Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Snønipa

Date:
25.03.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
7:39h
Distance:
20.6km

Kommunetoppen i Sunnfjord og Gloppen. Første skituren i påska. Eg og Tonje møtte Henrik ved parkeringa på Høyset. Målet var sjølvaste Snønipa, høgste toppen i Sunnfjord og Gloppen kommune. Vi følgde den vanlige ruta langs kjerrevegen inn til Haugastøylen, og vidare opp til Hauagabreen. Breen var stort sett snødekt, med noke blåis som stakk fram på toppen av brefallet. Frå toppen av brefallet kunne vi sjå Snønipa og den lange motbakken som låg foran oss. Etter brefallet følgte eit flatt parti innover breen før vi tok til på den lange snøbakken opp mot Snønipa. Bakken verka for å aldri ta slutt, men til slutt sto vi ved foten av nuntaket Snønipa. Det gjensto no berre ein litt isete bakke før vi var på toppen. På toppen var det eit mektig skue utover Myklebustbreen, og vi >>>

Map    

Lomseggje 2000'metere på ski

Date:
08.03.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:37h
Distance:
39.2km

Langtur i Brehiemen til Storivilen, Moldulhøe og Hesthøe. Yr meldte om godt vêr aust om fjellet. Eg tok meg derfor ein avspaseringsdag og drog heim til Hornindal for å være klar til ein dagstur til ytterkanten av Breheimen. Planen var å plukke nokon av 2000 meterane på Lomseggje. På grunn av turens mange flate partier, lengde og antall høgdemeter valgte eg å gå turen med fjellski. Austlandet ønskte meg velkommen med ein fantastisk soloppgang på veg ut av Oppljostunnelen. Slike augneblink gjer strevet med å stå grytidlig opp om morgonen verdt det. I Lundadalen blei eg møtt av ein nedfrossen parkeringsplass. Hadde nok vert ein fordel med piggdekk her, men det gikk også greit med piggfrie dekk. Eg hadde gått i ca. 15 minutt då eg kom på at solbrilla var gløymt att i bilen. Eg kunne >>>

Map