Tortnegrøegga og vardebrenning - Tur for oljefritt Lofoten (11.03.2017)


Start point Befring (329m)
Endpoint Befring (329m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 38min
Distance 11.8km
Vertical meters 1,232m
GPS

Turplaner? Har tenkt å brenne vardebål på ein fjelltopp for Lofoten, sidan det er ein folkeaksjon for det i dag! https://ndla.no/nb/node/11469?fag=36
Brit Siv skulle og ha ein obstur og Tortnegrøegga vart eit godt valg for dagen! Vi kom oss avgårde med tungt lasta sekkar til kvar sine mål... Skredutstyr, vedskier, grillmat, pinner og anna nødvendig utstyr. Vi nådde igjen 10 ungdommer som også skulle nyte snøen og dagen før mildveret var venta å sette inn på ettermiddagen. To av dei var faktisk ifrå Lofoten og det var då stas at nokon her nede kunne tenke på heimstaden deira og naturen der oppe. Det var begynt å blåse friskt over egga og skavlane. Ungdommane valgte å snu medan dei hadde god sikt og det var fin snø å renne i. Medan Brit Siv grov, tenkte eg å komme meg på toppen for å klargjere bålet. Det hadde mest sannsynleg blåst til himmels og eg hadde aldri fått fyr på det. Idet eg klatra over skavlkanten, var det berre å legge seg flat. Vinden hadde auka, på ekstremt kort tid og det var glasert. Det var berre å prøve å krype seg over kanten og ned igjen! Brit Siv sto nedi hola si og ante fred og ingen fare, då ho kika opp på meg med eit litt vantru blikk! Eg såg nok meir ut som ein snøball der eg sto, solbrillene hadde eg berga på eit vis og kameraet var fullt i snø. Litt ergelig var det å renne ned att med all veden, men ikkje verre enn att det vart ei god treningsøkt av det og den varma ekstra godt i stova seinare på kveld. Hærleg frisk tur med gode tanker :)

Befringsdalen
Befringsdalen
Den friske vinden lagar dei finaste mønster av snøkrystallane! Kvannebakknova til venstre i bildet
Den friske vinden lagar dei finaste mønster av snøkrystallane! Kvannebakknova til venstre i bildet
Mildværet og vind ifrå vest er begynt å gjere seg gjeldane!! Men allikevel ein nytelse å sjå og være tilstades
Mildværet og vind ifrå vest er begynt å gjere seg gjeldane!! Men allikevel ein nytelse å sjå og være tilstades
Mot Tortnegrøegga 1414 moh
Mot Tortnegrøegga 1414 moh

http://folkeaksjonen.no/argument

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.