Høgsetstølen og ein jobb som gir mykje! (19.05.2017)


Start point Viskedalen (149m)
Endpoint Viskedalen (146m)
Characteristic Hike
Distance 3.9km
Vertical meters 376m
Det er utruleg kjekt å kunne ha muligheit til å kombinere yrket mitt innan aktivitet som eg også brenner så sterkt for i privatlivet. Det å kunne gi eit anna menneske tiltru/annerkjennelse og gjerne eit håp om mestring til noko positivt vidare i livet er stort! Eg er også stadig i læring....Utdanninga mi innan fysisk aktivitet som behandlingsmetode har eg stor tru på som ein stor del av ei alternativ behandling mot eit medikamentelt behandlingsopplegg, spesielt innan psykiatri og rus. Eg skriver dette i denne tur rapporten fordi eg fekk tilbakemeldingar ifrå min pasient som er halvegs i livet. Han ønsker seg eit nytt liv, vekk ifrå rus, dei tøffaste soningar og kriminelle handlingar. Det sosiale gode mellom mennesket, tillit og det å kunne kjenne seg sliten på ein god måte og bli stilt krav til, kan være ein spire til noko godt vidare i livet. Han seier med eit glimt i auget...du er heldig Janne som har betaling for ein sånn jobb! ;) :) Nokre av bilda er også litt av fokuset på turane våre denne vår/sommar...Vi skal nemmelig smykke det nye Dag/omsorgsenteret vårt for eldre i Jølster.
Dagsentertur for psykiatri/rus

User comments

  • -
    avatar

    Ja,

    Written by Olepetter 20.05.2017 14:32

    det må være en dobbelt givende jobbsituasjon! Har tro på slik tilnærming.

    • -
      avatar

      Sv: Ja,

      Written by Eikås 21.05.2017 22:08

      Ja, det er dobbelt givande Ole-Petter :) Ein blir også betre kjent med seg sjølv og det er litt som den eine "brukaren" seier...Du kan utvide horisonten din med å våge å bli kjent med mennesker i alle "sammfunnslag" Eg er enig og det gir mykje :)

  • -
    avatar

    Fint!

    Written by kobbenes 20.05.2017 10:03

    Fine bilete og artig med turrapportar med litt andre fokus på naturopplevinga.

    Fin symbolikk med den møllesteinen som ligg der, mosegrodd og vekklagd. Rundt halsen er den i alle fall ikkje lenger :-)

    Berre for å pirke litt i språkbruken din Janne: det er vel ingen grunn til å kalle dette for "alternativ" behandling? Då seier du også på ein måte at medikamentell behandling er "normalen". Ofte blir jo "alternativ" brukt om ymse behandlingsformer med ymse bevisgrunnlag og effekt. Men innan psykiatrien er jo dette ein veldokumentert og flott behandlingsform som komplimenterer og erstattar medikamentell behandling! *spikke spikke...

    • -
      avatar

      Sv: Fint!

      Written by kobbenes 20.05.2017 10:13

      kanskje kverulerte eg litt mykje no. beklager det :-/ yrkesskade frå universitetet.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Fint!

        Written by Eikås 21.05.2017 21:06
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.