Ein temmeleg roleg julemorgen, med lang frukost og mange kaffekopper. Miram var komt i tv verden ilag med Supervention 1 Ute låg skodda no heilt nede på bøen og det regna bra. Tanken var å ta seg ein aldri så liten løpstur på Larstunstøylen for å lufte vettet! Men eg måtte då sjå ferdig Supervention. Det er berre fantastisk flott å sjå all den nydelege naturen med mennesker som dyrker skigleda i denne filmen http://www.movieream.com/watch-supervention-online-free-streaming-229693 Supervention 2 er like bra :) Ein blir rett og slett motivert etter å sjå noko så flott. Så eg valgte skia....Det regna til topp`s og vinden med ekstremværet Urd som er meldt som verst på kysten, var allerede begynt å ruske på toppen av Eikåsnipa. Det var ikkje heilt det store skiføret, men sidan eg elsker ruskevær så vart det ein god tur likevel, etter ein god vestlandsk målestand :)
Benutzerkommentare
WOW
Geschrieben von 19topper 25.12.2016 22:00Det var kule snyballa!bilde :-D
Sv: WOW
Geschrieben von Eikås 26.12.2016 15:50Dei var ikkje så aller verst :) Lurte på om eg skulle lage snømanner av dei! Men hadde nokon komt då....så hadde eg vel fått stempelet virkelig :) :)