Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (47)
-
Skitur (13)
- Fjellskitur (4)
- Randonnée/Telemark (9)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
"Peakbookvenner"
Søndre Folgefonna
- Dato:
- 10.05.2025
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 30:34t
- Distanse:
- 42,0km
Kommunetoppane i Kvinnherad og Etne
Kommunetoppane på Søndre Folgefonna har lenge stått der som eit mål. Dei fleste kommunetoppar vi har vert på har vi kunne tatt på sparket når vêret har vert bra. Denne turen derimot krever litt meir planlegging og timing for vår del!
For det første burde kalenderen vise rundt mai månad. Då har ofte snøven smelta eit godt stykke opp slik at ein kan ta seg opp den bratte stigninga til Gardshammerstølen med skia på sekken. Samtidig er det eit tjukt lagt med snø på breen på denne årstida, noko som gjer skituren på breen mest mulig trygg.
For det andre må det være bra vêr på ein laurdag og ein søndag for at vi skulle kunne ta turen.
For det tredje måtte vi få booka sengeplassar på Fonnabu.
Med desse faktorane tatt i betraktning var dette >>>
Leirhøe og Spiterhøe
- Dato:
- 14.04.2025
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 8:33t
- Distanse:
- 23,0km
Eg og Tonje fekk lurt med Britt og Svein på dagstur over til Jotunheimen for å bestige Leirhøe. Eg visste at det var litt tynt med snø rundt Spiterstulen denne sesongen, men dette hadde ikkje Britt og Svein sjekka opp i. Fyrste kommentar frå Svein når han steig sjokkert ut av bilen vart dermed "De e no ikkje snøv her??".
Det var heilt korrekt observert. Men dette var tatt med i beregninga. Planen var ski-på-sekk opp fyrste bakken mot Skautkampen og at det skulle bli betre føre der ifrå.
Etter litt ompakking og eit 2 minutters lynkurs i "Korleis feste ski-på-sekk" var vi klare for avmarsj langs stien mot Glitterheim.
Det er nok å foretrekke å kunne stå på ski heilt frå bilen, men det er og ein sjarm med turar som startar med ski-på-sekk. Vi får likevel håpe >>>
Høgeloft
- Dato:
- 12.04.2025
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 4:49t
- Distanse:
- 19,0km
Kommunetoppen i Lærdal og Hemsedal.
Første del av påska skulle startast i Hornindal. Vi tok ein omveng frå Bergen og opp dit via Lærdal og Hemsedal sin høgste topp, Høgeloft!
Med tidleg avreise frå Bergen og etter eit ladestopp i Lærdal sto vi i halv 11 tida klare med randonee ski på parkeringa ved Eldrevatnet.
Himmelen var blå og nesten skyfri i det vi starta turen langs kvistaløype i forholdsvis flatt terreng. Etter drygt 2km tok vi av frå kvistaløypa og vann gradvis høgde opp mot fjellmassivet.
Etter kvart nådde vi eit litt brattare skråparti kor ein rundar opp på fjellmassivet som sjølve toppen ligg på. Snøven var knallhard her, så vi var nødt å bruke stålkantane godt for å komme oss opp. Vi var no komt opp i nok høgde til å kunne skimte Hurrungane i nordvest.
Vidare >>>
Risnesnipa og Gygrekjeften
- Dato:
- 23.03.2025
- Turlengde:
- 7:10t
- Distanse:
- 17,3km
Etter ein hittil snøfattig vinter baud moglegheiten seg med godvêr til ei sein mars bestigning av kommunetoppen Risnesnipa.
Vi parkerte ved Hovland, med utsikt rett opp til Risnesnipa.
Eit par hundre meter langs vegen tilbake mot Hyllestad var sti-starten skilta.
Nær skoggrensa og opp til "ryggen" på Lihesten var det laga til med sherpatrapper. Desse slynga seg elegant opp det brattaste partiet på stien.
Frå toppen av sherpatrappa og vidare mot Risnesnipa var det innslag av gjennomsslagsskare, men det stakk ein del bart fjell opp som ein kunne spasere på.
Vi gjekk først til Risnesnipa SØ punktet som ligg rett ovanfor stupet ned mot Risnes, før vi fortsatte mot det høgste punktet som ligg ca. 800 meter lengre mot nordvest.
Sidan vêrert var så flott fann vi ut at vi skulle gjere >>>
Brusaknuden
- Dato:
- 09.02.2025
- Turlengde:
- 2:23t
- Distanse:
- 8,9km
Rogalandsekspedisjon
Signalhaugen
Eime
Kjerrberget
Tinghaug
Brusaknuden
Siste topp som skulle bestigast på denne Rogalandsekspedisjonen var Brusaknuden. Først tok vi en tur oppom Karten. Opp her gjekk det traktoveg heile vegen. Flott topp med veldig god utsikt utover Jæren. Dessverre har vind-mafiaen tatt godt for seg her. Vindtrubinar i alle himmelretninger. Det var så groteskt mykje vindturbina at det skar i hjartet..
Frå Karten skar vi mot søraust og kom inn på stien mot Brusaknuden. Vidare gjekk stien gjennom ein tett granskog og opp ei lita stigning før vi kom opp på ei flate som førte bort til siste stigning mot toppen.
Flott utsikt også frå denne toppen, både ut i havet og innover heiane, men dessverre enormt med vindturbina i horisonten også her.
Vidare gjekk vi innom "Høgaste Ponkte I Hå" som låg i sørsida til >>>
Tinghaug
- Dato:
- 09.02.2025
- Turlengde:
- 0:11t
- Distanse:
- 0,5km
Rogalandsekspedisjon
Signalhaugen
Eime
Kjerrberget
Tinghaug
Brusaknuden
Etter hotellfrokost i Stavanger satt vi kursen sørover mot Klepp til det som må være vår hittil enklaste kommunetoppbestigning. Frå parkeringa var det knappt stigning dei 200 horisontale metrane fram til toppen.
Sjølv om turen ikkje var så lang hadde den flott utsikt utover Låg-Jæren på ein heilt upåklageleg dag vêrmessig.
På Tinghaug står ein på historisk grunn då det ligg fleire gravhaugar rundt toppen. Plassen blei også som navnet tilseier brukt som Tingstad.
Etter denne korte turen reiste vi vidare mot Brusaknuden på Høg-Jæren.
Kjerrberget
- Dato:
- 08.02.2025
- Turlengde:
- 0:31t
- Distanse:
- 1,8km
Rogalandsekspedisjon
Signalhaugen
Eime
Kjerrberget
Tinghaug
Brusaknuden
Etter å ha komt i land frå Kvitsøy og besteget Signalhaugen for andre gang denne dagen satt vi kurs mot Sola for å bestige Kjerrberget. Vi parkerte ved ein barnehage og spaserte bort til foten av toppen. Frå her starta det ein sti som runda toppen på austsida før den gjekk opp til toppen frå nord.
Frå toppen kunne vi skåde sola gå ned i Nordsjøen bak Sola.
Dagen blei avslutta med ei god natts søvn på hotell i Stavanger by for å lade opp til dag to av ekspedisjonen!
Eime
- Dato:
- 08.02.2025
- Turlengde:
- 0:12t
- Distanse:
- 0,5km
Rogalandsekspedisjon
Signalhaugen
Eime
Kjerrberget
Tinghaug
Brusaknuden
Etter at vi kom ned ifrå Signalhaugen sendte vi ei melding til Edvin på Kvitsøy for å høyre om han hadde tid til å skysse oss ut til Eime neste dag. Han var dessverre opptatt neste dag, men han hadde tid i dag. Vi avtalte derfor at vi skulle komme ut med neste ferge og møtast på fergekaia. For å slå ihjel litt tid fram til fergeavgangen køyrde vi til Randaberg og kjøpte oss ein kopp kaffe på ein bensinstasjon.
Eime er den lågaste kommunetoppen i Noreg med sine 28 moh, men er ein av dei med mest logistiske utfordringar. Toppen ligg på ei øy utanfor Kvitsøy, så her trengst det båtskyss. Øya er stengt for ilandstigning frå 15.4 til 1.8 på grunn av hekkande fugl. I tillegg må ein ta ferge for å komme seg til ut til Kvitsøy. Flaks for oss at Edvin kunne >>>
Signalhaugen
- Dato:
- 08.02.2025
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:28t
- Distanse:
- 1,9km
Rogalandsekspedisjon
Signalhaugen
Eime
Kjerrberget
Tinghaug
Brusaknuden
Helga var satt av til bestigning av kommunetoppar rundt Stavanger. Her er det tett mellom toppane, og mange av dei er raske å bestige.
Etter tidlig avreise fra Bergen ankom vi Randaberg på formiddagen. Randaberg sin kommunetopp Signalhaugen ligg på ei høgde med landbruksområde på alle kantar. Eg hadde lest tidlegare turrapportar om folk som hadde besteget toppen frå vest sida der dei måtte spasere gjennom tunet til ein hissig bonde. Sidan vi er ganske folkesky valgte vi å bestige Signalhaugen frå nord då dette verkar for å vere ei meir diskre rute. Vi parkerte ved nokre arbeidsbrakker til Statens Vegvesen langs vegen mot fergekaia i Mekjarvik og traska mot toppen herifrå.
Vi gjekk først opp ein asfaltert bakke mot eit drivhus. Ved drivhuset tok vi av på ein >>>

