Arkiv - dato
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Favorittopper
Indre Lime og Eikefjellet
- Dato:
- 11.03.2022
- Turtype:
- Fottur
Ein noko vindfull, men solfylt formiddag i mars, parkerte langs Fv288. Kjem du frå Stavanger, ta av frå E39 like etter Ålgård mot Oltedal. Ta deretter til høgre ved skiltet til Gjesdal kyrkje. Køyr gjennom gårdstunet og i enden av Limavatnet er det ein grusplass med eit litt slitt skilt det står "parkering". Kryss vegen og gå litt tilbake og opp i heia. Herfrå er det merka tur oppover til Eikefjellet. Toppen er lett å sjå når du kjem litt opp i lia, med sendaren og hytta. Utsikta her er flott, og det er verdt å stoppe her. Stien er merka vidare nedover, du passerer speiderhytta på Bjelland - ein super plass å raste med benkar og gapahuk. Rundturen går vidare gjennom vakkert kulturlandskap - ein runde på ca 8 km.
Segestad
- Dato:
- 05.08.2021
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 3,0km
Eit pittelita perle av ein tur! Me parkerte mellom Glomnes og Hjelle på ein liten opparbeidd parkeringsplass , og følgde merka tursti oppover skråninga til den gamle fråflytta fjellgarden Segestad. Turen er nokså bratt, men når han er så kort som han er, så er du oppe på ein liten halvtime. Eller, me brukte noko lenger tid for me berre MÅTTE stoppe og nyte utsikta over det grønblå Oppstrynsvatnet fleire gongar. Det er berre så himla vakkert! Garden som ligg på ei fjellhylle, stupbratt ned til vatnet, er som sagt fråflytta, men var i si tid visstnok den største garden i området. I dag er han open på dagtid i sesongen, og hus og innventar er intakt. Veldig kjekt å sjå! Hadde me planlagt dagen vår litt annleis og vore klar over at me kunne gått lenger oppover for så å krysse Glomneselva >>>
Rakssætra
- Dato:
- 05.08.2021
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 4,0km
Hotspoten på Insta måtte jo sjølvsagt òg besøkast når me var i området! Sjølv om eg hadde sett utallige blinkskot frå dette gardstunet, blei eg ikkje skuffa. Det er faktisk like vakkert i verkelegheita som det ser ut som på bileta! Fargespelet mellom den turkisblå fjorden, fjella, dei farga husa og dei grøne liene er berre magisk!
Sjølv tok me turen som ein kveldstur i håp om å unngå dei store menneskemengdene, og det trur eg var lurt. Me slapp i alle fall å gå i kø både opp og ned, og me fekk til og med steinbordet framfor dei eine leveggen for oss sjølv! Perfekt når me hadde middagsingrediensar med, og biffgryte blei laga i eit nasjonalromantisk postkort!
Håfjellet i Gjesdal
- Dato:
- 06.06.2021
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 3:00t
- Distanse:
- 8,0km
Eg må innrømme det, Gjesdal er ein kommune og eit område eg er svært lite kjend i. Kongeparken og outlet'en på Ålgård er liksom det eg har forbunde med Gjesdal. Men no har eg etter kvart skjønt at det er utallege flotte turområde her! Håfjellet er eitt av dei! Turstien startar ved Gjesdalhallen. Turen er merka, men det var litt vanskeleg å finne merkene på starten av turen då det var ein del anleggsarbeid og midlertidige gjerder då me gjekk, men etter litt leiting og aktivt bruk av kart, fann me att stien og kom oss ned til Flassavatnet og følgde stien her. Deretter bar det oppover i lia i lettgått og herleg terreng å vandre i. Og at utsikta på toppen er god, er heller ikkje eit minus! Me gjekk rundturen ned på "framsida" av fjellet forbi sauebeite i nydeleg kulturlandskap. Ein >>>
Kjortåsen
- Dato:
- 03.06.2021
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 1,8km
Dersom du er ute ein tur som krever svært liten innsats, men som likevel gir maksimal belønning i form av utsikt, så er truleg Kjortåsen i Strand det du er ute etter! Makan til tur, altså! 0,6 km kvar veg frå parkeringa på Hellandsheivegen - ein god halv kilometer, med andre ord! Og ikkje er det særleg bratt opp heller, så turen er unnagjort på eit drøyt kvarter. Turen som heilhet er ikkje vanskeleg å gjere lang - i tid, altså. Ein kan sitje på toppen og nyte utsikta i timesvis - her ser du vidt og breidt!
Pilå på Rennesøy!
- Dato:
- 17.05.2021
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 3,2km
Om du kjem med ferja frå Arsvågen og køyrer sørover på Rennesøy, vil du om du hevar blikket litt sjå ei stor pil på toppen like ovanfor tunnelmunningen til Mastrafjordtunnelen. Dette er Pilå! Det er ein kort, men nokså bratt tur. Berre 1,6 km frå parkeringa ved bedehuset i Vikevåg. Men utsikta der oppe er formidabel, og turen opp er berre nydeleg! Går du på våren, sommaren eller tidleg på hausten får du selskap av sauar på store delar av turen, men det gjer vel ikkje noko? Dei er jo som kjent ålreite dyr! Kryss vegen frå bedehuset, følg merkinga gjennom byggefeltet oppover, og følg anten grusvegen opp til Vikastemmen, eller gå inn i terrenget. Det siste alternativet er kortare og brattare, men personleg synest det er mykje finare. Det vert kalla "dei grøne øyane", >>>
Heståsen på Fister
- Dato:
- 13.05.2021
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 5,5km
Ryfylke, altså! Eit eldorado av øyer og holmar og små viker, men jammen meg eit eldorado av toppar av ulike høgde som byr på nydeleg utsikt! Me er så heldige at me har hytta vår her inne, og frå denne har me ganske stor rekkevidde. Kristihimmelfartsdag tok me båten over til Fistervågen og gjekk derfrå til Heståsen, ein tur på ca 5,5 km tur/retur. Mesteparten av turen går på grus- eller traktorveg, men når du nærmar deg toppen opnar landskapet seg litt og du går ut i terrenget - saman med sauane! Frå toppen er det utsikt utover Fisterfjorden mot Fogn og nordover mot Eikefjellet på Halsnøy. Ikkje den verste utsikta, med andre ord! Me valde å halde til høgre i stiskiljet på veg opp slik at me gjekk på nordsida. På veg ned att gjekk me vidare i retning Årdalsfjorden slik >>>
Voren og Dyranuten
- Dato:
- 18.04.2021
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 7,0km
Turen til Voren og Dyranuten i Sandnes er ein artig tur! Her går det roleg oppover i behageleg underlag heile vegen. Ingen bratte parti, ingen steinete sti, berre slake bakkar i lyngen heile vegen. Så er du på jakt etter ein tur der du på ingen måte treng vere redd for høgdar eller bratte klyv, men samtidig komme deg litt opp i høgda, så er dette ein tur for deg! Turen går fram og tilbake same veg med parkeringsplassen ved Skjelbreitsjørna på Sviland som startpunkt (same parkerings om til Sygno og Sulken). Kryss vegen, gå litt tilbake langs vegen og følg merkinga oppover grasheia. Du kjem fyrst til Voren der utsikta utover heiane er flott. Herfrå går du vidare slakt nedover før du går opp til Dyranuten der du ser endå vidare utover eit nydeleg landskap. Turen går same veg >>>
Sygno
- Dato:
- 14.04.2021
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 3,2km
Er du ikkje einig i at av og til er det berre heilt supert med korte turar? Turar som ikkje krever at du set av heile, halve dagen? Turar som du kan ta ein ettermiddag eller ein kveld, men likevel få ei nydeleg turoppleving? Turen til den vesle toppen Sygno på Sviland er ein slik tur! Med sine 214 moh ruver han ikkje spesielt høgt, men utsikta der oppe er likevel flott! Me parkerte på parkeringsplassen ved Skjeldbreitrjøna og følgde skiltinga langs grusvegen. I det du har toppen like ovanfor deg på høgre sida, tar du ut i terrenget og går over beitemarker oppover før du skal opp på sjølve toppen. Ein herlig, liten tur på knappe 3 km t/r. Nydas!