Kven er Eikås!

Eikås

Eikås

Janne Eikås
(Member since: 10.04.2012)
Country Norway
Account GSM GSM

Ein drømmer i naturen! Mitt sitat "Naturen er eit spegelbilde av stemninger og kontraster. Som finnast i sjela og livet vårt som mennesker." Eg har har "sprunget" og vakse opp i det vestligaste øyriket i vårt noreg på ei øy som heiter Færøy i Solund. Med små og karrige forhold. Eg hadde ein far som var rektor og lærte meg tidleg om historie, kart, geografi, plante og dyreliv. Vi fekk gymtimane i alt slags ver i orientering, ski når det sjeldan vart snø nok i høge lyngheier så langt vest ute i havgapet av Sognefjorden. Det vart skeisetimer då det endelig hadde frose på dei små tjerna! Noko som bidrog til maraton på skeiser inne på Jølstravatnet. Eg har alltid likt å springe sidan eg var liten og har vore ei guttejente høgt og lavt til frustrasjon for foreldre og søsken! :) Eg brukte konfirmasjonspengane mine på mitt første kamera og fuglebok. Sidan fortsette interesse etter skule og eg vart gift Eikås på gard i Jølster. Der traff eg eit par mentorer som har bidratt til eit fint natur og tindeliv og som fortsatt betyr mykje. Friluftslivet og interessa for naturen! Førte også til å være med å starte Jølster Friluftsfestival ilag med andre likesinna. Ærfaringa som friluftsfestivalsjef er det mest lærerike eg har vore med på i organisert friluftsliv! Det å knyte og flette saman på tvers av alle som har ei yrkes og frilufts interesse er ikkje altid like enkelt! Tindevegledere, DNT, næringsliv, den friluftsinteresserte innbyggeren, liten og stor! Sidan er eg aktiv og engasjert naturverner med rom for å reflektere. Peakbook har vore ei kjekk side som har inspirert til endå meir fjell liv. Ekstra kjekt å følge med andre sine fine interesser for natur og fjell liv. Kjekt er det også å samle lister og dokumentere for meg sjølv at målet er nådd!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.