Eikåsnipa og vintertelting (22.01.2015)
Start point | Uppstunet (202m) |
---|---|
Endpoint | Uppstunet (202m) |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Distance | 7.2km |
Vertical meters | 998m |
Map |
![]() |
Ascents | Eikåsnipa (826m) | 22.01.2015 |
---|
Sidan overnattinga vi hadde planlagt frå den 13-14 vart spolert av eit vanvittig lyn og torever! Bestemte vi oss for å ta det att i eit betre høve, friluftsår kan vi jo feire/markere på eit vis kvar dag... :) Sidan det var midt i veka, og dei fleste skulle på jobb. Vart Eikåsnipa eit fint og passeleg turmål for alle og med kort køyring. Eg tok ein tur rett etter jobb opp på Uppstunsstøylen med telt og diverse, det er godt alt som er ordna i dagslys. Kl 21.30 luffa vi til fjells med tungt utstyr, kamera og diverse andre nødvendigheiter...for tidenes vintertelting ;) :) Eikåsnipa nådde vi til kl 23.00 litt seint men pytt!! Brit Siv og Marion hadde fotografering på timeplanen og teste lukkertid på kamera. Dette varte og rakk fordi eg hadde jo ikkje det store tolmodet til å stå såpass i ro...slik at bilda vart klare nok. Tilslutt med kort beskjed og ein alboge i sida frå Brit Siv...hald pusten Janne!! Så vart det faktisk fleire spennande resultat ;) Medan vi tok bilder mot Førde by, fekk vi også med rakett oppskytinga frå festen til Ungdomskulen i Førde, ganske så flott å sjå. Ein hærleg retur ned att frå fjellet, til støyl og telt i suuper "stil" med djup puddersnø. Resten av kveld/natt vart ei koseleg tid rundt bålet med prat, mat og Svalbard vin... Så triveleg at vi var skjønt einig om at dette må til litt oftare :)

Turfølge : Fire jenter og ein hund
User comments
Missing title
Written by ligroenb 26.01.2015 19:57Skulle gjerne blitt med :-)
Sv:
Written by Eikås 28.01.2015 11:16Ja, det hadde vore kjempekoseleg Lise :) No går vi jo mot ei superfin tid med lysare dagar og kjekt å kose seg med hærleg turplanlegging... Friluftsfestivalen har vi no bestemt oss for å legge på is eit år, då blir det jo meir tid for min sin del til eigen og meir turglede :)
Så herlig og
Written by Olepetter 26.01.2015 17:54trivelig og koselig ut! Du er imponerende aktiv, må jeg si. Moro at du er så flink til å dele opplevelsene med oss andre, takk! Men Eikåsnipa er sjølve fjellet ditt, det, har jeg skjønt. Over 200 bestigninger, ser jeg... Du kan vel kjøre ned på ski med bind foran øynene? :)
Sv: Så herlig og
Written by Eikås 28.01.2015 11:29Triveleg å høyre Ole Petter :) Takk det samme til deg ;) Mykje flotte og innspirerande tur rapportar å lese av mange. Det har vorte nokre turar på den toppen....Må jo profilere Jølsterfjella litt :) Jølster er nok ei skjult perle innan fjell, Sogndal har klart å få fram sine fjell, medan Jølster kjem litt i bakleksa... Men då har vi jo mykje urørte fjellsider på ski ;) :)