukk skodde, vind og regn...men rypa på steinen kurra like fint!
Tjukk skodde, vind og regn...men rypa på steinen kurra like fint!

EG KOM OVER BREEN :

Eg kom over breen ei juninatt med` tette skodda for synet stengde.
Brått vakna morgon då sola spratt og lyset ned gjennom tåka sprengde.

Då såg eg eit syn som gjorde meg fjåg!
Jølster, Jølster nedfor meg låg.
Doggvåt i disig morgonluft.

Eg slengde meg ned på ein mosut stein og
stirde ut over bratte tinden.
Rundtom låg fjellheimen kvit og skein.
Solskyer leika i morgonvinden.

Knut K. Øygard

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Kein Titel

    Geschrieben von JPV100 16.07.2017 20:43

    Flotte bilder både av fjell, vegetasjon og dyreliv. Og stemningsbilder! Du kan verkeleg å nyte naturen! :)

    • -
      avatar

      Sv:

      Geschrieben von Eikås 17.07.2017 16:02

      Tusen takk for det :) Ein aldri så liten dagdrømmar!! :) Er dåke ferdig med ferien ?

      • +
        avatar

        Sv: Sv:

        Geschrieben von JPV100 17.07.2017 21:08
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv:

          Geschrieben von Eikås 17.07.2017 22:13
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.