Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (44)
Peakbook-Friends
Collected lists
Favourite peaks
Skomakernibbå
- Date:
- 16.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:00h
- Distance:
- 11.0km
Hjelmeland har mykje flott å by på når det gjeld turmoglegheiter, og turen til Skomakernibbå må truleg stå blant dei aller øvste på lista! Tur/retur frå parkeringsplassen på Hagalid er det omtrent 11 km, og turen går fram og tilbake same veg. Etter du har passert gårdstunet etter parkeringsplassen, går du fyrst på traktorveg oppover lia. Deretter skal du bratt opp i skaret til Økstrafjellet. Det er bratt, men ikkje så langt, så ta den tida du treng, og stopp og nyt utsikta som kjem til syne etter kvar som du stig i terrenget. Når du er vel oppe, kan du senke skuldrane, for no er det "strake vegen" over den flate heia bortover mot sjølve Skomakernibbå. Utsikta både innover Jøsenfjorden og utover Boknafjorden (om du snur deg og ser bakover) er formidabel!
Sjølve >>>
Bandåsen - Stavanger har fått ein fjelltopp!
- Date:
- 13.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 2.6km
Før kommunesamanslåinga i 2020 var Stavanger paddeflat, og mange vil nok hevde at det er byen fortsatt, men me har uansett fått oss ein topp som er høgare enn 500 mot: Bandåsen på Ombo! Med hytte på Halsnøy i Ryfylke, og Ombo som næraste "øy-nabo", så skulle ein kanskje tru at dette var ein plass eg hadde vore før, men nei, det var fyrst i juli 2021 at me tok ferja over sundet og køyrde til Seltveit for å gå til Bandåsen. Og ein kan verkeleg undrast over at eg ikkje har vore vore der før! For ein nydeleg liten tur! For ein topp! For ei storslagen utsikt! Det er ulike plassar ein kan starte turen til Bandåsen frå, og ein kan òg gå opp éin stad og ned ein annan om ein har to bilar. Me gjekk t/r Seltveit.
Siggjo
- Date:
- 10.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 2.5km
Øya Bømlo i Vestland fylke har éin topp som ruvar høgt over alle dei andre: Siggjo! Ein laurdag i juli baud anledninga seg til å ta ein dagstur til Bømlo, og Augustus og eg nytta høvet til å gå til denne toppen som me hadde både høyrt og lese om. Frå parkeringsplassen langs fylkesvegen går du rett opp på merka tursti i terrenget. Og det går oppover heile tida. Eg opplevde stien som nokså krevjande å gå i pga masse røtter og store steinar, så eg vil tru at i vått ver må det ikkje vere heilt enkelt å gå der. Men for all del, det er ein flott tur - nydeleg natur og etter kvart flott utsikt bak deg mot Stord og vidare innover. Stien er òg svært godt tilrettelagt med bruer og kjettingar å halde seg i der det er aller brattast. Så all honnør og stor takk til dei som har gjort dette! Turen >>>