Augustus og meg på tur

Augustusogmegpaatur

(Medlem siden: 30.09.2021)
Webside https://www.instagram.com/augustuso
Land Norge
Konto Vanlig
Augustus er hunden av oss to: ein fem år gammal chodsky pes, verdens beste turkompis som fått fart i ho mor!
Meg er altså meg - ho mor, Bente: ei dame midt i livet som etter det såkalla hytteforbodet påska 2020 verkeleg oppdaga gleda ved å komme seg opp og ut! Eg har alltid vore glad i å gå tur, og Augustus og eg har gått masse rundt omkring i nærområdet der me bur i Stavanger.

Men då me blei heime i påska, fekk me med oss han far og tok for oss nokre av dei mindre toppane i distriktet. Deretter har det berre balla på seg, og det er litt ei lita "greie" for meg å nå nye toppar for kvar tur.
Så no, tidleg i oktober halvanna år seinare, er det blitt 75 forskjellige toppar på lista mi. Dei aller fleste er her i Rogaland, men òg nokre nordover på Vestlandet og ein og annan på Sør- og Austlandet òg.
Bilete frå turene våre finn du på Instagramkontoen vår: @augustusogmegpaatur

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.