Etter ei stille og roleg nyttårsfeiring med påfølgande lang frukost 1 Nyttårsdag, nydeleg ver og eit lite melisdryss med snø. Så var det eit greit valg å legge turen til Grovabreen, ved å starte så høgt slepp ein gjerne å bære skia så langt! Vi starta å gå ifrå Dvergsdalen kl 15.00 og fekk vinter blåtimen som tilslutt gjekk over i ein tindrande stjernehimmel. Vi prøvde bevisst å ikkje bruke hodelyktene så langt som mulig og kom oss opp på breen uten. Det var eit perfekt føre å renne ned att, det lille melisdrysset hadde gjort underverk på den avblåste og skarete snøen!
Fin tur ilag med Brit Siv F. og Stein P. A
User comments
Snakk om start på året!
Written by arntfla 12.01.2016 23:15Respekt! ;)
Sv: Snakk om start på året!
Written by Eikås 13.01.2016 21:58Ja..det kan du jammen seie Arnt :) Ein må berre gripe stunda og muligheitene når ein kan!! Den type naturopplevelser i sånn natur gir berre ekstra motivasjon til vidare turglede :)