Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (44)
Peakbook-Friends
Collected lists
Favourite peaks
Sygno
- Date:
- 14.04.2021
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 3.2km
Er du ikkje einig i at av og til er det berre heilt supert med korte turar? Turar som ikkje krever at du set av heile, halve dagen? Turar som du kan ta ein ettermiddag eller ein kveld, men likevel få ei nydeleg turoppleving? Turen til den vesle toppen Sygno på Sviland er ein slik tur! Med sine 214 moh ruver han ikkje spesielt høgt, men utsikta der oppe er likevel flott! Me parkerte på parkeringsplassen ved Skjeldbreitrjøna og følgde skiltinga langs grusvegen. I det du har toppen like ovanfor deg på høgre sida, tar du ut i terrenget og går over beitemarker oppover før du skal opp på sjølve toppen. Ein herlig, liten tur på knappe 3 km t/r. Nydas!
Vårlivarden
- Date:
- 11.04.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 3.4km
Fra Vårlivarden har du ein av dei finaste utsiktene i Sandnes, i alle fall sett utfrå kor lett tilgjengeleg denne toppen er. Det er fleire startmoglegheiter, men den kortaste turen får du om du går frå Myrland. Her er det ein stor og fint tillaga parkeringsplass. Me tok til høgre i fyrste stiskilje og gjekk gjennom nydeleg kulturlandskap før me steig i høgdemetrane - ein flott tur oppover. Utsikta frå toppen er som sagt formidabel. Du ser både Stavanger og "halve" Ryfylke her frå. Ta med kikkert om du har! Me valde å fortsette ned frå varden på andre sida og gjekk langs "eggen" nordover før me gjekk nedover og svingde tilbake til Myrland. Ein flott rundtur på berre drøye 3 km, men opplevinga er ikkje mindre for det!
Randåsen
- Date:
- 02.04.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 3.7km
På vestsida av øya Randøy i Hjelmeland finn du ei lita perle av ein tur. Fra parkeringsplassen ved fv561 følger du den merka grusvegen oppover. Når du kjem til eit avskoga område tar du ut i terrenget. Du skal fyrst opp ei nokså brått kneik før det flatar ut, og du går i nydeleg og variert landskap, skog, lyng og små vatn, og før du veit ordet av det, er du der ved utsiktspunktet. Benk til å sitje på er det òg, om du ikkje heller vil sitje på kanten og dingle med beina og nyte synet over Kotavågen nedanfor, Halsnøy og Børøy og Finnøy bakom der igjen. Rett og slett umåtelig vakkert er det der! Returen går same veg - eller me gjorde i alle fall det. Det skal visst gå an å gå ein slags rundtur når du kjem eit stykke ned.
Vassfjellet
- Date:
- 21.03.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 4.6km
Fra Gramstad i Sandnes har du eit flott utgangspunkt til ei rekkje turar. Dalsnuten er nok den mest besøkte toppen, mens Vassfjellet truleg ligg på andre enden av skalaen. Dette er ein liten topp som òg kan nåast frå Hana, men me valde altså Gramstad som utgangspunkt. Me går i motsett retning enn til Dalsnuten, langs vegen tilbake litt før me tar inn på grusvegen i retning Kubbetjørn. Like før du kjem til sjølve tjernet tar du av til høgre ut i terrenget. Stien er merka vidare som ein rundtur over Vassfjellet og ned igjen slik at du kjem ned igjen på andre sida av tjernet. Frå Vassfjellet ser du bort til Øvre Eikenuten og Dalsnuten, Gandsfjorden og Lura på andre sida, Sandnes sentrum, Hana og Vatne på andre sida. Ein underkommunisert, fin, liten tur - vel verdt eit besøk!
Storaberget
- Date:
- 09.03.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 8.0km
Turen til Storaberget er ein skikkeleg flott tur som du så absolutt bør få med deg! Fra parkeringsplassen på Hogstad (som ligg like på høgre sida av fv516 mot Hommersåk) følger du skiltinga vidare forbi garden og ned bakken. Vidare er skiltinga god heile vegen, forbi det gamle vassverket som tyskarane bygde under krigen, vidare innover mot Grindavatn og så oppover mot Storaberget. Me tok òg ein liten svipptur oppom Grastofjellet på vegen. Oppe på Storaberget er utsikta heilt fantastisk: du ser langt innover Ryfylke og likeins vestover til havs. Du må gå ned frå toppen same vegen som du kom opp, men etter at du har passert det fyrste vatnet, går det an å gå ein rundtur tilbake til Hogstad. Rundturen utan Grastofjellet er på drøye 7 km, men med avstikkeren me tok, kjem du >>>
Åslandsnuten
- Date:
- 07.03.2021
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 5.1km
Køyrer du E39 sørover frå Sandnes passerer du Åslandsnuten, og du har sikkert gjort som meg: køyrt forbi utan å legge merke til denne vesle toppen som ligg på venstre sida av vegen like før du kjem til Figgjo, rett etter Bråsteinsvatnet på motsatt side. Toppen verkar unnseleg der han stikk opp, men utsikta du får på toppen er noko heilt anna! Du får eit godt overblikk austover mot fjella i Sandnes-området og vestover til havs. Turen opp er òg nydeleg. Parker ved den den gamle jernbanen ved Bråstein og følg merka turveg oppover, fyrst over eit beita, så opp traktorvegen før du går ut og opp i terrenget. Du kan velje å gå ned same veg, men eg synest det er kjekkare å ta det som ein rundtur og gå ned på "Figgjo-sida", ned dei gamle tyskertrappene og forbi restane >>>
Husafjell og Dyrafjell
- Date:
- 13.02.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 6.9km
Veraland er eit glimrande startpunkt for ei rekkje turar. Her kan du gå både til Kjøllesnuten, Bukkaknuten og Nonsknuten, men denne dagen valde me å gå til dei to toppane som ligg like ovanfor Tengesdalsvatnet: Husafjell og Dyrafjell. Turen er godt merka heile vegen, så det er lett å finne fram. Gå traktorvegen eit lite stykke og følg skilting til høgre ut i terrenget før du vert leia nokså bratt opp til Husafjellet. Her oppe har du flott utsikt både innover mot Stavanger og Ryfylke, vestover mot havet, og sørover fjella. Du ser òg neste topp like bortanfor, og du skal ikkje mykje ned og heller ikkje mykje opp igjen for å komme dit, så turen vidare er lett og fin. Fra Dyrafjellet ser du innover mot Lysefjordbrua, så utsikta her er òg storveis! Turen går vidare ned til Svedalen. >>>