Rundtur Segestadsætra og Glomnessætra (30.10.2015)


Start point Glomnes P (36m)
Characteristic Hike
Duration 1h 54min
Distance 6.7km
Vertical meters 458m
GPS

Den er flott å sjå til Segestadsætra, der den ligg høgt og fritt på den andre sida og sett ifrå vegen langs Oppstrynsvatnet og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Parkerte nede ved vatnet mellom Vollsnes og Glomnes. Følgde vegen til Glomnes og Segestad, vidare merka sti/veg bratt opp på vestsida av Glomsdøla. Eit utruleg nydeleg område med stor og flott furuskog. Ekstra kjekt å kunne gå inn i husa på Segestadsætra som stod open, der ein virkeleg kan drømme seg tilbake til gamle tider og nyte den storslåtte utsikta over Oppstryn. Husbok å skrive seg inn og historie som fortel at det må ha vore busett folk på Sigdestad frå tusen- eller rundt ellevehundretalet. Garden har vore driven fram til 1960 og ein kan sjå mange ruinar som minner om tida då Sigdestad var rekna for å være mellom dei likaste gardane i Oppstryn. Vi følgde stien eit lite stykke vidare opp til vi kunne krysse Glomsdøla, over ei bru til Glomnessætra og med fin sti/veg ned att til Glomnes.
Turfølge Stein

Bratt og flott sti opp til Segestadsætra frå Segestad
Bratt og flott sti opp til Segestadsætra frå Segestad
Praktfull utsikt over fjella og Oppstrynsvatnet
Praktfull utsikt over fjella og Oppstrynsvatnet

User comments

  • -
    avatar

    Oy oy

    Written by Irva 04.11.2015 08:17

    Du har jo begynt å legge ut gps spor. Så bra:)

    • -
      avatar

      Sv: Oy oy

      Written by Eikås 04.11.2015 20:17

      Ein logg må til i ny og ne du Irene :) Greit å sjå start utgangspunkta på enkelte ruter. Eg har sjølv hatt stor glede og nytte av andre sine Gps spor :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.