Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

I haven't joined any lists yet.

Favourite peaks

Faureknuten i Bjerkreim

Date:
30.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.2km

Faureknuten var den fyrste turen eg gjekk i Bjerkreim, og den ga så definitivt meirsmak. Frå E39 tar du av ved Bue, inn på Nedrebøvegen. Følg denne til du har passert Fuglestad, og ta av til høgre. Eit lite stykke derfrå går det ein grusveg inn på venstre sida av vegen, her kan du parkere. Turen går fyrst på grusveg eit stykke, og går du på den tida sauane er ute, får du selskap av desse. Etter kvart er det skilta ut i terrenget, og då ber det oppover. Turen er ikkje lang derfrå, berre drøye kilometeren, og vel oppe er det berre å nyte naturen og utsikta! Pass for all del på at du går litt nedover i retning vatnet og får med deg Fauretunga som stikk ut. Bjerkreim sitt svar på Trolltunga. Og når du er der nede, snur du deg og ser Fauregubben òg.

Map    

Pilå på Rennesøy!

Date:
17.05.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
3.2km

Om du kjem med ferja frå Arsvågen og køyrer sørover på Rennesøy, vil du om du hevar blikket litt sjå ei stor pil på toppen like ovanfor tunnelmunningen til Mastrafjordtunnelen. Dette er Pilå! Det er ein kort, men nokså bratt tur. Berre 1,6 km frå parkeringa ved bedehuset i Vikevåg. Men utsikta der oppe er formidabel, og turen opp er berre nydeleg! Går du på våren, sommaren eller tidleg på hausten får du selskap av sauar på store delar av turen, men det gjer vel ikkje noko? Dei er jo som kjent ålreite dyr! Kryss vegen frå bedehuset, følg merkinga gjennom byggefeltet oppover, og følg anten grusvegen opp til Vikastemmen, eller gå inn i terrenget. Det siste alternativet er kortare og brattare, men personleg synest det er mykje finare. Det vert kalla "dei grøne øyane", >>>

Map    

Reinaknuten

Date:
16.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.2km

Om Reinaknuten i Hjelmeland (men som har startpunkt i Strand) vert det sagt at han har det beste utsiktspunktet i heile fylket. Dette fekk me dessverre ikkje merka noko til då me gjekk på 16. mai. Skodda låg tjukk heile vegen. Me hadde eit håp om at ho letta då me nådde toppen, eller i det minste mens me åt nista vår der, men nei, det var fyrst då me var nesten nede på parkeringa igjen at det klarna opp. Men no veit eg i alle fall at dette er ein tur eg vil gå igjen, for det eg kunne skimte av natur rundt meg då me gjekk, var at denne var fin!

Map    

Heståsen på Fister

Date:
13.05.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
5.5km

Ryfylke, altså! Eit eldorado av øyer og holmar og små viker, men jammen meg eit eldorado av toppar av ulike høgde som byr på nydeleg utsikt! Me er så heldige at me har hytta vår her inne, og frå denne har me ganske stor rekkevidde. Kristihimmelfartsdag tok me båten over til Fistervågen og gjekk derfrå til Heståsen, ein tur på ca 5,5 km tur/retur. Mesteparten av turen går på grus- eller traktorveg, men når du nærmar deg toppen opnar landskapet seg litt og du går ut i terrenget - saman med sauane! Frå toppen er det utsikt utover Fisterfjorden mot Fogn og nordover mot Eikefjellet på Halsnøy. Ikkje den verste utsikta, med andre ord! Me valde å halde til høgre i stiskiljet på veg opp slik at me gjekk på nordsida. På veg ned att gjekk me vidare i retning Årdalsfjorden slik >>>

Map    

Fløyen-området i Bergen

Date:
08.05.2021

Frigjeringsdagen 2021. Pøsregn i Bergen sentrum, kanskje ikkje så uvanleg. Sludd då me gjekk frå Starefossen, litt meir uvanleg kanskje, men, men... Regelrett snø då me var oppe på Søre Midtfjellet. Ulrikken bak oss låg i snø. Løvstakken på andre sida låg likeins i snø. Men i nord, der var det blå himmel. Så etterkvart som me nærma oss Fløyen forsvann meir og meir av snøen. Då eg starta på nedfarten ned til sentrum igjen, skein sola medan eg høyrde lyden av buekorpsa som marsjerte gjennom gatene. Jo, våren var visst kommen til Bergen likevel!

Map    

Gloppenuten i Brekko

Date:
02.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.0km

Gloppenuten i Gjesdal er ein tur som du så absolutt bør få med deg om du får høve til det! Me Brekko friluftsområde som utgangspunkt for turen får du ein flott tur i merka terreng fyrst på grusveg før du går ut i terrenget. Det stig jamnt og trutt, men aldri veldig bratt oppover forbi små vatn og opne sletter. Når du er kome opp den bratteste kneika (som ikkje er særleg bratt den heller) svingar du nesten 180 grader og går på ein fjellrygg vestover med flott utsikt på begge sider. Frå varden på Gloppenuten ser om det er klårver til havs og utover og innover fjella omkring - eit mektig skue! Då me gjekk der 2. mai var det noko kaldt i lufta fortsatt, og på over 600 meters høgd var det til og med snø i lufta. Men turen var ei oppleving uansett, og eg går gjerne igjen i >>>

Map