Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (8)
- Backcountry skiing (3)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Trip by foot (30)
- Alpine trip (1)
- Hike (4)
- Hillwalk (25)
Peakbook-Friends
Lammanuten
- Date:
- 11.05.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:26h
- Distance:
- 11.2km
Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn.
Del 1: Klauv
Del 2: Dyrafjellet
Del 3: Lammanuten
Del 4: Boknafjellet
Etter ei kort ispause på Aksdal fortsatte turen mot Lammanuten, Tyssvær sin høgste topp.
Ved turstart var det tilrettelagt parkering.
Fyrste halvannen kilometeren gjekk på grusveg. Sola steikte no godt, og allerede i ein av dei fyrste bakkane møtte vi dagens fyrste av mange stålormar. Ormen, eller øgla som den egentleg er, låg på grusvegen og pilte ut i grøfta i det vi kom gåande.
Etter grusvegen gjekk det sti opp skogen til vi kom til eit myrparti. Her var det godt tilrettelagt med kloppar som gjorde turen over myrane meget effektiv og behagelig.
Etter myrpartia tok stigninga mot toppen til igjen. Her møtte vi fleire stålormar. Ei stund rasla det omtrent i kvar busk vi gjekk forbi. Total såg vi 4 stålormar. >>>
Dyrafjellet
- Date:
- 11.05.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 0:40h
- Distance:
- 2.0km
Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn.
Del 1: Klauv
Del 2: Dyrafjellet
Del 3: Lammanuten
Del 4: Boknafjellet
Etter turen til Kleiv køyrde vi vidare mot Dyrafjellet. Toppen ligg ikkje ute på Karmøya, men er det høgste punktet i Karmøy kommune.
Vi parkerte i ein lomme på E134 ved Toskatjørn. Herifrå var det skilta mot toppen.
Stien starta vått over ei myr, men tørka opp etter at myrpartiet var passert. Vi bruka ca. 20 minutt til toppen.
På toppen var det eit triogonometrisk punkt, og vi kunne sjå ned til Toskatjørnet.
Etter returen køyrde vi til Aksdal og kjøpte oss kvar vår is, før vi satt kursen mot Lammanuten.
Klauv
- Date:
- 11.05.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 0:47h
- Distance:
- 2.5km
Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn.
Del 1: Klauv
Del 2: Dyrafjellet
Del 3: Lammanuten
Del 4: Boknafjellet
Tur til Haugalandet for å samle kommunetoppar.
Fyrste stopp var kommunetoppen i Haugesund, Klauv.
Vi følgde turbeskrivelsen frå UT, og parkerte i krysset mot vannverket. Frå her fant vi stien til toppen på nordsida av hovudvegen.
Turen til toppen gjekk på tydeleg sti og tok litt over 20 minutt.
På toppen var det ein liten varde med ei postkasse og eit norsk flagg.
Haugesund låg skjult bak ein fjellås, men vi kunne sjå havet i vest.
Vel tilbake ved bilen køyrde vi vidare mot kommunetoppen i Karmøy, Dyrafjellet.
Lodalskåpa
- Date:
- 04.05.2024
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 12:37h
- Distance:
- 22.9km
Randotur til Vestlandsdronninga med Henrik og Ingrid.
Etter den varme våren var snøsmeltinga komt langt i Bødalen. Skia måtte dermed bærast til vi var over Fessene. Opp Fessene tok vi på stegjerna då det her låg igjen ein del snøv.
Vidare var det berre å trakke på opp mot Brattebakken, over Bohrsbreen og vidare opp mot Veslekåpa. Himmelen var skyfri og sola steikte.
Ved Veslekåpa knytte vi oss inn i tau, og gjekk i taulag fram til foten av Kåpa. Opp siste bakken mot Kåpa var isøks og stegjern til god hjelp.
Sist gang eg var på Lodalskåpa låg tåka tett rundt toppen og vi fekk kun sett korte glimt av utsikta. I dag var derimot forholda ganske annleis, og vi kunne skode utover Jostedalsbreen, Breheimen, Vestlandet og mot Hurrungane.
Returen ned bakkane til Fessene gjekk som ein >>>
Hardangerjøkulen
- Date:
- 01.05.2024
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 6:34h
- Distance:
- 22.8km
Kommunetoppen i Ulvik og Eidfjord.
1. Mai fri, ok vêrmelding og tid for tur!
Tok toget opp til Finse tirsdag etter arbeid, og la oss inn på Finsehytta. Her blei det et par lokalbrygga øl og tre retters middag med chilli concarne til hovedrett.
Planen for neste dag var å gå Jøkulrunden for å besøke dei to kommunetoppane oppe på Hardangerjøkulen.
Vi valgte å gå turen mot klokka for å få jevn stigning opp, og brattare nedkøyring.
Første del av turen gjekk over Finsevatnet, før løypa steig gradvis mot breplatået.
Oppe på breplatået møtte vi mange grupper som gjekk motsatt veg. Dei fekk medvind, medan vi fekk ein del motvind. Vi hadde derimot tima å spare det beste vêret til toppunktet, då skyene skulle sprekke opp på ettermiddagen.
Turen over breplatået baud på utsikt mot djupe >>>
Sollia
- Date:
- 27.03.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:15h
- Distance:
- 11.0km
Kommunetoppen i Herøy og Sande.
En liten tur ut på Gurskøya for å besøke dei to kommunetoppane som ligg her.
Turen starta frå Moltudalen langs grusveg inn til Mørkevatnet. Herifra gikk det sti vidare mot Sollia.
På toppen hadde det lagt seg eit lite lag med snøv. Det var knappe 100 meter mellom dei to toppunkta.
Frå toppen hadde vi blant anna utsikt bort til toppane i Molladalen.
Returen la vi rundt vestsida av Mørkevatnet, over Litledalshornet.
Snønipa
- Date:
- 25.03.2024
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 7:39h
- Distance:
- 20.6km
Kommunetoppen i Sunnfjord og Gloppen.
Første skituren i påska. Eg og Tonje møtte Henrik ved parkeringa på Høyset. Målet var sjølvaste Snønipa, høgste toppen i Sunnfjord og Gloppen kommune.
Vi følgde den vanlige ruta langs kjerrevegen inn til Haugastøylen, og vidare opp til Hauagabreen.
Breen var stort sett snødekt, med noke blåis som stakk fram på toppen av brefallet.
Frå toppen av brefallet kunne vi sjå Snønipa og den lange motbakken som låg foran oss.
Etter brefallet følgte eit flatt parti innover breen før vi tok til på den lange snøbakken opp mot Snønipa.
Bakken verka for å aldri ta slutt, men til slutt sto vi ved foten av nuntaket Snønipa. Det gjensto no berre ein litt isete bakke før vi var på toppen.
På toppen var det eit mektig skue utover Myklebustbreen, og vi >>>
Lomseggje 2000'metere på ski
- Date:
- 08.03.2024
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 10:37h
- Distance:
- 39.2km
Langtur i Brehiemen til Storivilen, Moldulhøe og Hesthøe.
Yr meldte om godt vêr aust om fjellet. Eg tok meg derfor ein avspaseringsdag og drog heim til Hornindal for å være klar til ein dagstur til ytterkanten av Breheimen.
Planen var å plukke nokon av 2000 meterane på Lomseggje. På grunn av turens mange flate partier, lengde og antall høgdemeter valgte eg å gå turen med fjellski.
Austlandet ønskte meg velkommen med ein fantastisk soloppgang på veg ut av Oppljostunnelen. Slike augneblink gjer strevet med å stå grytidlig opp om morgonen verdt det.
I Lundadalen blei eg møtt av ein nedfrossen parkeringsplass. Hadde nok vert ein fordel med piggdekk her, men det gikk også greit med piggfrie dekk.
Eg hadde gått i ca. 15 minutt då eg kom på at solbrilla var gløymt att i bilen. Eg kunne >>>