Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Jeg har ikke meldt meg på noen lister ennå.

Favorittopper

Molden

Dato:
04.08.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
8,0km

Etter mi meining er Molden i Luster ei perle får toppar kan måle seg med! Utsikta på toppen over den turkisblå Lusterfjorden er éin ting, men turen opp frå Krossen er berre ein så vakker tur! Ein går fyrst gjennom lauvskog og litt på grusveg, før ein slyngar seg oppover i terrenget igjen. Utsikta kjem etter kvart, og ved den gamle stølen Svarthiller er det heilt naturleg - og spør du meg, obligatorisk! - å ta ein pause og berre ta inn det vakre. Turen vidare oppover er heller ikkje spesielt tung, sjølv om det sjølvsagt er motbakke. Stien er god å gå på, så berre nyt det! Hald til høgre i eit umerka stiskilje når du nærmar deg toppen slik at du kan gå ut mot kanten ned mot Lusterfjorden og verkeleg ta inn utsikta. Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, står det på >>>

Kart    

Prest

Dato:
03.08.2021

Denne dagen skulle eigentleg vere "køyredagen" vår på ferieturen i Hardanger, Sogn og Nordfjord. Me skulle stoppe i Flåm og i Aurland og køyre gamlevegen over fjellet til Lærdal og ta livet med ro. Men kva når turfølget finn ut at det finst ein topp me kan gå til som ligg heilt langs ruta vår? Jau, då me må jo berre gå! Etter at me hadde stoppa på Stegastein og tatt dei obligatoriske bileta og nytt utsikta derfrå, parkerte me på tillaga parkeringsplass og følgde stimen med folk langs merka tursti. Det var ein del folk langs ruta, men eg skjønner jo kvifor - for ein nydeleg plass og tur! Sidan me skulle køyre eit stykke vidare nordover denne dagen, valde me riktignok å ikkje gå heilt opp til varden, me stoppa på det fyrste utsiktspunktet og snudde der. Men fordelen med det er >>>

Kart    

Dronningstien

Dato:
02.08.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:00t
Distanse:
14,0km

I lang tid hadde me planlagt vestlandsferien, og med tanke på kva del av landet dette er snakk om, kunne veret ha vore så mangt fyrste veka i august. Men var så heldige som me kunne vore: strålande sol frå skyfri himmel alle dagane! No skal det seiast at då me køyrde langs Sørfjorden på veg til Kinsarvik, såg me låge skyer og noko som kunne minne om skodde som låg over toppane. Det uroa oss litt, og då me parkerte bilen på Røte og traska oppover grusvegen letta det ikkje akkurat. Skyene og skodda låg framleis og lurte då me gjekk over i terrenget, men i det stien svinga utover mot fjorden igjen, klarna det og me fekk strålande sol resten av turen. Og for ein tur Dronningstien er! Panoramautsikt langs Sørfjorden heile vegen. Fantastisk flott terreng å bevege seg i - det er >>>

Kart    

Skomakernibbå

Dato:
16.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
11,0km

Hjelmeland har mykje flott å by på når det gjeld turmoglegheiter, og turen til Skomakernibbå må truleg stå blant dei aller øvste på lista! Tur/retur frå parkeringsplassen på Hagalid er det omtrent 11 km, og turen går fram og tilbake same veg. Etter du har passert gårdstunet etter parkeringsplassen, går du fyrst på traktorveg oppover lia. Deretter skal du bratt opp i skaret til Økstrafjellet. Det er bratt, men ikkje så langt, så ta den tida du treng, og stopp og nyt utsikta som kjem til syne etter kvar som du stig i terrenget. Når du er vel oppe, kan du senke skuldrane, for no er det "strake vegen" over den flate heia bortover mot sjølve Skomakernibbå. Utsikta både innover Jøsenfjorden og utover Boknafjorden (om du snur deg og ser bakover) er formidabel! Sjølve >>>

Kart    

Bandåsen - Stavanger har fått ein fjelltopp!

Dato:
13.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
2,6km

Før kommunesamanslåinga i 2020 var Stavanger paddeflat, og mange vil nok hevde at det er byen fortsatt, men me har uansett fått oss ein topp som er høgare enn 500 mot: Bandåsen på Ombo! Med hytte på Halsnøy i Ryfylke, og Ombo som næraste "øy-nabo", så skulle ein kanskje tru at dette var ein plass eg hadde vore før, men nei, det var fyrst i juli 2021 at me tok ferja over sundet og køyrde til Seltveit for å gå til Bandåsen. Og ein kan verkeleg undrast over at eg ikkje har vore vore der før! For ein nydeleg liten tur! For ein topp! For ei storslagen utsikt! Det er ulike plassar ein kan starte turen til Bandåsen frå, og ein kan òg gå opp éin stad og ned ein annan om ein har to bilar. Me gjekk t/r Seltveit.

Kart    

Siggjo

Dato:
10.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
2,5km

Øya Bømlo i Vestland fylke har éin topp som ruvar høgt over alle dei andre: Siggjo! Ein laurdag i juli baud anledninga seg til å ta ein dagstur til Bømlo, og Augustus og eg nytta høvet til å gå til denne toppen som me hadde både høyrt og lese om. Frå parkeringsplassen langs fylkesvegen går du rett opp på merka tursti i terrenget. Og det går oppover heile tida. Eg opplevde stien som nokså krevjande å gå i pga masse røtter og store steinar, så eg vil tru at i vått ver må det ikkje vere heilt enkelt å gå der. Men for all del, det er ein flott tur - nydeleg natur og etter kvart flott utsikt bak deg mot Stord og vidare innover. Stien er òg svært godt tilrettelagt med bruer og kjettingar å halde seg i der det er aller brattast. Så all honnør og stor takk til dei som har gjort dette! Turen >>>

Kart    

Ikonet Preikestolen

Dato:
23.06.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:00t
Distanse:
12,0km

Eg hadde gått til Preikestolen eit par gongar tidlegare, heilt tilbake 90-talet. Ein kan sjølvsagt undrast kvifor eg ikkje har gått der sidan då, men det er vel ofte med slike turist-plassar me besøker ikkje dei som finst i eige nærområde. Men St Hans dette året fekk ei moglegheit som eg så absolutt ville få med meg: Båttur med Helgøy Skyssbåt innover Lysefjorden fyrst for så å bli sett av på Revså kai og gå derfrå. For ein magisk tur! Nydeleg terreng frå fjorden og opp til Revsvatnet, vakkert langs vatnet til andre sida og Preikestolhytta, og så til slutt den ekstremt flott tillaga turstien frå hytta og opp til platået! Det var ikkje slik på 90-talet! Men sjølve Preikestolen er fortsatt den same heldigvis, han heng fortsatt på kanten, og utsikta innover og utover >>>

Kart    

Lammanuten

Dato:
19.06.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:00t
Distanse:
12,0km

Aller fyrste feriedagen tok Augustus og eg ferja over Boknafjorden og køyrde til Tysvær for å ha eit lite chodsky-treff. Tre damer og tre hundar la i veg frå parkeringsplassen langs RV515 (like før Sandvik camping) med Lammanuten som mål. Det er ein flott tilrettelagt tur med gode, forseggjorte "bruer" over dei aller våtaste partia. Ein går på grusveg bratt oppover eit stykke før ein går ut i terrenget der det sakte men sikkert stig oppover mot varden på 620 moh. Utsikta skal visstnok vere flott oppå der, men det merka ikkje me så mykje til då skyene var låge og tunge. Men ein flott tur, det var det uansett!

Kart    

Barkafjellet

Dato:
18.06.2021
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,0km

Siste dag før sommarferien nytta me til å ta ein formiddagstur til Barkafjellet i Strand. Me køyrde Ryfast og sørover retning Jørpeland eit kort stykke før me tok av til Heia. På ein liten parkeringsplass før Tveit parkerte me og følgde merka turveg gjennom nydeleg kulturlandskap og lauvskog opp til Barkafjellet. Turen er på ca 2 km kvar veg, ein heilt passeleg formiddagstur med andre ord! Utsikta på toppen er nydeleg: Jørpeland ligg like nedanfor, bakover ser du bort på Kjortåsen og langt innover Ryfylkeheiane, og vestover ligg fjorden og Stavanger og havet. Heilt herleg!

Kart    

Håfjellet i Gjesdal

Dato:
06.06.2021
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:00t
Distanse:
8,0km

Eg må innrømme det, Gjesdal er ein kommune og eit område eg er svært lite kjend i. Kongeparken og outlet'en på Ålgård er liksom det eg har forbunde med Gjesdal. Men no har eg etter kvart skjønt at det er utallege flotte turområde her! Håfjellet er eitt av dei! Turstien startar ved Gjesdalhallen. Turen er merka, men det var litt vanskeleg å finne merkene på starten av turen då det var ein del anleggsarbeid og midlertidige gjerder då me gjekk, men etter litt leiting og aktivt bruk av kart, fann me att stien og kom oss ned til Flassavatnet og følgde stien her. Deretter bar det oppover i lia i lettgått og herleg terreng å vandre i. Og at utsikta på toppen er god, er heller ikkje eit minus! Me gjekk rundturen ned på "framsida" av fjellet forbi sauebeite i nydeleg kulturlandskap. Ein >>>

Kart