Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Jeg har ikke meldt meg på noen lister ennå.

Favorittopper

Selvikstakken

Dato:
27.04.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
8,0km

"Å beskrive denne turen går rett og slett ikkje an, det må berre opplevast!" skreiv eg på Instagram etter at eg hadde gått turen. Og ut.no seier at Selvikstakken har den finaste utsikta i heile Sandnes. Ja, det er faktisk sånn det er! Turen til Selvikstakken som stikk bratt opp tvers over Uburden og Forsand er ein av dei aller flotteste turane eg har gått! Eg gjekk tidleg ein tysdagsmorgon eg hadde fri og hadde heia for meg sjølve på heile turen. Stilt, passe varmt og strålande sol utan ei sky på himmelen - eg kunne ikkje bedt om noko betre! Tur/retur den løypa eg gjekk var ca 8 km, og eg brukte knappe to timar opp. Turen startar i Seldalsheia på same parkeringa som til Bynuten, og du følgjer den same merka turen på grusvegen oppover. Eg valde å ta til venstre då eg >>>

Kart    

Undeknuten

Dato:
25.04.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
7,7km

Den merka undturen frå Tengesdalsvatnet til Undeknuten er ein flott tur som eg verkeleg anbefaler! Du må krysse vegen frå vatnet, går over ein gjerdeklyvar og gå på grusvegen eit godt stykke oppover i lia før du tar ut i terrenget til venstre. Opp til sjølve Undeknuten er det nokså bratt, men det er ikkje langt, så det går heilt fint. Og vel oppe overraska i alle fall utsikta meg: Her ser du innover mot Lysefjorden så vel som over til Husafjellet og Dyrafjellet, og på motsett side mot Bynuten. Verkeleg flott! Du må gå same veg ned igjen, med vel nede frå det bratte, kan du følge rundturen til venstre slik at du slepp å gå grusvegen ned att. I staden går du i nydeleg kulturlandskap på behageleg underlag. Nyt turen!

Kart    

Øykjafjellet i Sandnes

Dato:
20.04.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,1km

Øykjafjellet er det eg vil karakterisere som ein undervurdert, liten topp! Eg høyrer sjelden at denne turen blir nemnd, men det burde han verkeleg! Det er ein skikkeleg fin liten tur som passar godt ein dag du ikkje har tid til dei lange og meir strabasiøse! Du parkerer ved Noredalen samfunnshus og følgjer merka turveg langs grusveg eit stykke. Legg merke til at her er det beitedyr ute store delar av året, både sauar og storfe. Då me gjekk i april var kyrne heldigvis ikkje komne ut... Turen kan kan gås som ein rundtur: me tok ikkje av frå grusvegen på den fyrste merkinga til Øykjafjell, men gjekk vidare eit stykke nordover til den neste, og så gjekk me heller ned motsatt veg. Slik eg oppfatta det, var det brattare ned enn opp, så då er det opp til deg kva du likar best: bratt opp >>>

Kart    

Voren og Dyranuten

Dato:
18.04.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
7,0km

Turen til Voren og Dyranuten i Sandnes er ein artig tur! Her går det roleg oppover i behageleg underlag heile vegen. Ingen bratte parti, ingen steinete sti, berre slake bakkar i lyngen heile vegen. Så er du på jakt etter ein tur der du på ingen måte treng vere redd for høgdar eller bratte klyv, men samtidig komme deg litt opp i høgda, så er dette ein tur for deg! Turen går fram og tilbake same veg med parkeringsplassen ved Skjelbreitsjørna på Sviland som startpunkt (same parkerings om til Sygno og Sulken). Kryss vegen, gå litt tilbake langs vegen og følg merkinga oppover grasheia. Du kjem fyrst til Voren der utsikta utover heiane er flott. Herfrå går du vidare slakt nedover før du går opp til Dyranuten der du ser endå vidare utover eit nydeleg landskap. Turen går same veg >>>

Kart    

Sygno

Dato:
14.04.2021
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,2km

Er du ikkje einig i at av og til er det berre heilt supert med korte turar? Turar som ikkje krever at du set av heile, halve dagen? Turar som du kan ta ein ettermiddag eller ein kveld, men likevel få ei nydeleg turoppleving? Turen til den vesle toppen Sygno på Sviland er ein slik tur! Med sine 214 moh ruver han ikkje spesielt høgt, men utsikta der oppe er likevel flott! Me parkerte på parkeringsplassen ved Skjeldbreitrjøna og følgde skiltinga langs grusvegen. I det du har toppen like ovanfor deg på høgre sida, tar du ut i terrenget og går over beitemarker oppover før du skal opp på sjølve toppen. Ein herlig, liten tur på knappe 3 km t/r. Nydas!

Kart    

Vårlivarden

Dato:
11.04.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
3,4km

Fra Vårlivarden har du ein av dei finaste utsiktene i Sandnes, i alle fall sett utfrå kor lett tilgjengeleg denne toppen er. Det er fleire startmoglegheiter, men den kortaste turen får du om du går frå Myrland. Her er det ein stor og fint tillaga parkeringsplass. Me tok til høgre i fyrste stiskilje og gjekk gjennom nydeleg kulturlandskap før me steig i høgdemetrane - ein flott tur oppover. Utsikta frå toppen er som sagt formidabel. Du ser både Stavanger og "halve" Ryfylke her frå. Ta med kikkert om du har! Me valde å fortsette ned frå varden på andre sida og gjekk langs "eggen" nordover før me gjekk nedover og svingde tilbake til Myrland. Ein flott rundtur på berre drøye 3 km, men opplevinga er ikkje mindre for det!

Kart    

Randåsen

Dato:
02.04.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
3,7km

På vestsida av øya Randøy i Hjelmeland finn du ei lita perle av ein tur. Fra parkeringsplassen ved fv561 følger du den merka grusvegen oppover. Når du kjem til eit avskoga område tar du ut i terrenget. Du skal fyrst opp ei nokså brått kneik før det flatar ut, og du går i nydeleg og variert landskap, skog, lyng og små vatn, og før du veit ordet av det, er du der ved utsiktspunktet. Benk til å sitje på er det òg, om du ikkje heller vil sitje på kanten og dingle med beina og nyte synet over Kotavågen nedanfor, Halsnøy og Børøy og Finnøy bakom der igjen. Rett og slett umåtelig vakkert er det der! Returen går same veg - eller me gjorde i alle fall det. Det skal visst gå an å gå ein slags rundtur når du kjem eit stykke ned.

Kart